No er det onsdag føremiddag her. Fekk ei uforutsett pause, so då nyttar eg mulegheita til å skrive litt i bloggen.
I går fekk eg kjøpt eit stikkontaktadapter m/konverter, so no har eg fått lada opp kameraet og pc`n! Jippi! Eg fekk til og med 10 dollar avslag når eg kjøpte den. So no er plana å skrive blogginnlegga på min pc og bruka deira sin til å legge dei på nettet. Får bruke heile alfabetet og slepp at i`en automatisk forandrar seg til I.
Tidlegare i dag puncha eg inn haustvektene til kyrne, på excel. Dei vog frå ca 450 kg til ca 700 kg. Her brukar dei pound. 1 pound er ca 450 gram. Seinare skal Craig vise meg korleis ein legg inn desse vektene i eit eller anna program.
I går var eg med og tok bilete av kvigene og oksane, til salgskatalogen. Deb var fotograf og eg var sekretær og oppmerksomhetsfangar. Bileta av oksane vert tekne frå sida, med hovudet retta framover. Magen skal helst vere litt sid, ikkje oppknept, og den næraste bakfoten skal stå litt lengre bak enn den andre. So det vart mykje vifting med armar og skriveblokk, plystring og nynning. Alle oksane, utanom ein var greie. Ein kom i fullt firsprang mot meg, so min første tanke var; ”næraste gjerdet!”. Men det var visst feil taktikk, det funka mykje betre å gå mot han…
På kvelden spela Callie og eg spel. Gjett kven? og damm. Smart tiåring må eg seie, men også litt sta og ærgjerrig :)
Sidan eg kom har temperaturane lege 3-4 grader over og under 0. Her brukar dei Fahrenheit, men temperaturmålaren i eine bilen viser celsius og, so eg har fått følgt med litt. Det er litt snø, men ikkje slik at det dekker. Det har vore ein del vind i det siste, men sola er stort sett framme og varmar noko.
Saueklippinga skulle eigentleg byrje førstkommande laurdag. Men i går ringte klipparen og sa at dei ikkje kom før på måndag… Deb og Craig var ikkje mykje blid for det.
I morgon skal eg starte og sete opp lammingsbingar. Lamminga startar ca 29.februar. Då skal ca 300 av sauene lamme.
Det er sant at i Amerika er alt stort! I går var eg med å handla mat, so nytta anledninga til å kike på alt det rare du kan få kjøpt. Det som tok kaka var sennep med Jack Daniel`s whiskey! Like bak kjem ”smakstilsetning” til grillrøyken.
Det aller meste er i større forpakningar enn heime i Noreg. ”Halvlitersflaskene” med brus er 591 ml, mjølka er i 2 liters kanner, is får du kjøpt i 4,25 liters bøtter, og 4,5 kg kjøttdeig snabbar. Til og med kjøttpåleggskivene er tjukkare.
Elles er det veldig mykje ”søtmat”. Kaker, bollar, søtpotetstuing med marshmallows-topping, osb. Det reklamerast på produkta at dei inneheld lite feitt, men sukkeret trur i ikkje at det er spart på.
Mykje er slik ein har sett på film, hehe. Alle dørhandtak er runde, gasskomfyr, tjukke vegg-til- vegg-tepper, vattepper i staden for dyner, doble ytterdører (ikkje overalt) og kjøtt til middag.
Har fått høyre frå fleire at i ser yngre ut enn i er. På måndag var ei dame frå Tri-State Livestock News innom og diskuterte reklame med Deb. Og ho synst i såg ut som i var 14 år… Greitt nok å sjå ung ut, men…hehe. Huska godt den gongen i var 11 år og vart teken for å vere 14. Det var nok større stas då.
Trappa ned i kjellaren er veldig glatt, so ikkje bli overraska om det kjem rapport om eit fall ned den trappa, i løpet av tida mi her.
Det er frykteleg rart å tenkje på at i er omtrent på andre sida av jorda enn dere der heime. Av og til er det veldig veldig lenge til desember. Andre gonger er tanken på alt i skal oppleve veldig veldig kjekk.
Håpar dere har det bra der heime!
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
2 kommentarer:
Det er ikke så lenge til desember faktisk. Vips så er den her :) Tror at "hjemlengselen" går fort over, for når det blir travelt har du nok å gjøre. Da rekker du ikke å tenke på oss i kalde nord. Stoor klem!
Hei,he ordna slik at Mamma& Pappa kan legge inn kommentarer.
Du må da ta det som eit kompliment, men det var da ikkje måte på kor ung dei trur du er der borte.
Pappa lure på du fer lære å rygge med hestehengern som står på Dodgen?
Men i lure på kass traktora dei he på garæ? E dei kjøle stor dei au slik som kjøttdeien?
Hilsen Bror:)
Legg inn en kommentar