onsdag 18. juni 2008

A.I.-ing and heat detecting

= inseminering og brunstkontroll



Gratulere med overstått til Anders og Åshild! Gratulere på førehand til Pappa og Maria Therese! Og til lykke med dagen og framtida til brudeparet på Nonshaugen :)



I kveld og i morgon har eg fått fri. So no er eg nede på farmen, etter nesten to veker oppe på ranchen. Den ligg ca halvtimes køyring frå farmen.

Biletet viser ein del av beitet kyrne går på no.



Der oppe er det brunstsjekk og inseminering som har, og fortsett er, vore daglege gjeremål. Kyrne går ute på beite, og kvar morgon og kveld rir me og sjekkar om det er nokon som er i brunst.
Tidlegare har alle kyrne fått eit klistremerke på krysset, der overflata vert skrapa av dersom dei vert ridd. Omtrent som eit skrapelodd, i tillegg går det to steriliserte oksar i lag med dei. Oksane har ei grime med ein boks under kjeven, eller dispenser kan ein vel kalle det. Den er fylt med måling , slik at dei avsett farge på kyrne dei rir.


Her har eine oksen fått påfyll av måling.

Når me rir gjennom dei kikar me etter kyr med heilt avskrapa klistremerke eller, helst og, måling frå oksane. Første dagane inseminerte Craig i eine løa på ranchen. Då var det å ta med dei løtne kyrne dit. Det var litt av eit prosjekt eit par gonger! No har Craig ”oppsettet” sitt ute på beitet, so me treng ikkje føre dei so langt. Men beitet er stort nok til at cowgirl og hest kan få køyrt seg godt før kua er trygt forvart i ein garde.

Denne flokken med løtne kyr ga oss nokre utfordringar etterkvart...!
Slik ser det ut dit me fører kyrne og Craig inseminerar dei. Kyrne står inni kassa når dei vert inseminert, og utstyret vert oppbevart i hengaren.

Kyrne me tek inn om morgonen vert inseminert om kvelden, og omvendt. På søndag er første syklus over, og då må dei som ikkje har vorte insiminert eller ikkje teke seg, ta til takke med oksane som vert slept i lag med dei.

Her er eg på veg tilbake til ranchen ein kveld, etter brunstkontroll. Kvite 'prikken' litt til venstre er eit av uthusa.

Etter kvart som det har vorte ein del inseminerte kyr har me samla alle dyra i eit hjørne av beitet og skild ut dei som er inseminert. Dei må sjølvsagt ha med kalven sin, og førast i trygg avstand frå resten av flokken. Eg står stort sett vakt for å halde flokken i ro. Første gongen me skilde ut kyr var eg so trøytt at eg omtrent dubba av i salen, so no har eg prøvd det og…

På biletet leitar Deb etter mor&barn som kan skiljast ut og sendast avgarde på eit anna beite.



Begge puljane med kopplam er oppe på ranchen no. Denne veka har dei som framleis er på mjølk gått ned til to fôringar pr dag. 5 av dei er på smokkbøtte, og det likar eg J Det sparar noko tid i forhold til flaskene, som dei andre 13 får mjølk frå. Det var ei periode eg var dritlei av trasige lam som ikkje ville drikke ordentleg, men no er det berre kos med dei.

På laurdag brennemerka me dei siste kalvane. Dei var ute på beitet so då er det vanleg med dugnad; naboar og kjentfolk kjem og hjelper til. Me samla kalvane i ei innhegning. Nokre fangar kalvane med lasso (rope) frå hest, to og to held kvar sin kalv ’nedåt’ (wrestle), nokre brennemerkar, nokre kastrerar, og nokre (m.a. Solrunn) gjer vaksiner. Når me var ferdig var det lunsj og sosialt samvær. Kastreringa foregår ved at dei skjer av pungen, og dreg ut testiklane. Nokre vart stekt på brennjarna, vart ikkje at eg smakte, men såg det stod eit bøtte med ’balla’ i kjøleskåpen. Trur òg me skal av garde på eit par ’brandings’ i næraste framtid, so det vert vel sjansar til å smake :)

På biletet over sett i vaksine. Ed spruta på lusemiddel.

Biletet under er frå ei av brennemerkingane på ranchen.



Geita til Callie og kjea hennar går i lag med nokre ”junk”-sauer. Og ein ser tydeleg at dei to kjea er meir leikne enn lamma. Dei klatrar opp på det som er råd, og hoppar og sprett rundt.

Lilly, eine hunden, måtte til dyrlegen førre veke. Ho hadde vore i nærkontakt med eit ’porcupine’. Trur det er som eit stort piggsvin. Craig fekk ut mesteparten av piggane, men nokre satt att, so då fekk Lilly ei natt på veterinærklinikken.
Her er det forresten slik at dei bringer dyra, t.d. kyr og hestar, til klinikken. I motsetnad til heime, der dyrlegen reiser rundt.

Kaktus, det ser eg "overalt" på beita. Dei har ikkje blomstra endå, men det skal visst vere fine blomster.


For to veker sidan var det flom her. Belle Fourche River og andre elver flomma over. Det var fleire stengte vegar rundt om. Det regna mykje ein periode. Det er vel typisk; nordvestlending dreg til midtvesten og har høyrt dei slit med tørke, og so opplever ho den våtaste våren sidan dei byrja føre vêrstatistikk, i 1904 eller 1905. No er alle reservoara rundt om på beita full. Somme år har dei vore tom for vatn…

Callie sin ”hobby” for tida er å finne kattungar. Trur ho er oppe i 9 stk, men dei er foreløpig for vill til at nokon av dei er til å kose med. Søt er dei i allfall :)

Misforstått han, stakkar... Det ordna seg, han byrja å gå og då kolva fôrhekken.

Har ridd kvar dag dei siste to vekene. Syns det er veldig kjekt å kunne ri samtidig som ein gjer noko nyttig, ikkje ”berre” ri på tur. Det vert vel litt mindre riding når insemineringa er over, men trur nok Karina og Ljostra må belage seg på å avhjelpe litt abstinensar til vinteren :)
Bar 69 Ranch brukar hest til all flytting og slik av dyr. Trur nok det er det mest vanlege, men det er nokre som brukar 4hjuling i staden.

I morgon er plana å dra til ’Bear Country’. Det er ein ’drive through wildlife park’. Du kan altså køyre rundt i din eigen bil og sjå diverse ville dyr. Det skal vere mellom anna bjørn og ulv der. Og dei har ei eiga avdeling med innhegningar der ein kan sjå ungane til diverse artar.

Dei siste dagane har det vore fole varmt og fint vêr, so satsa på at det blir slik i morgon og..

See ya!

3 kommentarer:

Åse Katrin sa...

Hei!
Har du klart å hatt med deg regnværet fra Fræna?? Hehe.. I dag sa jeg hadet til klassen min, og om 18 august er jeg på plass på ungdomsskolen! Spennende! Ser ut til at du koser deg, det er så kjekt å se. Nå kan jeg faktisk si at det er under et halvt år til du kommer hjem! Gleder meg allerede vennen.
Glad i deg! Klem fra Åse Katrin. PS: plantene lever..!

Anonym sa...

Hei Solrunn!
Tusen takk for helsinga og hjertelig takk for den hendige eggekofferten. Den er i daglig bruk. Syns det er veldig artig å sjå bilda og lese hva du holder på med. Vi er ferdige med siloen, men har en god del vi skal presse. Øystein hjelpte meg i siloen i år. Ellers har det regna til de grader her den siste tiden, men akkurat nå skinner sola i Malmefjorden. men kun 5 varmegrader nå kl 22,30. Blir det sjøis i natt?
Ha en fin sommer!
Hilsen Åshild

Kristina sa...

Så flink du er til å krydre bloggen din med bilder - den er spennende lesning og gir et fint innblikk i hvordan det kan være å jobbe som trainee.

Håper du har hatt en fin vår og at du vil nyte sommeren! :)

Mvh, Kristina fra Atlantis