Syns i grunn eg har vore ganske flink til aa legge meg i rimeleg tid. Ja, faktisk mamma ;)
I dag har Toby vore her aa stelt hoevane paa hestane. Eg fann ein del flaatt paa hestane. Dei er ganske lik vaar flaatt, men har diverse moenster paa ryggen. I fjor hadde dei eit storangrep av flaatt paa sauane, og mange strauk med. Trur Deb og Callie var sjuk ei stund og.
I gaar var Deb og eg “up north” og henta alle hestane, so no er det 10 hestar her. Den 11. er til innridning. “The North place” ligg vel ein halvtimes koyretur herifraa. Det er der dyra gaar paa beite om sommaren. Det er beiteland saa langt du kan sjaa paa alle kantar. Deb kunne fortelje at somme dagar startar dei aa ri om morgonen, og rir heile dagen.
Hoyrest ikkje so verst ut det :)
Me sjekka avlsoksane og, naar me var der. Naar dei oppdaga pick-upen kom dei springande, med haap om “cake”. Og det fekk dei, av meg fraa lasteplanet, medan Deb koyrde. “Cake” er eit slags kraftfor, forma som store pellets, paa storleik med ei Gilde ostegrillpolse, eller noko slik.
Etter lunsj i gaar var det tid for bilteoritesten min. Den gjekk rett so bra. 25 sporsmaal, 1 feil (kunne ha max 5). Daa eg kom dit fekk eg beskjed om at eg maatte ta ein koyretest og…
Men den var ikkje mykje aa kvie seg for! Me koyrde i ca 10-15 minutt, rundt i gatene i Belle Fourche. Koyrde Deb sin bil, Dodge Ram 3500.
So no er “South Dakota-lappen” i boks, og eg kan byrje aa kike seriost etter bil.
1.paaskedag var eg aa kika paa ein Buick Park Avenue. Den var billeg, men sleten, so sa til seljaren at eg ville kike paa fleire bilar foerst. Har ringt (dvs Deb) paa eit par bilar. Ford Tempo visste eg ikkje at eksisterte, men den var solgt. Muleg me skal kike paa ein Chevy Corsica, men kvite bilar er jo ikkje mine favorittar…
Kom ei bilannonseavis i posten i dag. Mykje interessant der! :)
Den som lever faar sjaa kva eg endar opp med ;)
I gaar kveld var me paa konsert med ei gruppe som heiter ‘Riders in the sky’. Det var 4 “halvgamle” karar som spela countrymusikk og prata tull, hehe.
1.paaskedag ser ut til aa vere dagen dei feirar paaska her. Me hadde eggjakt, der me leita etter egg Chase hadde lagt ut i hagen. Egga var hardkokte og tidlegare i veka hadde me lagt dei i diverse fargebad. I den anledning viste eg dei korleis me dekorerar paaskeegg i Noreg. Bleste ut og maala paa to egg. Me hadde det rett so artig med aa blaase ut egga!
Etter eggjakta var det tid for aa leite etter ‘paaskekorga” vaar. Deb hadde laga til ei korg til kvar, som Chase hadde goymt ute rundt huset. Mi var inni hundehuset.
Etterpaa var det kalkun til middag.
Paa foeremiddagen skulle eg koyre Cliff til kyrkja, det vart til at Callie og eg vart med. Eg tenkte det kunne vere interessant aa sjaa korleis det var. Men sorry Hilde; har ingen frodige gospelsyngjande afrodamer aa rapportere om. Det var ei ‘First Baptist Church”.
Foerste gongen Cliff skulle til kyrkja koyrde Deb han til den katolske kyrkja, sidan han svara ja naar Deb lurte paa om han var katolikk. Naar ho plukka han opp etter gudstjenesten so fekk han forklart at han ikkje var katolikk, men First Baptist. Slikt som kan skje naar ein ikkje kan spraaket so godt endaa, tydelegvis, hehe.
Paa tirsdag kom det ein som ville selje flyfoto av garden, innom. Han hadde ei oldemor fraa Noreg, som heitte Gunda. Og han kunne “I Jesus namn gaar vi til bords”.
Kika forresten i telefonkatalogen her ein dag. Der fann eg baade Harstad, Birkeland, Farstad og mange Larsen, Olsen og Hansen. Og i ei avis saag eg ei annonse fraa Lindseth Ranch. So det har vore mykje nordmenn i omraadet!
Til Roy Sivert: du veit den lastaren eg prata om. Paa tirsdag provekoyrde eg den, artig sak J
Til dykk andre; det er meir som eit lessapparat/klo med hjul og motor. Svingen er paa bakhjula, so den snur ikkje akkurat paa ein femoring.
Paa onsdag vart alle oksane som skal seljast fertilitetstesta.
Foerst maalte dyrlegen omkretsen paa ‘ballane’. Her er det storleiken som teljer, hehe.
So sjekker han at alt er som det skal inni oksen.
Deretter kjem det litt spesielle, oksen faar ein torpedoforma sak plassert i ‘raua’. Gjennom den sender dyrlegen elektriske impulsar for aa stimulere oksen til aa gje fraa seg ei spermprove (for aa seie det paa den maaten). Spermprova vert sjekka i mikroskop foer oksen faar sleppe ut fraa ‘fangboksen'.
Her er eit bilete av meg, teke av Callie. Trur det er fraa den foerste veka mi her. "The red barn", bygd i 1908, i bakgrunnen. Der bur kopplamma "mine". Heilt i bakgrunnen ser du verkstedet. Der har dei system, pappa! ;)
Den foerste maten eg byrja aa sakne var brunost. Men Craig seier det skal vere ein skandinavisk butikk i Rapid City, so det er haap :)
Saknar den daglege dosa med sjolvbaka brod med geitost og heimlaga sylte…
Deretter var det kokfisk eg sakna, so fiskebollar, og det siste er at eg har byrja aa faa lyst paa oel… Men akkurat det er jo slikt som ein kan gjere noko med, verre med lettsalta torsk og steinbitkarbonader fraa Kolbjorn Hansen :)
Men naar det er sagt so er maten her i huset heilt topp! Sjolv om det kun er kjott…
I dag sorterte me kyrne igjen. Eg rei ein anna hest enn eg har gjort tidlegare. Likte den eg rei i dag veldig godt, so haapar paa at den vert min faste hest. Den heiter Big Enough og er den minste hesten, so treng ikkje slite so veldig for aa komme meg opp ;)
Foelte meg meir som ein gjetarhund i dag naar me henta inn kyrne; att og fram bak kyrne for aa faa dei til aa gaa.
Brukte og hesten for aa hente ut kyr fraa ei innhegning, so folelsen av aa vere rett cowgirl er so absolutt til stades ;)
Har det veldig bra for tida, einaste minuset er tomt batteri paa kameraet...
Hade godt folkens!
1 kommentar:
Heia!
kjekt å føl me korleis du he d der borte, spennende me bilde å slik. kan skjønne at du bli lei tå bære kjøttmat, men d e nå kun for ett år da.
Ka bruka dei na lastarn mæ hjul t?
kan fjell løvå sammenlignas me ei stor gaupe?
me he lånt escortn din litt, marita synsn e go å kjære :)
no e påskå færdi, å me he t o mæ gått på ski æt par gonge!
me driv nå å ser på flybillett prisa, å kjem mest sannsynli bortover dei to siste veken i september. viss du he løst på besøk da:)
hilsen marita & roy sivert
Legg inn en kommentar