søndag 17. august 2008

Fair og brødbaking

Gratulere med overstått til Karoline :)

Denne veka har Butte-Lawrence County Fair pågått, frå tirsdag til laurdag.
Eg var der ein tur både onsdag, torsdag og fredag.
Det er utstillingar av alt det folk har levert inn til bedømmelse. Som til dømes bakverk, grønsaker, handarbeid osv osv.
Callie fekk Best in show i grønsaker for vannmelonen sin. Og Deb fekk Best in show i fotografi for eit bilde av Callie og fjelløva som vart skoten her i vår. Callie vann òg kategorien raraste grønnsak. Det er den doble cantaloupen du ser midt i biletet. Kjempegod melon forresten. Er den å få i norske butikkar? Håpar det :)



Ungane viste dyra sine for bedømmelse. Utstillingar av både sau, kjøttfe, mjølkekyr, kaninar, fjørfe og geit.



Og for dei so lure på kva Karianne gjer i USA leiande på ei geit...det er dobbeltgjengaren! Ho var skummelt lik frå somme vinklar.


Over ser du to av søstrene Habeck som viser mjølkekyr.

Fredagskvelden var det auksjon av nokre av dyra. Her er det ein kastrat som skal seljast.




Etter at eg skreiv forrige blogginnlegget drog eg til Spearfish på museum. High Plains Western Heritage Center. Der var det utstillingar av mellom anna utstoppa Longhorns (kurase), vogner, indianarting, og anna westernhistore. Ute hadde dei nokre Longhorn dyr og Buffaloar.



Her ser du korleis amerikanske myndigheter løyste "indianarproblemet". Dei slakta all buffaloen/bisonen (to namn på same dyr), slik at indianarane vart tvungne til å flytte til reservata.



I dag har eg heilt fri. Eg har hatt greit med fridagar dei siste vekene, men eg har alltid jobba litt på morgonen. So i dag var det første gongen på 2 mnd at eg kunne sove lenger enn til kl 06. So det utnytta eg :)
Har baka brød i dag. Tenkte dei måtte få smake skikkeleg brød. For her er det ikkje mykje grovt brød. Brøda vart bra og falt i smak. No manglar berre litt brunost :)

Når eg er ferdig å arbeide, i november, so kjem Rune (Kvammen,søskenbarn. red.anm.) bortover. Då vert det 'roadtrip'. Einaste som er fastsatt er Grand Canyon, Las Vegas og Los Angeles, og so den sjappa di Rune. Resten vert på sparket :)
I dag fekk eg sendt alle opplysningar til Kilroy, slik at dei kan forandre flybilletten min og booke Rune sin. So snart får eg ein dato for når eg kjem heim. Flybilletten min har hatt retur i oktober, sidan dei ikkje kunne betille langt nok fram i tid då eg bestilte den i desember. Merkeleg å tenkje på...at det er komme so langt at heimreisa må byrje å planleggast.. Og om 3 1/2 veke får eg besøk av mamma, pappa, Roy Sivert og Marita. Det vert stas! Og det skal bli godt med litt ferie.

Her er to bilete eg tok ein morgon eg måtte ut i beitet og hente inn ein sau som ikkje kom til fôring.





Ha det godt so lenge!

1 kommentar:

Anonym sa...

Hei!! Flott at du har det bra!! Cantaloupe melon får du kjøpt her i Norge også, så det skulle ikke by på noen problem!! Og ja... Den er kjempe god!!:) Hilsen Maria!