onsdag 19. mars 2008

Litt meir... :)

I gaar maatte Deb ha data'n so rakk ikkje skrive so mykje, men rakk det viktigaste :)
So i dag kunne eg faa beuke nettet litt etter aa ha fora kopplam.

Foringa av kopplam er noko eg gjer 3 gonger for dag no. Dei veks og trivast, og har byrja aa miste halane sine...
Det er eit og anna lammet som faar lungebetennelse. Nokon overlever og nokon doyr. Forrige veke fann eg eit dodt lamm naar eg tomte ein forhekk, det var ikkje so hyggeleg. Syns eg har vore flink aa sjekka forhekkane foer eg har hatt hoy oppi, men no er det jo ikkje berre eg som forar.
Hoyet dei brukar er alfalfa. Det er ein del annleis enn hoyet me brukar i Noreg. Sauene et berre blada og let stilkanae vere igjen, og dei fjernar me naar forhekkane byrjar aa verte for full.

Paa fredag hadde eg fri heile dagen. So daa nytta eg annledninga til aa ringe heim. Var heldig og traff paa alle saman :)
So sykla eg inn til Belle Fourche. Det er ca 9,5 km dit, og det tok ca 35-40 minutt.
Hovudmaalet var aa faa bytta straumkonverteren min. Det gjekk greit, men meir om den seinare...
Kjopte meg lunsj; sjomatsalat. Forste smaken av fisk sidan eg kom, so det var godt!
Belle Fourche har opptil fleire antikkbutikkar, men kika ikkje inn. Provde nokre dongribukser, for aa sjekke kva min storrelse er i det systemet dei har her. Kjopte ingen, utvalget er nok betre andre stader. Det var mange hyllemeter med cowboyboots i denne butikken, men alle utstillingsmodellane var i str 9,5 so provde ikkje nokon.
Var innom ein gavebutikk, og der kjem eg nok til aa legge igjen nokre dollar i lopet av aaret... Dei hadde mykje stilig, men har plenty av tid, so kjopte ikkje noko denne gongen.

Til Roy Sivert: Dei har ein International ogsaa. Men den er heller ikkje stor :)

Den siste veka har det gaatt mykje i foring av kopplam og opprydding i lammelaaven og slik. Men har ogsaa vore med aa vegd nye kalvar og merka dei. Dei graverar nummera paa sjolve, paa plastikkoyremerke.
Me har sortert kyrne igjen ein gong sidan sist. Og ridninga gaar betre for kvar gong, men er lenge igjen foer eg er nokon rett cowgirl :)
Eg har og rekna ut dagleg tilvekst paa oksane mellom dei to siste vegingane. Den ligg mellom ca 2 og 6,5 pound, altsaa mellom 1 og 3 kilo. Dei fleste laa paa mellom ca 1,35 kg og 2,2 kg.

So var det den straumkonverteren. Den forste slutta plutseleg aa virke. Den andre sa poff! og so rauk det og lukta brent....! So har ikkje mykje lukke med den... So faar sjaa kva som skjer med den saka. Har framleis batteri paa kameraet, men det varer jo ikkje evig...

Tenkte aa legge ut bilete no, men no er det paa tide aa ut og jobbe so det faar vente til neste gong, kanskje i kveld :)

Hade bra so lenge!

4 kommentarer:

Åse Katrin sa...

Hei! Så kjekt å høyre at alt er bra der borte! Greit med fine opptateringar. :) Skal helse frå Pål forresten :)

Anonym sa...

Her er Øystein og Synnøve som sit og les bloggen din... Du får oppleve mykje spennande! Flott at du trivst!

Anonym sa...

Hei!
Har leita litt på "69 ranch angus" og kom til ei side, Sitz Angus, med bilde av familien du bor hos. Er dei angus oppdrettere i 3. generasjon eller... Tror i fann adressa til ranchen, så no skal i på Google Earth å sjå om i fer zomme deg inn.

Anonym sa...

Hei igjen.
Det var bare i som glemte å skrive kem i hva!
Tante Svanhild