No er det laurdag ettermiddag her. Fekk fri etter lunsj i dag.
Paa tirsdag vart sauene klipt. Eit crew bestaaande av 5 klipparar og 3 hjelparar var innleigd.
Klippinga foregjekk paa ein skaphengar, der eine langveggen var open. Sauane kom inn i innerste hjornet paa eine kortveggen. Der gjekk dei paa ei hylle, som klipparane plukka dei ned fraa. To av hjelparane samla i hop sauefellen og kasta han utover paa eit av 2 store runde, svingbare, bord framfor hengaren. Paa bordet vart ulla sjekka. Den “godkjente” ulla vart pakka i sekker, ved hjelp av ei hydraulisk presse.
Foer lunsj var min jobb aa hente inn sauar fraa innhegninga i loa. Henta 15-25 i slengen, som etterkvart vart sendt i ko mot hengaren.
Etter lunsj viste dei me korleis dei samla sauefellen og kasta den paa bordet. Det saag litt avansert ut forst, men eg fekk det til ganske kjapt :)
Sidan saueklippinga har det stort sett gaatt i lamming. Sauane gaar ute i ei innhegning ved lammeloa paa dagen. Etterkvart som dei lammar tek me dei inn i lammingsbingane i loa. Det er vel mest tvillingar som vert fodd. Det er visst sjeldan dei har firlingar, men i aar har det vore opptil fleire sett.
Mor og barn staar i lammingsbingen i 1-2 dagar. Daa vert dei flytta i lag med andre sauer med samme antal lam. Og etterkvart heilt ut.
Syntest alle sauane hadde so kort hale, men tenkte ikkje so hardt over det. Men naar det byrja aa komme lam skjonte eg fort at dei korte halane ikkje var naturlege… Alle lamma faar ein stram strikk rundt halen, like bak der huda sluttar og ulla byrjar. Etterkvart vil halen doe, og dette av. Heilt vanleg her tydelegvis, men slikt er ikkje lov i Noreg, heldigvis… I tillegg faar alle bekrelamma ein likeeins strikk rundt ballane. Det gjev uttrykket doedball eit nytt innhald… Dei skjer ogsaa av ein bit av eine oyret paa bekrelamma, for aa lett kunne sjaa forskjell paa bekrelam og soyelam seinare.
Dagane mine byrjar kl 07. Det vil seie, daa stovsugar eg gangen og kjokkenet i huset, og stort sett ryddar paa kjokkenet medan eg ventar paa Deb.
Naar eg kjem til lammeloa om morgenen skiftar eg vatn i alle lammingssbingane og gjev dei hoy. Og so gaar det i aa sjaa etter “lammeklene” sauer, ha paa jod paa navelstrengen paa dei nyfodde lamma, fli lammingsbingane etterkvart som dei vert toemt, flytte sauar, hjelpe Deb aa merke dei.
Etterkvart som lamma faar strikkane paa seg vert modrene merka med blaa maling paa venstre skulder, og mor&barn faar trykt (ogsaa det med maling) eit felles nummer paa ryggen.
Lunsjen, det me ville kalle middag, har me i 13-tida stort sett. Paa ettermiddagen er det ny runde med nytt vatn og hoy.
Dagane mine sluttar som regel i 19-tida.
Torsdag drog Deb og eg til Rapid City etter lunsj. Eg var og ordna med soknaden for Social Security Number (personnummer). Kontoret var oppe i andre etasje, og trur det kun var heis opp. Iallfall so stengte den heisa kl 16, so der var det ingen kjaere mor om du kom litt for seint, hehe. Alle papira var i orden, so sokinga gjekk greitt.
Etterpaa drog me paa ein stor bruktbutikk (Pac Rat Palace). Der hadde dei alt muleg, men mest klede. Mellom anna ein genser Kristin kunne “likt”; rosa med skrifta ‘What kind of girls do Jesus love?” (eller noko i den dur), hahaha! Deb skulle ha tak i gardiner for svigermor si og litt forskjelleg. Me vart gaaende der ei stund, so i fann no noko smaatteri eg og.
Kjopte oss mat paa “Applebee’s”. Det var eit ganske so koseleg resturantkonsept. Innom aa handla paa “Sam’s club”, som var ganske likt Tybring Gjedde. Altsaa berekna for store innkjopskvantum, og forpakningar og slikt var dermed deretter; stort! Mellom anna glas med Aspirin storre enn halvliters yoghurtbeger i Noreg.
Til slutt var me paa ein butikk a la Byggmakker. Kjopte meg lommekniv, som eg har hatt god bruk for sidan, og nye arbeidshanskar, for har allereie slitt hull paa dei eg hadde med meg.
So var det aa skyndte seg paa flyplassen og hente den andre traineen. Han heiter Cliff, er 24 aar og kom fra 40 varmegrader i Brasil. So han syns det var ganske so kaldt her ja, med 5 varmegrader. Engelsken hans er so som so, so har ikkje prata so mykje med han endaa, men han verkar triveleg og han ser ut til aa ta ting fort. Han skal ikkje bu i lag med familein, slik som eg, men i eit hus paa “Ruby place”.
Fredag kom den forste vanskelege lamminga… Me fekk ikkje lammet ut. Keisarsnitt vart vurdert, men slikt kostar gjerne meir enn sauen er verdt. So i dag tidleg forsvann den sauen…
Paa kvelden var me aa saag Callie opptre pa “kulturhuset”. Ho sang ein medley fraa “Sound of music”. Veldig flink! Det var diverse innslag med dans, sang og musikk, dei fleste av barn&ungdom. Mellom anna ein fireaaring som imiterte Elvis! Noko til greier altsaa, hihi!
Det er faktisk litt cowboyhattar aa sjaa, og ein god del cowboystovlar :) Ellers er klesstilen ganske lik den norske trur eg, iallfall hos ungdommen.
Ute aa aat etterpaa, i lag med foreldra til Deb og Craig. Stefaren til Deb har norsk far (som er dod no), so han kunne litt norsk, og var rett festlig ellers og :)
Han har forresten bursdag i dag, so me hadde bursdagskake til dessert i dag.
Paa veg fraa “kulturhuset” (the rec center) til resturanten satt eg paa med Deb, som vart stoppa av politiet faktisk. Deb kjorte litt for fort , og med politibil rett etter oss vart me stoppa. Men politidama var snill, vart ikkje bot. So daa har eg opplevd det og faktisk.
I ettermiddag fekk eg daa fri, sidan dei var so godt hjelpa i dag. Lurer paa ta meg ein sykkeltur etterpaa, kanskje inn til Belle Fourche.
Etterkvart vert det bilkjop paa meg. Men forst maa eg ta ein teoritest, for aa faa “South Dakota-lappen” (billigare forsikring daa) og no er me so opptatt med lamminga, so det vert ikkje riktig endaa. Men har jo kjort litt bil til no, det vil seie pick-up. Trur eg har kjort 6 forskjellege til no! Ser litt paa bilannonser i avisa, og steike!, bil er mykje billigare her enn i Noreg. 1-3 aar gamle store fine bilar til under 150 000 kr. (Til Asbjorn: 1971 Mustang Fastback, 351 Cleveland Auto. Needs bodywork. Comes w/ parts car. $4500.)
Forkjolelsen har vorte mykje betre. Har framleis ikkje faatt tak i ny straumkonverter. Veldig synd at batteriet paa kameraet er tomt, men men. Det vert ny og storre lamming i mai, so dei som ventar paa bilete av sote smaa lam faar vente til daa :) Men skulle gjerne hatt bilete av eit lam som var fodd me rare framfota (eit eller anna rart ved skuldra eller noko, “gjekk” paa heile foten).
No har vel sola komme heime og?!!
Hade bra!
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
5 kommentarer:
Hei
Det var godt å høyre frå deg att,nesten ei veke utan ein notis,men rekna med at du hadde mykje å styre med.Forstår det er litt andre måtar å gjere saker og ting på.
God natt.
mamma
Hei!
Nå høres det ut som du trives godt, og har noe å gjøre stort sett hele dagene. Det er bra! Her går ting sin vante gang, jobb, jobb, jobb.. Har jobb ut april nå :)Håper du klarer teoritesten med en gang, sikkert ikke helt samme krava som i Norge kan jeg tenke meg..
Klem Åse Katrin!
Hei!! Kjekt å følge med deg "over there". Asbjørn er absolutt ikke missunelig, og har absolutt ikke lyst på en slik bil... Han lurer på hvor mye du skal ha for å sende den over hit;) Håper du har det bra og koser deg masse!! Hilsen Maria, Asbjørn og Anders!
Heia !! Herlighet, så flink du er til å skrive om ALT og så artig at du skriv så mye! Det med strikk rundt ballene var ille synes jeg, og amerikanere som snakker om sel- og hvalfangst som dyreplageri.... -gå hjem å vogg`a!! Synes det høres ut til at du er en av gjengen og at du trives bedre og bedre der borte, og det er godt å høre!! Her hjemme er det lite nytt og derfor er det flott med litt action fra "over there". Take care, snakkes! Klem fra Tone Beathe
hello sunsrping,,, nice to see you, to see you nice..
våren er her, hatt nien skikkelige fine dager denne uka,,
rart det der i grunnen, i forrige uke måke vii snø og nå er det knopper på trærne... herlig
Legg inn en kommentar