Sjaa for deg eit smaaboelgete, men forholdsvis flatt landskap.
Beitegras som saa vidt har byrja aa verte groent, so langt auget kan sjaa, paa nesten alle kantar. Black Hills i det fjerne.
Ein flokk paa 40 kyr med kalvar som traskar avgarde.
To ryttarar, ein litt opp paa eine sida, ein bak flokken.
Av og til stoppar nokre kyr opp for aa ete, men er straks paa veg vidare.
Hoeyrest det ut som noko du har sett paa film?
Det kan vere slik i verkelegheita og.
Det er faktisk mi verkelegheit...
For paa soendag hadde me foerste bunsjen paa beite. Det er no som eit beite dei har gaatt paa til no og, men dei har vorte fora med hoey kvar dag.
Beitet me slapp dei paa er eit stykkje herifraa, nordover. Graset har so vidt byrja aa verte groent, men det er ikkje noko lengde aa snakke om endaa. Omraadet er stort, so dei faar vel nok mat.
Maandag flytta me neste boensj fraa beitet nede ved elva her, til Ruby Place. Debbie, Draig og eg flytta dyra, ca 40 kyr m/kalv, med hest. Over elva, langs ein maisaaker, bortover grusvegen , til venstre i eit kryss foer dei kom dit dei skal vere. Ei stund var det berre eg som foerte flokken, medan Deb og Craig henta ein liten flokk til.
Dette er nok arbeid eg kun faar oppleve dette aaret...
Hesten eg oftast rir, Big Enough, er ein gammal erfaren cowhorse, so han veit akkurat kor han boer gaa. Er det nokon kalvar som stoppar opp so "nappar" han dei paa krysset. Det er visst eit teikn paa ein god cowhorse. Big Enough er den minste hesten, so han har kortare steg enn dei andre hestane og vert lett hengande etter. So av og til maa me trave litt for aa ta igjen dei andre.
11.april skulle eigentleg det aarlege oksesalget finne stad. Men dagen foer regna det heile dagen og lenger soer og oest hadde dei faatt veldig mykje regn. Skular vart stengt og greier, so mange ville ikkje hatt anledning til aa komme. Derfor vart salget utsett til 17.april.
Innhegningane her ved garden var temmeleg gjoermet. Craig maatte bruke bobcat'n til aa fore med, for han kom ikkje fram med pick-upen, som han vanlegvis brukar.
So reknar med folk hadde ein del aa stri med der det hadde komme endaa meir regn, no under kalvinga.
Her brukar dei forresten pick-upar til ein del arbeid, der me i Noreg ville brukt traktor.
Pick-upen Craig brukar har "flat-bed" og hydrauliske armar som han loeftar rundballar med.
Med det same eg er innom temaet; den lastaren med hjul brukast til aa flytte/laste rundballar. Daa eg brukte den loefta eg to rundballar opp paa F-600'n. Naar eg seier rundballar so er det rundballar av hoey det er snakk om.
Etter det ruskete veret foer helga har det verkeleg vore fint ver. Baade soendag og maandag har det vore sol fraa skyfri himmel. So gjett kven som har vorte solbrent...
Maandag var me tidleg ferdig, so laante bilen til Deb (sidan eg ikkje har forsikring paa min endaa) og for paa "shopping". Skulle "eigentleg" berre ha solkrem og eingongskamera, men fann forskjelleg anna og :)
No faar kopplamma "mine" mjoelk ein gong om dagen, pluss ein gong om natta, med Ray. Han ser etter kyrne om natta. Han er og nattevakt under lamminga. 83 aar er han faktisk! Imponerande.
Han koeyrer forresten ein Ford Mercury (trur eg det er), eit slik 'flak' av ein bil iallfall :)
Kopplamma et godt med kraftfor og hoey, og er snart klar for avvenning. Det vert nesten litt rart, sidan eg har brukt sopass mykje tid paa aa fore dei. Men reknar med det vert ein ny boensj etterkvart.
Neste veke skal resten av sauane klippast og veka etter det bryt det laust igjen med lamming. Ca 750 denne gongen. Aarslamma faar sjansen til aa verte para, men dei tek det som ein bonus om dei tek seg. Derfor er det ein flokk paa ca 150 aarslam som ikkje skal lamme. Trur dei sett paa ca 300 soeyelam kvart aar.
Elles so har eg mellom anna; fiksa gjerde, vegd nyfoedde kalvar, rasa rundt paa 4hjuling (naar eg hentar hoey eller halm), agert "sau-lam-detektiv", gjort rein bingar, sortert kyr og plukka kuskit fraa plena, i det siste.
Kjem til aa bli ein racer paa aa setje sproeyter i loepet av aaret. Trur nok antibiotikabruken er litt stoerre her enn heime (i tillegg til at det er fleire dyr). Dessuten er det slik at her koeyrer dei til dyrlegen, i stadenfor at dyrlegen koeyrer rundt. Og trur dei gjer forskjellege ting sjoelve her, som i Noreg ville verte utfoerd av ein dyrlege.
Fredag gav eg alle kopplamma vaksine mot overeting (clostridium perfringens type C & D), same dag gav eg ei ku ei solid dose antibiotika (polyflex). Innimellom er det nokre av kopplamma som har lungebetennelse og daa faar dei 0.5 ml med Neufloor. Og foerste gongen me brennemerka sette eg to vaksiner kvar paa ca 40 kalvar.
I dag brennemerka me kalvar igjen. Og denne gongen fekk eg teke bilete! Brukte opp eit heilt eingongskamera (men har eit til liggande). I dag hold eg halen naar dei vart brennemerka, paa kalvebordet.
Dei registrerte (= stambokfoerte) kalvane faar merket paa hoegre sida. Dei uregistrerte kalvane
faar sitt paa venstre sida og daa kan me ikkje bruke kalvebordet. So daa var det lasso og litt "wrestling" som maatte til. Ein fangar kalven med lassoen rundt eine bakfoeten, eller helst begge, og so er det ein teknikk for aa legge ned kalven.
Naar kalven er vel nede sitt ein med kneet paa nakken deira og held eine framfoten boeygd og litt opp. Ein annan sitt paa raua paa bakken, med eine foten mot hoegre laaret til kalven, og held godt tak i venstre foten. Ein tredje person brennemerkar. God styrketrening dette :)
Har bilete av ulike delar av seansen, so dere skal faa sjansen til aa sjaa kor det foregaar, om dere er taalmodige.
Mamma, pappa, Roy Sivert og Marita kjem aa besoeker meg 11.-27. september! Det blir svert :)
Heimlengselen har kommet og gaatt litt i det siste, men naar det er sagt so er eg veldig glad for at eg er her!
Tusen takk for brev igjen, Beste :)
Gratulerer med dagen, Christine!
Og gratulerer med overstaatt Ingeborg! (og du: den som ventar paa noko godt, ventar ikkje forgjeves ;) )
Har leita paa nett etter 'reverse voltage converter' i kveld, so no vert det vel ei ordning snart..
Har hoyrt rykter om at det er pakker paa veg i posten. Gode greier :)
See you!
tirsdag 15. april 2008
onsdag 9. april 2008
BIL !!
Ja, no har det vorte bil paa meg :) Ingen Ford denne gongen, men alle gode ting er vel 3 ;)
Dodge Stratus, 97 modell, 2,4 liters dohc, 4 doers, slags lys vinraud farge (maroon), har gaatt vel 148 000 miles. Automat, so klart, verkar ikkje som det er mange 'vanlege' bilar med manuell giring her.
Liten 'amerikanskleksjon': car = vanleg bil, pick-up = pick-up.
Betalte 1700 $. Maa skifte bunnpanna, og elles er det eit par egentleg uviktige ting aa fikse, men greit aa ha det gjort foer eg skal selge den igjen.
Trur eg har gjort ein ganske bra deal.
Ei god kjensle aa ha faatt kjopt bil. No kan eg finne paa noko naar eg har fri, maa berre faa ordna med forsikringa. Var innom eit forsikringsfirma og fekk eit tilbod; 330 $ for 6 mnd. Det skal visst vere ganske bra.
Omregistreringavgifta var ikkje mange kronene, iallfall ikkje i forhold til Noreg! 5 $ betalte eg.
Maandag kjaurte me ens aerend til Rapid City for aa kike paa den Escorten eg fortalde om. Naar me skulle moete mannen ringte han og sa ein anna var ute aa provekjoerte bilen, mens me venta paa han ringte han tilbake og sa han hadde seld bilen. Det var skikkeleg nedtur! Stoppa paa ein bensinstasjon og kjopte dagens Rapid City Journal, der fann me 3 bilar som me kika paa paa veg heim. Stratusen verka best, og sidan det vart kjoep so vart det ingen bomtur likevel :)
Veret har vore ruskete i dag, det regna faktisk... Det er meldt styggever i natt, hoyrer det bles ganske godt ute no. Men eg har kjopt meg bil no , so eg er glad uansett :) hehe.
Gratulerer med overstaatt Knut Inge!

søndag 6. april 2008
Brennemerking
Gratulerer med dagen, Svein! Og gratulerer med overstaatt til Inger Marie og Maria!
Byrjar aa bli lenge sidan forrige innlegg no. Det har vore mange lange dagar i det siste, har ofte ikkje vore inne foer kl. 20 .
Det byrjar aa naerme seg det aarlege okse- og kvigesalget, so det har vore forskjelleg aa gjere i den forbindelse.
Me har mellom anna sortert dei kvigene som skal seljast og dei som ikkje skal seljast, gjeve dei vaksiner og lusemiddel, og bytta oyremerke paa dei.
Daa me dreiv med det lusemiddelet greide Deb ved eit uhell aa sprute meg midt i fjeset. Dyrlegen seier visst at du kan bade i det, so var ikkje so veldig farleg, men var godt aa faa vaska det ut av augene. Middelet ser ut og luktar som spylarveske.
Tirsdag var me i Rapid City. Cliff skulle fikse social security number’et sitt og eg skulle kike paa bil. Bilen saag veldig bra ut heilt til me fekk han sjekka paa ein verkstad. Viste seg at toppakninga var moden for utskifting, pluss eit par andre pakningar og at bremsene var so som so. Etter nokre telefonar bydde eg dama 1000 $, men ho avslo. So er framleis paa utkikk etter bil. Muleg me skal kike paa ein i morgon. Noko so spananade som ein Escort, hehe. Men hoyrtest veldig bra ut, so daa faar det heller berre vere at det eventuelt vert min tredje Escort. Forresten ei stasjonsvogn, 98 modell. So kanskje eg endar opp med like “ny” bil som mamma og pappa ;)
Hadde jo vore kult aa faatt tak i ein bil som ikkje er so vanleg i Noreg, som Buick eller Oldsmobile. Men vil ikkje vere for kresen eller bruke alt for lang tid paa aa leite. Pris og tilstand faar vere viktigare enn merke og modell denne gongen :)
I gaar brennemerka me dei eldste kalvane. Dei er fraa 1 til 2 mnd ca.
Dei gjekk inn i ein fangbaas, der dei vert satt fast med 3 boyler over kroppen. Eine sida av baasen vert vippa ned, slik at dei ligg paa sida i ‘bordhogde’. Eg gav dei to forskjellege vaksiner. (Mot mellom anna BVD, IBR, PI3 og BRSV). Deb tattoverte dei i oyret. Kvigene i venstre oyret og oksane i hogre oyret. Ho smorte paa gront blekk og brukte ei tang med tall som var forma av spisse taggar.
Deretter vart dei brennemerka av Craig. Jarna vert varma opp av ein propanbrennar, og er meir som rodglodande. Merket deira er eit 6 tal med to streker (bars) under. Til slutt spruta eg fluge/lusemiddel paa dei.
Det skar i hjartet aa sjaa dei forste kalvane verte merka. Dei remja og provde sparke so godt dei kunne. Men det utruleg kva ein kan venne seg til…
Det var skikkeleg surt at eg ikkje har batteri paa kameraet, for dette er nok det hadde vore veldig interessant aa ha bilete av. Og lur som eg er, kom eg ikkje paa at eg kunne spurt om aa faa laane kameraet til Deb, foer etter at me hadde byrja. Dette foregjekk paa Ruby Place, so var ikkje berre aa stikke aa hente det heller… Etter at straumkonvertaren kortslutta har eg ikkje faatt anledning til aa faa tak i ny. Var innom ei elektronikkforretning i Rapid City, men der hadde dei verken converter eller eingongskamera… Men trur det vert noko brennemerking til hausten og, so faar satse paa aa faa teke noko bilete daa :)
Samstundes med ei av behandlingane av kvigene vart eit par av oksane “banda”. Dei fekk ein stram strikk rundt pungen, so daa rauk deira sjanse til aa foere genane vidare. Medan Craig staar paa huk bak oksen og gjer dette staar ein og held opp halen paa oksen. Daa sparker dei ikkje, men jammen var det tungt aa halde!
So Rune; du treng ikkje fare uti ‘vaajin’ aa lofte vekter meir. Du kan berre gaa uti fjosen aa loefte paa oksehala i staden :)
Elles har det gaatt mykje i flytting av ku/m kalv i det siste. Dei gaar i innhegningane utanfor eine loea her. Dei vert lasta paa hestehengaren, to par i slengen, og kjort ut paa beite. Anten nedom garden her eller til Ruby Place.
Innimellom hentar eg halm med 4hjuling & hengar, gjer rein binger, hjelper til aa vege kalvar, koyrar litt lastebil og er med aa hentar inn dyr med hest. Eg var og med aa drog ein kalv som kom feil veg her ein dag.
Fast arbeid er foring av kopplamma to gonger for dag. Har 23 stk no, som er veldig glad kvar gong dei ser meg :)
Forrige laurdag hadde Cliff bursdag, han vart 25. So paa kvelden vart det ‘steaks’ til ‘supper’, kake og presangar. Eg hadde ikkje hatt anledning til aa kjope noko, so eg gav han ‘king size’-mjolkesjokoladen som eg kjopte paa tax-free’n paa Gardermoen. Han elskar sjokolade, so det fall i smak.
No er det berre 10 dagar til eg vert 25 aar… Tida daa ein gleda seg til aa verte eit aar eldre er definitivt over!
Byrjar aa merke at eg har vore heimafraa ei lang ri no. Fleire av dere eg gjerne skulle hatt ei ‘dose’ av no :)
Tusen takk for brev, tante Bjorg! Alltid kjekt aa faa oppdateringar heimafraa :)
Svar til Beste vert sendt so snart eg kjem meg paa postkontoret.
Forresten; klokkeslettet her paa bloggen stemmer ikkje heilt, trur det viser ein time for ‘lite’.
I dag har eg faatt fri, utanom foringa av kopplamma.
Det har snova i natt, so vaaren som saag ut til aa vere kommen forsvann igjen. Omtrent som heime kan eg tenkje meg :)
Hade gost so lenge!

Abonner på:
Innlegg (Atom)