onsdag 12. mars 2008

Livsteikn!

Tida har byrja aa gaa fort!
Plutseleg er det 12 dagar sidan eg skreiv i bloggen, og i morgon har eg vore her i 4 veker! Det er 1 av 9 mnd det…!

No er lamminga over for denne gong. Muleg det er 1 sau att, men me er ikkje sikre paa om ho har lamma eller ikkje.
Det har vore nokre slike tilfelle. Somme sauer “tek” andre sine lam foer dei har lamma sjol. Her kallar dei slike sauer for “granny”, paa norsk kallar me dei tanter. Det har resultert i nokre vittige situasjoner. Som daa eg oppdaga eit nyfodt vaatt lam i ein lammingsbinge, der det var 3 toerre lam fraa foer. Eg gjekk aa sa fraa til Deb, og naar me kom tilbake laag det eit femte lam der og. Altsaa hadde denne sauen vorte sett i ein lammingsbinge med eit sett trillingar ho hadde stjelt. Det viste seg at det var ei soeye som hadde lamma, men som mangla lam. So daa vart det mysteriet loeyst.
Sidan har Ken lurt paa om eg har funne ei soeye med 6 lam :)
Ken er ein artig kar. Han er rundt 70 eller 71 aar trur eg, og har jobba for Craig og Deb sidan 1989 eller 90. Han har alltid ein vits eller ei skikkeleg rovarhistorie paa lager.

Sidan sist har det gaatt mest i lamming. Men har faktisk vore paa saloon: The Branding Iron Steakhouse and Saloon, i anledning bursdagen til Deb sin stefar.
Maten ser ut til aa verte servert litt annleis enn eg er vant til. Foerst faar me salaten, sidan kjem kjottet og ‘side’ (t.d. pommes frittes, som heiter french fries her). Eg hadde bestilt ‘mixed vegetables’ som ‘side’, men dei var ikkje mykje aa skryte av. To spiseskeier med dvask og lunka “djupfryt gronnsaksblanding”. So faar prove noko anna neste gong :)

Har kika i eit par landbruksutstyrskatalogar, og dekken for sau og geit ser ut til aa vere ei lett tilgjengeleg vare. Vil tru du maa leite lenge for aa finne det i Noreg. Men det er kanskje meir vanleg aa ha dyreshow/utstillingar her. Dekkena var iallfall for aa beskytte mot skit og slik , foer ‘shows’.

Har ridd to gonger sidan sist. Begge gongane har me samla kyrne som gaar paa eit beite her ved huset, og deretter sortert dei. Dei som er berre nokre dagar fraa aa kalve vert sett i ei innhegning medan resten faar ut paa beitet att.
Ridninga gaar betre og betre. Men antrekket er nok ikkje so cowgirlaktig som dere kanskje ser for dere: Madshus skibukse og Univern termojakke. Hehe!

I gaar vart det fodd eit tvillingpar, som eg var med aa frakta inn. Det har vore opptil fleire tvillingpar hittil. I dag maatte Craig dra ut ein dod kalv. Det var visst det tredje (trur eg) tilfellet i det siste der store fine kalvar har dodd berre dagar foer termin. For aa faa sjekka om det kan vere ein spesiell grunn til det tok Craig proeve fraa morkaka, og fraa kalven i dag, og sendte til veterinaeren.

I lammelaaven har det gaatt mykje i foring av kopplam, reingjering og stroeing av binger, flytting av dyr og foring/vatning. Men har og faatt sett sproeyter og dratt ut lam. I dag provde eg for forste gong aa sette paa strikk paa ballar og hale, og skjaere av ein bit av oeyret. Heldigvis skreik ikkje dei lamma eg provde paa. Men har sett at bekrelamma remjar som smaa babyar etter at dei er ferdigbehandla, medan soeyelamma er stillare. So eg har ei hypotese om at det er ilt aa faa skjaert av ein bit av oeyret og/eller faa ein strikk rundt ballane…
Har sett eit par avdetne halar i sagmaen, men har ikkje faatt auge paa lamma som har mista dei, so har ikkje faatt studert det fenomenet endaa.

Sist tirsdag dukka det opp ein hundekvalp paa Ruby Place. Og gud den var soet! Kanskje 3-4 mnd gammal, svart med littegrann kvitt, truleg labrador blanda med eit eller anna. Han hadde halsband, var frykteleg kosete og kunne “sit” og “shake hands” (gje labb), so hadde heilt tydeleg hatt ein heim. Men litt “etterforsking” tyda paa at han var dumpa. Medan me aat middag henta nokon fraa sheriff-kontoret han. Haapar dei fann ein heim til han. Han var altfor fin og snill til at ingen ikkje vil ha han.
Har vel glemt aa seie at dei har to hundar her paa garden. Ash er border collie og rundt 3 aar. Lilly er blanding mellom border collie og noko anna, hugsar ikkje kor gammal ho er. Lilly elskar at ein kastar pinne til ho. Ash er veldig glad i kos, men vert lett skremt sidan ho vart mishandla som kvalp (foer ho kom hit).

Paa mandag var eg foerst med Deb inn til Belle Fourche. Eg handla daglegvarer medan ho gjor nokre aerend. Ho hadde komme i snakk med ein bekjent, so eg fekk rikeleg med tid til aa studere butikkhyllene. So og seie alt er rimelegare enn I Noreg. No tenkte eg at eg skulle seie noko om prisane paa oel, men har glemt tala. Trur eg fann ut at ein faar ein 12-pack for ca same prisen som ein 6-pack i Noreg, grovt rekna.
Ho som ho hadde prata med driv med mjoelkekyr. Forstod det slik at dei maa betale for aa frakte mjoelka til meieriet, ca 400 miles unna (vel 60 mil). No hadde dei kjopt ein tankbil i lag med ein nabo, for aa frakte mjoelka sjoelve. Dette ville halvere kostnadane deira.

Etterpaa stoppa me paa ein forfabrikk. Deb skulle innom aa sjaa om dei hadde noko “feilvare”, dei toennene faar ein til halv pris. Fabrikken produserar tilskotsfor til fleire dyreslag. Hovudingrediensen er melasse (fraa bete). Elles inneheld det ulike mengder mineral, vitamin og naeringsstoff (feitt, protein), alt etter bruksomraade. Noko av det hadde ekstra magnesium, for aa motvirke graskrampe. Noko var ekstra proteinrikt osv osv. Alt vert seldt i toenner paa 250 lb, ca 113 kg. Massen i toennene er heilt hard, so dyra slikkar det i seg. Deb brukar aa faa tak i nokre toenner til lamminga, for aa gje sauene meir energirikt for (for aa unngaa ketose).

Det hadde vorte veldig mange kopplam etterkvart hadde det ikkje vore for at dei ser ut til aa vere veldig lette aa bli kvitt. Det har vore opptil fleire her og henta 8-10 stk i slengen. Dei gjev dei vekk gratis. Sjolvsagt vil vel dei fleste av oss seie, men har forstaatt det slik at dei har teke betalt tidlegare. No er det ca 21 lam aa fore med flaske. Flaskene vert lagt i eit stativ, so slepp aa fore fraa handa, iallfall dei fleste. Men veit om fleire maatar aa fore paa som er meir effektive (tek tid aa fylle alle flaskene mellom anna)…men men, det er jo koseleg arbeid om ikkje anna.

I gaar var det ei dame her aa sjekka oksane med ultralyd. Tjukkelsen paa feittlaget vert maalt. Dette er genetisk betinga og kan brukast i avlssamanheng. Dette er oksar som alle vert seld som avlsoksar. Oksane vart losa inn paa ei vekt, deretter fram i ein smal boks der hovudet vart fiksert. Ultralyddama blaaste vekk stoev paa ryggen me ein slange (kopla til kompressor). Deretter barberte ho vekk pels paa to plassar, spruta paa soyaolje og brukte ultralydapparatet. Alt vart registrert paa data’n, og vert sendt til “Angus-foreininga”. Ho gjorde unna alle 60 oksane paa ca 3 timar. Ho skal visst vere blandt dei beste i landet til denne jobben. Oksane vegde fra 925 lb til 1170 lb, altsaa ca 415 kg til 530 kg. Dette er 1 aar gamle oksar.

Har framleis ikkje faatt teke noko meir bilete. Var innom forretninga for aa bytte converteren min i dag, men rette mannen var ikkje paa arbeid. So faar berre smoere meg med tolmodigheit. Men fekk sendt pakke daa :)
I dag fekk eg fri etter aa ha fora kopplamma etter middag og henta Callie paa skulen. Ho guida meg til telebutikken og postkontoret :)
Foerste gongen paa eigen hand paa kryss og tvers i Belle Fourche, men det gjekk bra.

Gratulere med overstaatt til Hilde og Maja! :)
Tenk at det er nesten 7 aar sidan eg var 18 og fekk tak i Maja…

Kjempekoseleg aa faa kommentarar! Og det er berre aa sende meg mail for aa oppdatere meg paa kva som skjer rundt om :)

Haapar dere alle har det bra der heime!

3 kommentarer:

Åse Katrin sa...

Endeleg livsteikn Solrunn, hehe.. :) Men eg har no skjønt at du er travelt opptatt når du ikkje har tid å skrive her inne. Det er no berre bra. Påskeferien min startar i morgon, det blir kjekt med fri igjen! :) Trudde at det ikkje skulle vere lamming med oss i påska, men jammen har ikkje ein sau styrt seg sjølv i år også, så vi ventar ho nok i løpet av påska. :) Er så kjekt med lange blogginnlegg, du er flink å fortelje. Gleder meg til fleire bileter :) Stoor klem!

Anonym sa...

Heisann!endeli he i fått ordne d slik at i kan skrive i au::))kjempe kjekt å høre at du he d bra og trives:)høres ut som d en plass som er midt i blinken for d!!Alt bare bra me oss her hæme..I påska ska i,Elena, Therese og Camilla te trysil..gler oss:)sr he dratt på sjøen igjen.Gler me te å sjå mær bilde i au:)KLEMS!

Anonym sa...

Heia!:) Artig å lese! Gler me te de kjem mer bilde... "hint hint" hehe.. God Påske!:)
Klem May!