mandag 25. februar 2008

Forste bileta!



Daa har eg endeleg faatt lagt til nokre bilete.
Det overste er av huset eg bur i. Vinduet til rommet mitt er det nede ved forste trappetrinnet. Dora til venstre er inngangen.
Nederste biletet er fraa daa me samla kyr. Deb sitt til hest. Heilt til hogre ser du 'lemmen' opp til lastebilen.
Eit lite samandrag av kva eg har gjort dei siste dagane.
Torsdag sette eg opp lammingsbingar fram til lunsj. Brukte ein gammal Dodge pick-up til aa frakte lemmar fraa eine laaven til andre. Heim til lunsj kjorte eg paa highwayen for forste gang!
Etter lunsj hjalp me ein kalv som var fodd dagen for, aa suge. Det tok si tid, men etterkvart fekk den det til. Dei har ei innreiing spesielt for slikt. Kalven var ganske stor, Deb meinte han var den storste dei hadde faatt.
Etterpaa var me i andre laaven og adopterte vekk ein kalv som hadde ei mor utan mjolk, til ei som hadde faatt ein dod kalv. Det gjekk veldig greit. Kalven fann spenane kjapt, og kviga sto som ein prest. Ogsaa daa brukte me ei slik innreiing. Kviga fekk ei beroligande sproyte for me gjekk. Har ikkje hoyrt anna enn at adopsjonen gjekk greitt.
Paa kvelden viste eg dei bileta eg har paa pc'n min. Det etterkvart vanlege sporsmaalet dukka opp: er sostera di eldre eller yngre enn deg? Hehe, og svaret er bestandig: ho er sju aar yngre enn meg.
Har ein litt trasig forkjolelse, so fredag hadde eg ein forholdsvis roleg dag. Paa ettermiddagen skulle me paa ski med 4H-klubben. Paa veg dit kjorte eg den Dodge pick-upen til ein verkstad. Gjennom Belle Fourhe og greier. Det gjekk gulle godt.
Skitrekket heitte Deer Mountain. Eg leigde snowboard. Knoela skikkeleg i 'barneheisa', for det var slike runde plater til aa ha mellom beina. Funka daarleg med snowboard, iallfall for meg. So tok stolheisa i staden. Og stolheis er skummelt nok med sikkerhetsboyle, men her var det ingenting slikt! Men etter eit par turar gjekk det heilt greit. Verken prepareringa eller belysninga var imponerande, men hadde ein fin kveld. Til slutt var det ballongslipp der kvar ballong hadde eit nummer. Eg vann eit slik "skru-teiknebrett", som ikkje verka skikkeleg :P Deb var veldig flink aa presentere meg. Fekk sporsmaal om kva for skule eg gjekk paa. Dei rekna med eg var ca 17 og gjekk paa high school, hehe.
Laurdag var daa me var aa henta ein flokk kyr. Seinare jaga me sauane inn i lammelaaven. Ei hadde lamma. Brukte rundt to timar paa aa faa tak i ho og faa ho inn. Eg var "vegpassar", so eg hadde ikkje so mykje action. Men Deb maatte til slutt fange ho med tau iallfall, fraa hesten.
Sondag baka me og sorterte sauer, som eg allereie har fortalt om. (Det som saag ut til aa verte eit blaamerke vart berre eit saar. :) )
I dag har det igjen vore ein roleg dag for meg, sidan veret gjorde at det ikkje vart saueklipping. Har fora litt dyr her heime, og baka litt. (og kjeda meg litt...). Fekk noko forkjolelsemedisin av Deb, som faktisk virkar, for vart daarlegare naar det var tid for ny dose. Faar haape den ikkje er altfor skummel.
Satsar paa at det vert saueklipping i morgon. Treng litt action no. Er ikkje her for aa sitte inne. Men slik er det naar forkjolelsen slaar til..
Take care!

2 kommentarer:

Svanhild sa...

Hei
Kjekt å sjå korleis det ser ut der borte, flatt som ei pannekake?! Har ikke noe "prangende" hus akkurat, enkel "husbank". Ser ut som det e like "mykje" snø der som her i Julsundet.
Blir sikkert en opplevelse å være med på saueklippinga! Misunner deg litt alle de nye opplevelsene.
Klem fra oss 3 i Stormyra 3

Mamma&Pappa sa...

Hei
Det er artig at du skriv så mykje, slik at me kan følgje med på kva du gjer.Håper du er bra av forkjølelsen.Kor går det med bilkjøpet?Her er nå alt som vanlig.Ha det bra.
mamma