Mamma, pappa, Roy Sivert og Marita kom velberga fram på torsdag kveld, etter litt forsinkelsar. Trøytt og klar var dei, so det barst rett i seng når me kom fram til "innkvarteringa" i Spearfish.
Fredag jobba eg ca halv dag. Etter det drog me til farmen, der eg bur og henta litt klede&slik. Og ei omvisning vart det jo så klart.
Laurdag morgon tok me laust ut på tur. Me køyrde Spearfish Canyon, til Deadwood. So då fekk dei sett litt westernby :) Natta tilbrakte me i Hill City.
Søndag vart det Mount Rushmore, Crazy Horse Monumentet og Custer State Park. I Custer State Park fekk me sett mykje buffalo. Og det var ganske kult :) Denne natta tilbrakte me i Keystone.
Hill City og Keystone ligg ikkje mange kilometera frå kvarandre, men me køyrde på ein måte i runding.
I dag køyrde me mot Rapid City og var innom Cosmos Mystery Area først. Det var eit ganske spesielt område, der naturlovane vart sett på prøve. Vateren viser at det er plant, men likevel vert den lågaste personen høgast...og fleire andre rarietar.
So vart stopp i Bear Country, so då fekk Marita sett mange store, fine bjørnar :)
I ettermiddag kom me til Wall, ein by øst for Rapid City. Den er kjent for Wall Drug Store og 'free ice water'. Her vart det boots på både Roy Sivert og Marita. Og fann ut at eg kan skifte ut spenna på begge belta mine eg har kjøpt tidlegare. So no kan eg kjøpe meg stor 'buckle' ;)
Det vert ikkje so seint på kveld før me er modne for senga, og dermed står me opp tidleg og. Men no er resten av gjengen klar for å gå på saloon, so kanskje det vert litt seinare i kveld? Var forresten innom ein saloon i byen Custer. Der hadde dei sagma på golvet, men ikkje kaffi...
Verden er ikkje bestandig so stor. For i dag traff me ei dame frå Elnesvågen!! Budd andre stadar i Noreg sidan 1974, men kva er likevel sjansen for å treffe ein frening i 'junaiten'!!!
Send meir peng! Mange 'giftshops' vettu ;)
mandag 15. september 2008
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
1 kommentarer:
Hei
Kjekt å høre at besøket ditt har kommet velberga fram. Dei hadde vel med seg brunost og anna gott fer i håpe. Det var vel "ganske kjekt" å få besøk fra gamlelandet kan i tenke meg? Karoline var storfornøyd med gaven, kjekt med amerikapakke. Hils besøket ditt!Klem fra oss 3 på Hollingen.
Legg inn en kommentar