tirsdag 15. april 2008

Draumen...?

Sjaa for deg eit smaaboelgete, men forholdsvis flatt landskap.
Beitegras som saa vidt har byrja aa verte groent, so langt auget kan sjaa, paa nesten alle kantar. Black Hills i det fjerne.
Ein flokk paa 40 kyr med kalvar som traskar avgarde.
To ryttarar, ein litt opp paa eine sida, ein bak flokken.
Av og til stoppar nokre kyr opp for aa ete, men er straks paa veg vidare.

Hoeyrest det ut som noko du har sett paa film?
Det kan vere slik i verkelegheita og.
Det er faktisk mi verkelegheit...


For paa soendag hadde me foerste bunsjen paa beite. Det er no som eit beite dei har gaatt paa til no og, men dei har vorte fora med hoey kvar dag.
Beitet me slapp dei paa er eit stykkje herifraa, nordover. Graset har so vidt byrja aa verte groent, men det er ikkje noko lengde aa snakke om endaa. Omraadet er stort, so dei faar vel nok mat.

Maandag flytta me neste boensj fraa beitet nede ved elva her, til Ruby Place. Debbie, Draig og eg flytta dyra, ca 40 kyr m/kalv, med hest. Over elva, langs ein maisaaker, bortover grusvegen , til venstre i eit kryss foer dei kom dit dei skal vere. Ei stund var det berre eg som foerte flokken, medan Deb og Craig henta ein liten flokk til.
Dette er nok arbeid eg kun faar oppleve dette aaret...

Hesten eg oftast rir, Big Enough, er ein gammal erfaren cowhorse, so han veit akkurat kor han boer gaa. Er det nokon kalvar som stoppar opp so "nappar" han dei paa krysset. Det er visst eit teikn paa ein god cowhorse. Big Enough er den minste hesten, so han har kortare steg enn dei andre hestane og vert lett hengande etter. So av og til maa me trave litt for aa ta igjen dei andre.

11.april skulle eigentleg det aarlege oksesalget finne stad. Men dagen foer regna det heile dagen og lenger soer og oest hadde dei faatt veldig mykje regn. Skular vart stengt og greier, so mange ville ikkje hatt anledning til aa komme. Derfor vart salget utsett til 17.april.

Innhegningane her ved garden var temmeleg gjoermet. Craig maatte bruke bobcat'n til aa fore med, for han kom ikkje fram med pick-upen, som han vanlegvis brukar.
So reknar med folk hadde ein del aa stri med der det hadde komme endaa meir regn, no under kalvinga.

Her brukar dei forresten pick-upar til ein del arbeid, der me i Noreg ville brukt traktor.
Pick-upen Craig brukar har "flat-bed" og hydrauliske armar som han loeftar rundballar med.
Med det same eg er innom temaet; den lastaren med hjul brukast til aa flytte/laste rundballar. Daa eg brukte den loefta eg to rundballar opp paa F-600'n. Naar eg seier rundballar so er det rundballar av hoey det er snakk om.

Etter det ruskete veret foer helga har det verkeleg vore fint ver. Baade soendag og maandag har det vore sol fraa skyfri himmel. So gjett kven som har vorte solbrent...
Maandag var me tidleg ferdig, so laante bilen til Deb (sidan eg ikkje har forsikring paa min endaa) og for paa "shopping". Skulle "eigentleg" berre ha solkrem og eingongskamera, men fann forskjelleg anna og :)

No faar kopplamma "mine" mjoelk ein gong om dagen, pluss ein gong om natta, med Ray. Han ser etter kyrne om natta. Han er og nattevakt under lamminga. 83 aar er han faktisk! Imponerande.
Han koeyrer forresten ein Ford Mercury (trur eg det er), eit slik 'flak' av ein bil iallfall :)
Kopplamma et godt med kraftfor og hoey, og er snart klar for avvenning. Det vert nesten litt rart, sidan eg har brukt sopass mykje tid paa aa fore dei. Men reknar med det vert ein ny boensj etterkvart.

Neste veke skal resten av sauane klippast og veka etter det bryt det laust igjen med lamming. Ca 750 denne gongen. Aarslamma faar sjansen til aa verte para, men dei tek det som ein bonus om dei tek seg. Derfor er det ein flokk paa ca 150 aarslam som ikkje skal lamme. Trur dei sett paa ca 300 soeyelam kvart aar.

Elles so har eg mellom anna; fiksa gjerde, vegd nyfoedde kalvar, rasa rundt paa 4hjuling (naar eg hentar hoey eller halm), agert "sau-lam-detektiv", gjort rein bingar, sortert kyr og plukka kuskit fraa plena, i det siste.

Kjem til aa bli ein racer paa aa setje sproeyter i loepet av aaret. Trur nok antibiotikabruken er litt stoerre her enn heime (i tillegg til at det er fleire dyr). Dessuten er det slik at her koeyrer dei til dyrlegen, i stadenfor at dyrlegen koeyrer rundt. Og trur dei gjer forskjellege ting sjoelve her, som i Noreg ville verte utfoerd av ein dyrlege.
Fredag gav eg alle kopplamma vaksine mot overeting (clostridium perfringens type C & D), same dag gav eg ei ku ei solid dose antibiotika (polyflex). Innimellom er det nokre av kopplamma som har lungebetennelse og daa faar dei 0.5 ml med Neufloor. Og foerste gongen me brennemerka sette eg to vaksiner kvar paa ca 40 kalvar.

I dag brennemerka me kalvar igjen. Og denne gongen fekk eg teke bilete! Brukte opp eit heilt eingongskamera (men har eit til liggande). I dag hold eg halen naar dei vart brennemerka, paa kalvebordet.
Dei registrerte (= stambokfoerte) kalvane faar merket paa hoegre sida. Dei uregistrerte kalvane
faar sitt paa venstre sida og daa kan me ikkje bruke kalvebordet. So daa var det lasso og litt "wrestling" som maatte til. Ein fangar kalven med lassoen rundt eine bakfoeten, eller helst begge, og so er det ein teknikk for aa legge ned kalven.
Naar kalven er vel nede sitt ein med kneet paa nakken deira og held eine framfoten boeygd og litt opp. Ein annan sitt paa raua paa bakken, med eine foten mot hoegre laaret til kalven, og held godt tak i venstre foten. Ein tredje person brennemerkar. God styrketrening dette :)
Har bilete av ulike delar av seansen, so dere skal faa sjansen til aa sjaa kor det foregaar, om dere er taalmodige.

Mamma, pappa, Roy Sivert og Marita kjem aa besoeker meg 11.-27. september! Det blir svert :)
Heimlengselen har kommet og gaatt litt i det siste, men naar det er sagt so er eg veldig glad for at eg er her!

Tusen takk for brev igjen, Beste :)

Gratulerer med dagen, Christine!
Og gratulerer med overstaatt Ingeborg! (og du: den som ventar paa noko godt, ventar ikkje forgjeves ;) )

Har leita paa nett etter 'reverse voltage converter' i kveld, so no vert det vel ei ordning snart..

Har hoyrt rykter om at det er pakker paa veg i posten. Gode greier :)

See you!

9 kommentarer:

Åse Katrin sa...

GRATULERER MED DAGEN SOLRUNN!! Stor klem fra Åse Katrin

Anonym sa...

Gratulere med 25 årsdaagen, Solrunn!! Håper du får litt i posten i dag.
Klem fra mamma og pappa.

Anonym sa...

Hei Solrunn!!!
Gratulerer med 25 årsdagen!
Håper du fer ein fin dag. Foresten gartulerer mæ "ny" BIL. Den bi kjækk å ha tenkje i.
Helsing frå Åshild

Mia sa...

Gratulere masse med dagen pia'! =D
*klæmme*

May sa...

Gratulere med dagen cowgirl!:) Høre ut som du får oppleve en del der! Heldige du! Å gratulere med ny bil!:)
Klem May

Anonym sa...

Gratulere mæ dagen. Ha vore kjekt om du ha vore hæme for da ha det blitt kake:)
Det e FK Uka på Felleskjøpet no,16-18 april. Står på stand på John Deere traktor i.

Hilsen bror.

Anonym sa...

Hipp hurra for den frenske cowgirl`n vår!! Gratulere så mye med dagen, snuppa!!Ikke alle som feirer 25års dagen sin i slike fantastiske omgivelser..... Fikk du mailen fra meg forresten?? Ønsker deg alt godt og håper de gjør litt ekstra stas på deg på dagen din!! Stor klem fra Tone Beathe

Anonym sa...

Gratulere mæ overstått dag:D
Håpe du he d fint der:)

Klem frå sylte!

Anonym sa...

Tusen takk fær gavå:D
Kjempe fin!

ingeborg:)