mandag 12. mai 2008

"samandrag"

Gratulere med overstaatt til Bestefar, tante Svanhild og onkel Inge !
Kika gjennom dagboka for aa sjaa om eg hadde noko aa fortelje dere fraa den siste maanaden. Og litt er det jo :)

17.april hadde Bar 69 Angus Ranch sitt aarlege oksesalg.
Heilt sidan eg kom har alle landbruksavisene vore fulle av annonnser for alle ranchene sitt aarlege oksesalg. Dei foregaar enten paa ranchen eller paa ein 'livestock exchange'.
Deb og Craig hadde sitt paa Belle Fourche Livestock Exchange.
Dette var ei anledning daa eg kunne saga av venstrehanda mi for aa ha eit opplada digitalkamera... For aa hoyre pa auksjonariusen var ei oppleving i seg sjolv! Skulle gjerne ha hatt han paa film/opptak. Der gjekk tunga og munnen fort altsaa. Det var meir som ein mellomting mellom sang og "lydlaging", for det var ikkje berre rask prating.
Oksane deira gjekk for mellom 1200 - 4000 $. Gjennomsnittet var 2070 $. Dei solgte 45 stk, seinare har det vore folk her aa kjopt nokre. Totalt hadde dei 60 stk til salgs. Dette er oksar som gaar til avl, so i desse dagar byrjar vel ein del av dei paa jobben sin.
Snakka med ei dame fraa Montana paa salget. Besteforeldra hennar kom fraa Noreg, og familien hennar brukte framleis lutefisk, lefse og riskrem paa julaften :)

Eit par dagar etterpaa henta me inn dei sauane som driv aa lammar no. Dei gjekk paa eit beite paa andre sida av highwayen her. Dei skulle til 'Ruby place' so me maatte drive dei langs highwayen eit lite stykke, og det gjekk bra. Det var ei som sneik seg paa feil side av autovernet ein gong, men daa slo 'den frenske cowgirl' over i galopp og ordna opp ;p haha
Men foer me kom so langt maatte me dra opp to saue fraa grova inne paa beite. Kjekt med tau og hest daa.

Eit par dagar etterpaa vart sauane klipte. 4-5 klipparar brukte ein og ein halv dag.
Denne gongen jobba eg framfor hengaren, med aa bere vekk ullfellane fraa borda og koste vekk ruskeulla. Hadde god utsikt til staute mannfolk ;)
Kom paa aa laane kameraet til Deb den dagen so har ein del bilete (men kjem paa at me har ikkje lagt dei paa dataen endaa).

Sist eg loyste ut lonnssjekken min gjor eg det i ein 'drive through'-bank. Du la det du hadde i eit royr, som vart sendt inn. Minte meg om noko i Austin Power filmane.

Ein av kveldane me drog paa rodeo leverte me nokre oksar foerst.
Nok eit bevis paa at ein maa ta av fra interstate'n for aa verkeleg sjaa Usa. Mykje fin natur.
Mannen som skulle ha desse oksane driv med leasing av oksar.
Han var ein imponerande mann. Han har hatt kreft dei siste 6-7 aara, men staar paa som berre det. Men no skulle han slutte med leasing av oksar, for han ville trappe ned litt.
Han var verkeleg ein mann aa bli inspirert av!

Ellers har me brennemerka kalvar eit par gonger, trur me skal til igjen seinare i veka eller i neste veke.
Har faatt framkalla bilete fra ein av gongane, men har ikkje henta cd'en endaa (dei sendte inn negativane etter at eg henta bileta).

Bilen er paa verkstad og faar fiksa bunnpanna si og litt smaatteri. Har uansett ikkje tid til aa bruke den no. Dei fleste dagane denne veka har klokka vore over halv ti foer eg har vore inne om kvelden.

No er det som sagt lamming det gaar i. I dag fann sauane ut at dei skulle ta det litt rolegare, so no er det faktisk nokre ledige lammingsbingar. Loea har vore stappfull heile veka. Det har vore sauar "overalt".
Eg har faatt oppdraga med aa faa lamma til aa suge, i tilfeller der det har trengtes. Til doemes ved store spenar eller anna. So har faatt krangla mykje med trasige soeyer og dumme lam, hehe.
Men fole kjekt aa sjaa at det av og til loenne seg.
Har etterkvart drista meg til aa gje lamma med sonde (royr ned i magen) sjoelv, i stadenfor aa springe etter Deb, naar det trengst.
Foring av kopplam er ogsaa min jobb. Det varierar kor spanande det er, i gaar trur eg at eg dubba av nokre augenblink medan eg satt og gav dei flaske.

For aa unngaa det fleire gonger er det vel paa tide aa gaa aa leggje seg... :)

Veret her har vore heller daarleg i det siste. Ein god del regn, og noko sno. Det vert fole gjoermete her naar det regnar, so eg er temmeleg lei gjoerme! Men det skal visst verte fint ver utover veka.
Fekk straumkonverteren som eg bestilte paa nett, men den virka ikkje. Er liksom ikkje maate pa kor uflaks eg skal ha med den greia. Ringte i dag og dei skal sende meg ein ny ein. So no er det berre aa krysse fingrane for at det vert suksess denne gongen...

Rapport om jordbruksoppgjeret mottas med takk :)

1 kommentarer:

Hanne sa...

Hei hei :)
Livet er fint der borte? godt å høre at du å sliter med værsituajsonen. Surt å høre om 25 grader og sol i Oslo mens det snør her. Det e lenge til våronn for å si det sånn.
Jordbruksoppgjøret: forslaget i overkant av 1 mrd, og 1 mill i kvote til Finnmark :)Vi får se kordan det går videre :)
klem