Dei siste vekene har vore veldig hektisk, men no har det roa seg. Sitt her midt på dagen og skriv, har ikkje heilt fri, men har ingenting anna å gjer. Det skuldast delvis eit fole til regnvêr som byrja i går.Muleg me skal avgårde å kike på bil til Cliff seinare i dag. Elles er det fôring av kopplam som står på programmet, av det eg veit.
Forrige veke køyrde eg pick-up og hengar med 9 kyr i, til ranchen. Tyngste lasta eg har køyrd, so det var ei grei erfaring å få. Craig hadde semitraileren fullasta, pluss at det var ei hengarlast til.Kalvane i denne bønsjen vart brennemerka på tysdag. Forøvrig ein veldig fin og varm dag.
Denne dagen hadde me besøk av ei jente frå Brasil som er utvekslingsstudent på high school i Spearfish (nabobyen). Cliff var veldig glad for å bli kjent med ho. Sjølv om engelsken hans har vorte mykje betre sidan han kom, so slit han med å forstå alt. På kvelden drog Renata, Cliff og eg ut og åt og på WalMart før me køyrde ho heim. WalMart er som ein gedigen Europrisbutikk, eller noko i den lei. Vart ein del handling på meg… fann meg mellom anna arbreidssko (som eg ikkje treng å bruke tjukke ullabbar i..), t-skjorter&labbar (slik at det kan gå lenger mellom kvar gong eg må huske å vaske klede ;P).
I forrige veke henta eg bilen min hos den veldig hyggelege mekanikaren dei brukar. Han nemnte på telefonen at batteriet på bilen var dårleg og at eg sikkert måtte skifte det snart. Då eg skulle ta laust derifrå var batteriet flatt. Han ringte til eit delefirma i Belle Fourche, dei kom med eit nytt batteri til garasjen hans og han skifta det. Snakk om service, og det heile kosta meg 55 $. Resten av reperasjonane han gjorde betalte eg 265 $ for. Han sveisa bunnpanna, fiksa bagasjeromsåpnaren og dørstopparen på førardøra, og hadde fått tak i ein liten plastdings til låsen på passasjerdøra. Med andre ord er han rett so rimeleg.
Han har ein hund som heiter Molly. Ho kan det kulaste trikset! Du seier ’bang’, og ho legg seg ned som ho vart skoten. Ho er sibirsk husky, med 1/16 ulv i seg.
17.mai vart nok ikkje feira so veldig av meg i år. Men i lunsjen var eg på nett å kika på bilete på rbnett.no, so litt stemning fekk eg med meg :)
18.mai fylte Deb 50 år, men heller ikkje den dagen vart feira so veldig. Dagen etter var foreldra til Craig her på middag og me hadde verdens beste iskake til dessert.
I går hadde Callie sin siste dag på skulen før sommarferien. Dei byrjar på igjen 25.august, so dei har ein del lenger sommarferie enn me har i Noreg. Men dei har også lengre skuledagar. Callie er på skulen frå 8.00 til 15.15. Ho skal byrje i ’6th grade’ til hausten.I går kveld var me på skuleavslutninga deira, på rec.centeret.
Forrige veke var me på konsert med alle elevane til Callie sin pianolærar.
Kveld her no, og det regnar som berre det endå. I ettermiddag var eg å henta ein storsekk kraftfôr, med eine pick-upen. Som sagt tidlegare; her vert det brukt pick-up til ting me i Noreg brukar traktor til. Har sett skuffande lite store traktorar. Møtte ei kolonne me lastebilar i dag som hadde korntreskarar lasta opp, flunkande nye John Deere treskarar.
Prøvde meg på ein ’drive through’ minibank her ein dag. Ikkje verst oppleving det. Her trur eg alle minibankane er ’drive through’, har endå ikkje sett ein på veggen slik me har det heime.
Dette biletet viser oss når me behandlar lam. Lamma får ein sprut med eit insektmiddel (UltraBoss), ormemiddel og eit blått merke: 69. Har ikkje heilt sansen for denne sauemålinga; grisete greier.Etterpå får søyene insektmiddel og ormemiddel, før dei vert lasta på semitraileren og køyrd på beite.
Her er eit bilete fraa lammeloa.

Biletet over er fraa daa me fertilitetstesta oksane. Knappen dyrlegen vrir paa regulerar straumstyrka oksen vert stimulert med..
Paa biletet under ser du noko av fangbaassystemet.

Det siste biletet viser nokre av innhegningane paa Ruby place. Loea du ser var den me brukte under lamminga i mars.
1 kommentar:
Ja, sannsynligvis sa det er
Legg inn en kommentar