Som planlagt drog eg til Bear Country på fridagen min. Området og talet på dyr der var ikkje so stort som eg hadde sett for meg, men fekk sett, mellom anna, Rocky Mountain Goat, buffalo, bjørn og bighorn sheep på runden min. Det var veldig varmt so alle dyra låg mest og døsa i skuggen.
Etterpå gjekk eg ein runde i ”babyland” og fekk sett søte bjørn- og ulveungar, mellom anna. Framleis varmt til dyra, men etter ein runde i suvenirbutikken hadde det skya over og dyra var meir aktiv, so då vart det ein runde til.
Og på veg rundt fekk eg plutseleg auge på eit stort skilt; House of Scandinavia. So då vart det ein tur innom der. Det er ein butikk der dei seljer diverse skandinaviske spesialitetar og suvenir. Uttrykket ’uff da’ og lutefisk er det som er mest framheva, frå Noreg. Eg fann meg TINE Ekte Geitost, og Wasa Havre knekkebrød, so eg har fått kosa meg med brunost og sylte. Det er nesten som godteri for meg :)
På veg tilbake køyrde eg forbi Reptile Gardens, og fann ut eg hadde tid til å stoppe der og. Og der fekk eg med meg både alligatorshow, slangeshow og litt av fugleshowet. Trudde eit fugleshow ville vere litt drygt, men det var det som var mest imponerande, berre synd eg ikkje fekk med meg heile. Klappa både alligatorunge og kjempeskilpadde.
Og Karianne; om du hadde vore der so hadde du nok vore dårleg i mange dagar etterpå, for det var eit utal med slangar utstilt i glassbur. Pluss froskar og krokodiller/alligatorar.
24.juni vart siste kyrne inseminert. Då vart og dei steriliserte oksane som har gått i lag med kyrne ’banded’. Det vil seie at dei fekk eit gummiband rundt pungen, so no vert dei også ’steers’ (kastratar).
Nokre dagar før viste det seg at bommen på salen eg har brukt var knekt. Prøvde eit par salar i løpet av dei neste dagane, men det var ikkje råd å få stigbøylane korte nok, so vart litt riding ”på tå”. Eg visste at eg hadde korte fotar (eller bein er vel det korrekte å seie..), men ikkje so korte..hehe.
Men då Winona, ein kjenning, kom å skulle hjelpe til ein dag tok ho med seg ein sal dei hadde. Og den passa perfekt
Den dagen Winona var her sorterte me ut dei som ikkje var inseminert og førte dei til ranchen. Dagen etterpå gav me dei lusemiddel før dei vart lasta og køyrt til eit beite dei leier i Spearfish. Dette er eit forholdsvis lite beite, so det gjev oksen gode odds ;)
Etter beitesleppet var eg med Deb og kika på 4hjulingar, dei lurer på å kjøpe ein til. Hadde ein artig episode med seljaren der: Deb gav meg veska og bilnøklane då ho skulle prøvekjøre 4hjuling og sa –”Don`t go to Vegas”, og seljaren sa noko slik som –”You know those kids”. Både Deb og eg tenkte nok det same, og ho spurte kor gammal han var; 24. So me hadde det rett festleg når me kunne fortelje at eg var gamlare enn han. Forresten mykje fine motorsyklar der, fekk nesten lyst til å ta lappen på flekken.
Førre måndag var me på ei ’branding’ hos ein ”nabo” (spørs korleis du definerar det; avstand eller talet på hus i mellom, store forhold vettu, hehe). Dei skulle eigentleg brennemerke kalvane då me hadde det store regnvêret og flommen, og sidan då hadde dei vokse seg for stor til at eg våga meg å ”wrestle”. Vaksinering var min jobb. Smakte eit par kalvetestiklar, det var i grunn god smak på dei. Det var forresten ein del unge cowboys der, so eg hadde litt av kvart å kike på, Christine ;)
Fredag flytta me ned frå ranchen, til farmen igjen. Framleis er det mjølkefôring av kopplam kvar dag, men om eit par dagar er det slutt (forutan ein etterslengar). Elles har eg klipt ein del gras dei siste dagane; plenar og rundt om.
Ed og Craig har slått ned ein del av graset på attlegene. Dei har ei sjølvgåande slåmaskin. Noko skal rundbaljast og noko skal bli små firkantballar, etter det eg har fått med meg. Og det er høy det er snakk om, for meste alfalfa.
Vêret har vore veldig fint i det siste , rett sommar no. Har ikkje særleg med termostatar å kike på, men trur temperaturen ofte har vore oppunder 30 grader Celsius. Det er mest praktisk å jobbe i bukse, so det er berre fjeset, nakken og underarmane som får skikkeleg farge.
Torsdag til laurdag er det stor rodeo i Belle Fourche: Black Hills Roundup. Deb har kjøpt billettar til fredagen; då skal Chase ri. So det vert spanande.
Deb og Callie reiste på familietreff i dag. Craig skulle og vere med, men det er trøbbel med vasspumpa oppe på ranchen, so han vart att.
Fredagen var Josh, ein som har jobba litt for dei tidlegare, og kjærasten hans, Erin, her og ridde i lag med oss og sorterte ut nokre kyr. På kvelden vart eg med dei, og foreldra til Josh, til Deadwood. Deadwood er ein noko spesiell by.
Historic Deadwood is a town known for its rough and tumble past. Gamblers and gunslingers like Wild Bill Hickok and Calamity Jane made legends for themselves on the tough and dusty streets. Sheriff Seth Bullock and Mayor E.B. Farnum tried to tame the town, but the outlaw spirit never really died.
With ongoing restoration Deadwood is being transformed back into that same frontier town that once drew hundreds of people in search of their fortune. The entire town is a registered National Historic Landmark where you`ll find plenty of Wild West fun for the whole family.
Restaureringa vert finansiert av casinoinntekter. Talet på barar er stort, og talet på speleautomatar endå større.
Det vart nokre drammar, og jacuzzi (boblebad) då me kom tilbake, med andre ord veldig seint, so laurdag var eg trøytt, med stor T, men Deb var veldig grei og gav meg ein lett dag.
Josh og Erin er her berre på ferie, dei bur i California. So dei reiser igjen over neste helg, men hadde det veldig kjekt i lag med dei. Muleg eg skal ut i lag med dei ein av kveldane under rodeoen. Det skal visst vere streeetdance og fyrverkeri torsdagskvelden, so det har eg tenkt å få med meg. Men bør sørge for å komme i seng litt tidlegare då, so eg ikkje dubbar av mens eg køyrar plenklippartraktor, eller liknande, hehe (ja, faktisk…).
No har eg vore her 4 ½ mnd; det er halve arbeidsperioden min det… So no kjennest det ikkje lenger veldig lenge til eg skal heim. På slutten av lamminga og ei tid framover var humøret ikkje det beste og heimlengselen litt større enn nødvendig, men siste vekene har eg kosa meg meir og meir. Byrjar nesten aa lure paa korleis eg skal faa tid til alt eg har lyst til :)
Og det er jo faktisk ikkje meir enn vel 2 mnd til eg får besøk! Har mykje idear for kva me kan finne på mens dere er her :)
Hade bra so lenge!
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
1 kommentar:
Hei Solrunn, spennende dager! Artig å lese om dine opplevelser. Klapperslanger synes jeg ikke noe om. Det ble ikke slangesuppe til lunsj? Regner med at det blir egen hest når du kommer hjem siden salen allerde er på plass. Fortsatt god sommer.
Hilsen
Arne Sverre
Legg inn en kommentar