Førre tysdag var Cliff og eg oppe på ranchen å reparerte gjerde. Hadde litt action like etter at me starta. Me høyrte ein rattlesnake (klapperslange), og den viste seg å vere rett ved gjerdet me skulle reparere. Cliff ordna opp i den saken, med ein spade. Rattlesnaken lagar lyd ved å riste på ”halen” sin (2 cm kanskje), som består av skjell, og er giftig.
Køyrde traktor denne dagen faktisk. Forutan ein liten prøvetur for nokre veker sidan so var dette første gongen eg har brukt traktor i arbeidet her. Det var ein International Farmall 544, og den hadde ei hydraulisk ”slegge” framme. Cliff styrte ”slegga”, som brukast når me skal sette ned nye trepålar.
Onsdag klipte eg rundt løene her med trådmaskin, og kosta rødløa. Det same gjorde eg på torsdag, fram til lunsj. Men etter det vart det ikkje so mykje arbeid på nokre dagar, berre litt fôring av lam.
Fekk fri torsdag ettermiddag, so då nytta eg anledning til å ta eit par telefonar til Noreg.
Etterpå drog eg til Belle Fourche og ”sulla” litt rundt før eg eigentleg skulle møte Cliff for å gå på tivoli. Han dukka aldri opp, men eg hadde det artig på tivoli likevel eg :)
Traff mellom anna Winona (som me låner salen min av), og ho sa eg kunne få salen! So det er meget mulig at eg kjem heim med ein westernsal :) Men eg vil sjølvsagt betale for den, det er den absolutt verdt
.
Torsdag starta årets Black Hills Roundup Rodeo (det er derfor det var tivoli..). Det er den årlege profesjonelle rodeoen her i Belle Fourche. Den er alltid i forbindelse med 4.juli-feiringa (nasjonaldagen). Her er det nasjonaldagsfeiringa som er den store fyrverkeridagen. På torsdagskvelden var det fyrverkerishow, som bystyret sørger for kvart år.
Etter at det var over møtte eg Erin og Josh, og foreldra til Josh; Ken og Renee, på ein uteplass; Cowboy Back Bar. Der var det ”kjåkfullt”. Hold meg til diet coke denne kvelden, dansa swing med Ken og ha det kjekt. Har savna å danse swing kjente eg :) Mor til Ken var forresten norsk, ho heitte Brekke til etternamn.
Fredagen, 4th of July, såg me på paraden i Belle Fourche. Det var omtrent som våre borgartog. Men det var mykje meir hestar, men so har hesten ein heilt annan plass i samfunnet her enn heime. Etter paraden måtte eg heim og lade opp kameraet mitt. Og so var det tid for rodeo, kosa meg stort der.
Øvelsane var bareback riding, team roping, steer wrestling, saddle bronc riding, tie-down roping, barrel racing og bull riding.
Chase fekk 71 poeng i saddle bronc riding, men er ikkje sikker på kva plassering det gav. Trur det var slik at dei beste frå torsdag og fredag rei finale på laurdag.
Bareback riding: dei rir hesten utan sal. Men den har ein gjord med handtak på seg. Det er om og gjere å halde seg på i 8 sekund, samstundes som dei får poeng for stilen. Mellom anna må handa dei ikkje held seg fast med vere høgt nok opp i lufta.
Det same gjeld i saddle bronc riding, men der har dei sal på hesten og held seg fast i eit tau som er festa i grima på hesten. Maksimal poengsum er 100. I saddle bronc varierte poengsummane frå 65 til 85.
I team roping er dei to ryttarar. Den eine skal få tauet rundt halsen på steer`n, medan den andre skal få sitt rundt bakføtene. Denne øvelsen går på tid.
Det gjer og tie-down roping. Der skal ryttaren fange kalven med tau, hoppe av hesten og legge kalven i bakken, for so å knyte i hop tre av føtene.
Bull riding vert det same som bareback riding, berre at det, naturleg nok, er på ein okse. Av dei 17 som ridde okse denne dagen var det ingen som greide å halde seg på i 8 sekund, og dermed ingen som fekk poeng. Kvelden før var det visst 2 som hadde greid det.
Alle desse øvelsane er det berre mannfolka som deltek i.
Medan det i barrel racing er berre kvinnfolk. Der rir dei rundt tre tønner som står eit stykkje frå kvarandre, i trekant form, på tid. Dersom dei veltar ei tønne får dei tillagt tid, trur det var 5 sekund per tønne. Den raskaste tida denne dagen var 17.58 sekund.
Det meste av tida er det ein klovn som oppheld seg på banen og underheld. Under okseridinga stod han i ei tønne midt på banen og hadde på seg diverse hattar.
Etter rodeoen drog me på grilling til familien Peterson. Ungane der har vore her av og til, men no var dei på ferie hos bestemora i Oklahoma.
Laurdag føremiddag drog eg avgårde på ’camping’ i lag med Erin og Josh. Foreldra til Josh har ein liten ranch i Montana (i tillegg til hus i Belle Fourche). Og det var på ein av naboranchane me var. Den er ufatteleg stor: 82 000 acres! Gang med 4,046 so får du antal mål…!
I tillegg til oss var det fleire kompisar av Josh. Det var veldig fint der me campa. Det var ved det ein kallar ei ’butte’. Det er som eit lite fjell,eller landemerke kan ein vel seie. Det var tolleskog der, so det var nesten som å gå i ein norsk skog. Me var nede i ei grotte, det var tøft.
Me slo opp telta heilt attmed pickupane, so det var ikkje noko røff fjelltur akkurat, for å komme fram. Ein annan skilnad frå ein ”norsk telttur” var alle våpena. Alle karane hadde minst eit våpen med seg. Eg prøfte eit par skot med ei hagle.
Søndags morgon, før me reiste heim, var me på præriehund-jakt. Me køyrde rundt i ein pickup og dei skaut frå bilen. Eg var so trøytt at eg sovna i baksetet, sjølv om Josh skaut med hagle i setet framfor meg!
Præriehunden liknar ikkje på ein hund i det heile tatt. Namnet kjem av at dei bjeffar på eit vis. Dei er vel på storleik med ein liten kanin kanskje. Dei bur i hóler nede i jorda og skal visst vere artige å observere. Området dei har hólene sine vert kalla prairie dog towns, for dei er ganske konsentrert.
Måndag var det endeleg tid for seminaret vårt, gjennom utvekslingsprogrammet.
Cliff og eg køyrde til Buffalo, ca 1 times køyring nordover. Der møtte me 3 gutar som jobbar på ein ranch der. Ein frå Sveits og to frå Sør Afrika, veldig hyggelege karar. Alle fem køyrde i lag til Medora, North Dakota. Trur det tok 3-4 timar totalt herifrå. Me kom eit par timar før seminaret starta, so me besøkte eit museum og kika litt rundt.
På seminaret var me 2 jenter og 14 gutar. Ho andre jenta var fole triveleg, so me hadde det kjekt i lag. Ho er frå Australia, og jobbar på ein ranch i Flexville, Montana, mest med hestar.
Mellom seminaret og middagen gjekk Kate og eg på eit museum: North Dakota Cowboy Hall of Fame. Det var eit bra museum. Det var utstillingar som omhandla indianarhistorie, rodeo og nybyggarar. Og sjølvsagt ein ’Hall of Fame’. Det var eit par norske namn der, mellom anna Ole Solberg og Rasmus Jensen. Artig å sjå. Etter middagen var me på ein utandørs musikal, som var ganske bra.
Me reiste heim tysdags morgon, etter frokost.
I dag har eg, forutan å klipt plen, køyrd på plass rundballar. ’Artig åt me d’. Og som nemnt tidlegare: her brukast pickupen der traktoren gjerne vert brukt i Noreg. Brukte ein pickup med flatbed, med hydrauliske armar. Kan ta to ballar om gongen. Eg la rundballane i rekke, seinare skal dei stablast med den sjølvgåande lastaren eg har nemnt tidlegare.
Kontaktpersonen vår frå utvekslingsprogrammet var på visitt i dag. For å sjå om me hadde det bra og slik. Triveleg kar.
Storkosa meg for tida. Og snart vert det ein del riding igjen òg, so tida går fort om dagen.
Her kjem to bilete frå 4th of July paraden. Eg satt på fortauskanten, so bileta vart ikkje dei beste.
Hengaren bak pickupen var full av barnehageungar.
Miss Rodeo South Dakota vert kåra kvart år, under Black Hills Roundup.
Dei neste to bileta er frå campingturen.
Det første er frå der me hadde campen.
Det andre viser 'a butte' i solnedgang.
Det neste bildet er, som de sikkert skjønnar, frå Black Hills Roundup Rodeo. Dette er ein som rir saddle bronc.
2 kommentarer:
Så bra at du kosa deg.. Var litt bekymra i telefonen når jeg snakka med deg. Men regna med at det er verst når en snakker med noen hjemme og er sliten. Været snudde her oppe og i dag er jeg barnevakt for Mathilde. Ho er aktiv og flyr høyt og lavt. klem
Kjære snuppa mi!!
Å, så kjempe glad og overrasket jeg ble da du ringte meg på bursdagen min!! Tusen hjertelig takk!! Gla`i d, snuppa mi!! Godt å høre stemmen din!! Er så godt å tenke på at det stadig blir færre dager til du kommer hjemover igjen. Vi gleder oss masse til å se deg og gi deg mange klemmer igjen. Måtte skynde meg å legge på da jeg hørte at du skalv litt i stemmen mot slutten av samtalen, for da regnet jeg med at det hadde blitt litt snørr og tårer på begge. Skjønner godt at det blir litt leit å avslutte samtaler med oss her hjemme, må nok innrømme at det kom litt tårer her også... Som sagt var det godt å høre stemmen din og høre at du har det bra og spennende der borte! Er så stolt av deg!! Du er et flott eksempel på hardt arbeidende og positiv norsk ungdom med godt humør og glimt i øyet, Solrunn!!
Nå er det flere som maser om oppmerksomhet her så vi får "snakkes" sia. Stå på Solrunn, ikke gi opp og husk at vi er stolte av deg og utrolig gla`i deg!!
Stor klem fra Tone Beathe
Legg inn en kommentar