Gratulerer med dagen, Svein! Og gratulerer med overstaatt til Inger Marie og Maria!
Byrjar aa bli lenge sidan forrige innlegg no. Det har vore mange lange dagar i det siste, har ofte ikkje vore inne foer kl. 20 .
Det byrjar aa naerme seg det aarlege okse- og kvigesalget, so det har vore forskjelleg aa gjere i den forbindelse.
Me har mellom anna sortert dei kvigene som skal seljast og dei som ikkje skal seljast, gjeve dei vaksiner og lusemiddel, og bytta oyremerke paa dei.
Daa me dreiv med det lusemiddelet greide Deb ved eit uhell aa sprute meg midt i fjeset. Dyrlegen seier visst at du kan bade i det, so var ikkje so veldig farleg, men var godt aa faa vaska det ut av augene. Middelet ser ut og luktar som spylarveske.
Tirsdag var me i Rapid City. Cliff skulle fikse social security number’et sitt og eg skulle kike paa bil. Bilen saag veldig bra ut heilt til me fekk han sjekka paa ein verkstad. Viste seg at toppakninga var moden for utskifting, pluss eit par andre pakningar og at bremsene var so som so. Etter nokre telefonar bydde eg dama 1000 $, men ho avslo. So er framleis paa utkikk etter bil. Muleg me skal kike paa ein i morgon. Noko so spananade som ein Escort, hehe. Men hoyrtest veldig bra ut, so daa faar det heller berre vere at det eventuelt vert min tredje Escort. Forresten ei stasjonsvogn, 98 modell. So kanskje eg endar opp med like “ny” bil som mamma og pappa ;)
Hadde jo vore kult aa faatt tak i ein bil som ikkje er so vanleg i Noreg, som Buick eller Oldsmobile. Men vil ikkje vere for kresen eller bruke alt for lang tid paa aa leite. Pris og tilstand faar vere viktigare enn merke og modell denne gongen :)
I gaar brennemerka me dei eldste kalvane. Dei er fraa 1 til 2 mnd ca.
Dei gjekk inn i ein fangbaas, der dei vert satt fast med 3 boyler over kroppen. Eine sida av baasen vert vippa ned, slik at dei ligg paa sida i ‘bordhogde’. Eg gav dei to forskjellege vaksiner. (Mot mellom anna BVD, IBR, PI3 og BRSV). Deb tattoverte dei i oyret. Kvigene i venstre oyret og oksane i hogre oyret. Ho smorte paa gront blekk og brukte ei tang med tall som var forma av spisse taggar.
Deretter vart dei brennemerka av Craig. Jarna vert varma opp av ein propanbrennar, og er meir som rodglodande. Merket deira er eit 6 tal med to streker (bars) under. Til slutt spruta eg fluge/lusemiddel paa dei.
Det skar i hjartet aa sjaa dei forste kalvane verte merka. Dei remja og provde sparke so godt dei kunne. Men det utruleg kva ein kan venne seg til…
Det var skikkeleg surt at eg ikkje har batteri paa kameraet, for dette er nok det hadde vore veldig interessant aa ha bilete av. Og lur som eg er, kom eg ikkje paa at eg kunne spurt om aa faa laane kameraet til Deb, foer etter at me hadde byrja. Dette foregjekk paa Ruby Place, so var ikkje berre aa stikke aa hente det heller… Etter at straumkonvertaren kortslutta har eg ikkje faatt anledning til aa faa tak i ny. Var innom ei elektronikkforretning i Rapid City, men der hadde dei verken converter eller eingongskamera… Men trur det vert noko brennemerking til hausten og, so faar satse paa aa faa teke noko bilete daa :)
Samstundes med ei av behandlingane av kvigene vart eit par av oksane “banda”. Dei fekk ein stram strikk rundt pungen, so daa rauk deira sjanse til aa foere genane vidare. Medan Craig staar paa huk bak oksen og gjer dette staar ein og held opp halen paa oksen. Daa sparker dei ikkje, men jammen var det tungt aa halde!
So Rune; du treng ikkje fare uti ‘vaajin’ aa lofte vekter meir. Du kan berre gaa uti fjosen aa loefte paa oksehala i staden :)
Elles har det gaatt mykje i flytting av ku/m kalv i det siste. Dei gaar i innhegningane utanfor eine loea her. Dei vert lasta paa hestehengaren, to par i slengen, og kjort ut paa beite. Anten nedom garden her eller til Ruby Place.
Innimellom hentar eg halm med 4hjuling & hengar, gjer rein binger, hjelper til aa vege kalvar, koyrar litt lastebil og er med aa hentar inn dyr med hest. Eg var og med aa drog ein kalv som kom feil veg her ein dag.
Fast arbeid er foring av kopplamma to gonger for dag. Har 23 stk no, som er veldig glad kvar gong dei ser meg :)
Forrige laurdag hadde Cliff bursdag, han vart 25. So paa kvelden vart det ‘steaks’ til ‘supper’, kake og presangar. Eg hadde ikkje hatt anledning til aa kjope noko, so eg gav han ‘king size’-mjolkesjokoladen som eg kjopte paa tax-free’n paa Gardermoen. Han elskar sjokolade, so det fall i smak.
No er det berre 10 dagar til eg vert 25 aar… Tida daa ein gleda seg til aa verte eit aar eldre er definitivt over!
Byrjar aa merke at eg har vore heimafraa ei lang ri no. Fleire av dere eg gjerne skulle hatt ei ‘dose’ av no :)
Tusen takk for brev, tante Bjorg! Alltid kjekt aa faa oppdateringar heimafraa :)
Svar til Beste vert sendt so snart eg kjem meg paa postkontoret.
Forresten; klokkeslettet her paa bloggen stemmer ikkje heilt, trur det viser ein time for ‘lite’.
I dag har eg faatt fri, utanom foringa av kopplamma.
Det har snova i natt, so vaaren som saag ut til aa vere kommen forsvann igjen. Omtrent som heime kan eg tenkje meg :)
Hade gost so lenge!
søndag 6. april 2008
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
1 kommentarer:
Linker til bloggen din i bloggen min. :)
Fred fant et bilde av en sånn bil du har så æ kunne se kordan det va (æ kan jo ikke om bil vettu)
Legg inn en kommentar