søndag 24. februar 2008

Liten rapport

Her er det sondag ettermiddag no. Har baka og styra ein del i dag. I morgon skal dei klippe sauene, so trengs ein del mat til alle folka.

Har gjort litt meir spanande ting i dag og. I gaar tok me sauene inn i lammelaaven. Og i dag sorterte me ut bekrane. Trur det var ca 320 soyer og 24 bekrar. Det byrja ikkje so bra; porten og sauane bevega seg fortare enn meg... Blaamerke i panna og naseblod. Alle kom paa rett plass til slutt.

I gaar var eg litt "ekte cowgirl" ;) Nokre av kyrne gjekk paa eit beite eit stykkje herifra. Me samla dei med hest og lasta dei paa ein lastebil. Ei av kyrne haddebyrja aa kalve. Naar me kom heim med dei drog Craig ut kalven, som var dod. Han sjekka og kjente ingen fleire kalvar, men i dag tidleg viste det seg at det var ein til der likevel, men han var og dod.

Westernsalen var himmelsk aa sitte i. Men har ikkje heilt 'teken' paa toylene enda.

Har meir aa skrive, men maa straks gaa. Skal kjore bort all maten til "the Ruby place". Det er der klippinga og lamminga skal foregaa. Det er eit par kilometer herifra.

Naar det gjeld ville dyr er det nesten som aa vere paa Hoem :) Har sett baade fasan, kalkun, antilope, raadyr, hjort og hare.

1 kommentarer:

Åse Katrin sa...

Skulle likt å se fasan, kalkun og antilope på Hoem :)

Blåmerke og naseblod, ka e det du hell på me? Du må ikkje skade deg slik, korleis klarte du det da.. hehe.. Det regna eg med er ei god historie :)