torsdag 2. oktober 2008

Advarsel: Langt innlegg :)

Gratulerer med vel overstått 60-årsdag, tante Bjørg!
Og gratulere med lisjeguten, Inger Marie&Odd Arne! Håpar alt står bra til. Gratulerer med dagen, Ruth!

Sjølv om det har vore dårleg med ”faglege” oppdateringar siste månaden so har det jo skjedd litt.

Den siste veka i august kan oppsummerast slik: 3 dagar med flytting av kyr, 2 dagar med utlegging av vassrøyr (ikkje heile dagane!), 2 dagar med flytting av rundballar.
Helga den veka var Deb og Callie på South Dakota State Fair. Callie hadde kvalifisert seg i diverse kategoriar, so dei tok turen. State Fair går føre seg i Huron, som er nesten heilt i andre enden av South Dakota.

1.september var Labor Day. Det er som vår 1.mai, men dei fleste butikkane var opne (men ikkje postkontoret…). Denne dagen var eg det næraste eg har vore å forsove meg dette året. Vakna 5 minutt før eg skulle byrje arbeide. Trudde eg… For når eg kom stressande opp kl 7, so fekk eg beskjed om at eg hadde fri. Men ikkje so gale at det ikkje er godt for noko; fekk tid til litt internett, før eg for til Newell. Der hadde dei ein parade. Liknande som 4.juli-paraden i Belle Fourche, men langt i frå so fancy. Endå mindre fancy er sjølve staden, som ligg vel 20 miles austom her. Newell ser rett og slett sliten og trist ut.
So tok eg turen til Sturgis, via vegen som går forbi Bear Butte. Eit lite fjell som er ein heilag stad for indianarane. I Sturgis hadde det vore ’Mustang Rally’ (Ford Mustang utstilling/treff) denne helga. Denne dagen skulle det vere race. Det visste seg å ikkje vere store greiene. Men eg fekk sett litt fine bilar og høyrt noko gromlyd. Dei fleste hadde nok reist heim, for hovudutstillinga (The Show&Shine) var på laurdag.
Fridagane må utnyttast til det fulle, so når vêret var nokså ’tusje’ so vart det shopping i Rapid City. Litt forandringar må ha skjedd dette året, for eg kjøpte meg ei rosa t-skjorte…!

Dei har noko slåttemark eit godt stykke frå garden her. Tok meg 1 ½ time å køyre traktor&presse dit. Men iallfall; eit par dagar var eg med Craig dit å henta rundballar. Han lasta dei på semitraileren, med Bobcat`n. Trur det vart 26 på eit lass. Traileren er med rette merka med ’Oversize Load’-skilt.

Halvanna dag gjekk med til å hermetisere fersken. Deb hadde kjøpt fire 50 lbs-kasser (22,5 kg) med fersken, so no skulle dei ha nok for ei ri… Og når et dei oftast hermetisert fersken? Til frukost!

Laurdag 6.september behandla me kalvar. Kalvane etter dei registrerte (stambokførte) kyrne vart vege, fekk 2 vaksiner og flugemiddel.
Kyrne vart skilt frå kalvane og sortert etter kjønnet på kalven. Kvige- og oksekalvane vart sleppt i kvar sine innhegningar.
Min jobb medan me behandla dei var å få dei til å gå opp gangen til vekta. Etter at dei er vegne går dei inn i fangbåsen og får vaksinane og ein sprut med flugemiddel. Dei fleste kalvane vog mellom 400-600 lbs, i kilo vert det ca 180-270. Denne vekta, etter korrigeringar, vert brukt som 205-dagars vekt.

Dagen etter kom Chandy, om er dyrlege, og tok ultralyd på kvigene. Eg trur det er første gongen dei har brukt ultralyd på kyrne, men dei ville gjerne få greie på om nokon av kvigene venta tvillingar. I vinter mista dei kalvane etter kvigene som fekk tvillingar, so dei ville vere betre forberedt. Eg trur ikkje ultralyden viste nokon tvillingar, men det var 3 kviger som var tom.
Det var kult å få sjå nokre av bilda på skjermen. Nokre av gongene kunne ho sjå at det var ein oksekalv.
Chandy er frå ein av ”naboranchane”. Faren heiter Chance, og mora Cindy. Lurer på kven ho er oppattkalla etter ;p

I byrjinga av september såg det ut til at hausten var i full gang. Den dagen me behandla kalvar måtte eg til med termojakka. Den har ikkje vore i bruk sidan juni. Men nokre dagar etter at Norgesbesøket kom so vart det go`vêr igjen. Litt rart å sjå blada på trea byrje gå over i haustfarger samtidig som det er t-skjortevêr. Dei driv med 3.slåtten her no, og det er oktober… men so kan dei jo dyrke mais her!

11.september hadde me ”the big sheep trail”. Då førte me ca 700 sau ca 17 miles (ca 27 km), med hest. Mesteparten av turen gjekk på ein grusveg med gjerder på begge sider av vegen, so det var ein heilt grei tur. Utfordringa vart å få frakta 3 køyrety etter, samtidig som nokon førte sauane. So det vart fram og tilbake nokre gonger, sidan me var 3 personar. Grunnen til alle køyretya var at eg hadde med bilen min, slik at eg kunne få komme meg avgårde so snart me var ferdig. For det var jo dagen då Norgesbesøket skulle komme!
Fekk god tid til ein dusj og eit par ærend for Deb i Rapid City, før eg drog på flyplassen. Utruleg godt å sjå mamma, pappa, Roy Sivert og Marita igjen! Håpar det vert einaste gongen det går 7 månader mellom kvar gong eg ser dei!

Måtte jobbe på fredagen. Då behandla me resten av kalvane; dei som ikkje er etter registrerte kyr. Same prosedyre som med dei andre kalvane. Men i denne pulja var alle oksekalvane kastrert.

Litt om dei neste dagane finn du i innlegget frå 15.september.

Dagen etter det innlegget køyrde me gjennom Badlands National Park. Det var nesten som å køyre på månen (reklama påstår iallfall det). Ganske spesielt landskap med andre ord.
På kvelden drog eg opp til ranchen igjen, sidan eg skulle byrje jobbe tidleg på onsdagsmorgonen.
No skulle alle sauane me førte den 11. sorterast . Kategoriane var: søyelam, whethers (kastrerte bækrelam), pee-wees (blålam), søyer.
Alle lamma so skulle seljast fekk isett kvitt øyremerke.

Torsdag var me nordmennene invitert til ranchen til Glen Riley, ein kjenning av vertsfamilien min. Han har tipi-ringar og eit dinosaurskjelett på eigedommen sin.
Indianarane brukte legge steinar rundt kanten på tipiane (telta/lavvoane) sine. Når dei tok ned tipiane for å reise vidare velta dei berre av steinane, slik at dei vart liggande i ein ring, slik som tipien. I beitet til Riley er det 44 tipiringar. Det skal visst vere den største indianarlandsbyen dei har funne rundt éi vasskjelde, i Nord-Amerika. Dette området var truleg vinterplassen deira. Det var god tilgang til brensel og vasskjelde som ikkje fraus.
Dinosaurskjelettet er ikkje grove fram, so ein ser ikkje dinosauren i den forstand. Men ein fann rimeleg enkelt fragment frå skjelettet. Glen Riley hadde funne nokre bein ein gong. Og lagt dei på ein stein der. Men nokre jegerar hadde stjelt dei…
Det var og eit dinosaurskjelett på ranchen til sonen til Glen Riley. Den er grove fram. Me fekk sjå nokre av desse beina, i garasjen til Glen.

Etter lunsj i lag med Glen i Belle Fourche drog me til sauesalget i Newell. Me kom akkurat i tide til å sjå lamma til Bar 69 verte seld. Huskar ikkje kva dei gjekk for, men veit dei var godt fornøgd med gjennomsnittsvekta. Trur den var 96 lbs, altså ca 43 kg. Dette var lam fødd i mai.
Etter litt avslapping i leiligheta me lånte i Spearfish køyrde dei meg opp til ranchen.

For fredag og laurdag var det jobbing igjen.
Fredag behandla me søyelamma og åringane. Lamme fekk 2 vaksiner, makkmiddel og øyremerke. Åringane fekk berre makkmiddel. Ein av mine jobbar var å telje alle saman, men no hugsar eg ikkje kor mange det var… men nokre hundre var det.
Utpå laurdagen kom mamma, pappa, bror og Marita opp til ranchen.

Når eg var ferdig i kveldinga rasa me til Spearfish og pakka litt. For me ville få med oss folkelivet i Deadwood. Men der var ALLE hotell full, i ”nabobygda” Lead likeså. So då vart det hotell i Sturgis ei natt, før me prøvde oss i Deadwood igjen. Deadwood er nesten som eit lite Las Vegas. Det er iallfall mykje speleautomatar der. Eg er nok ikkje ein typisk besøkande i byen; eg slutta å spele når eg hadde 37 dollar i nettogevinst :)

Etter tips frå Glen Riley sette me kursen mot Devil`s Tower, i Wyoming, på måndag. Devil`s Tower er (også) ein heilag stad for indianarane. I trea rundt foten av ”fjellet” hang det tøyremser. Det var visst såkalla ’prayer cloths’, kan vel oversettjast til bønnetøy.

Lunsjen denne dagen var meir som ein opplevelse. Kokken kom køyrande på traktor og slengte på seg eit skittent forkle før han tok opp bestilling frå oss. Forutan oss var det berre ein gjest til der. Han fekk forklaring på kor ho stod bak baren, då han spurte etter ei øl.
På veg tilbake til Spearfish køyrde me gjennom fleire små plassar. Generelt kan ein vel seie at det er fleire skrotnissar her enn heime.

Onsdag kveld møtte me Craig, Deb og Callie på ein restaurant for middag. Då me parkerte ved restauranten kom St.Bernhardshunden frå nabohuset og helsa på oss. Har sansen for den rasa altså :)

Torsdag ”flytta” me til Rapid City. Dit måtte me køyre i to vendingar. Vart ein del shopping kan du seie, i tillegg til at dei skulle ta med litt saker for meg. På kvelden køyrde bror og eg race-kart. Det var gode greier! Plassen me for til hadde både go-kart og race-kart. Me spurde kva som var forskjellen, og det var farta. So me tok det som gjekk fortast :)
Som sagt var det grusomt å seie hade på laurdag. Me hadde det veldig kjekt i lag! Eg har komme i vanleg modus igjen no, men det har vore nokre tunge dagar følelsesmessig no. Men det er ikkje utan grunn eg påstår eg er evig optimist. Det endar vel opp med at ikkje får tid til alt eg har tenkt før eg skal reise :)
Eg er frykteleg glad for at besøket kom no på slutten av opphaldet. Det hadde vore enda tyngre å vite at eg hadde fleire månader igjen her før eg fekk treft folket igjen.

Byrja å jobbe igjen på søndag. Fekk ein fin oppstart etter ferien, med rundballeflytting, pressing av rundball og sjekking av sau.
Sauane er slepne på eit beite der kyrne har gått før dei. Derfor er det veldig opptrakka rundt vatna på beitet. Det gjer at sauane kan setje seg fast. So då må me køyre ut og sjekke dei. Forholda er ein del større enn heime kan ein seie, berre frå ranchen og til det beitet der dei er er det fleire kilometer. Eg nullstilte trip-teljaren, for eg tenkte eg skulle fortelje dere kor langt det var, men no har eg gløymt kva den viste. Eg fann ingen sauar fast verken på søndag eller måndag, men på fredag hadde Cliff måtte dra opp 4 stk.

Måndag var ikkje so frykteleg spanande, forutan sauesjekkinga.
Tysdag lempa me 4kantballar inn på to av løene. Craig lempa ballane på ei transportkjede, eg drog dei frå enden av kjeda/bandet til dit Cliff stabla dei. Grei måte og få litt musklar på :)

Onsdag reparerte eg litt gjerde i lag med Cliff. Etter lunsj var det tid for å sjekke sauer igjen. Denne dagen stod 1 lam fast, men det gjekk greitt å få det opp. Eg hadde og med saltblokker og mineral som kyrne i eit anna beite skulle få. Dette beitet har 4 stader der det vert sett ut mineral&salt. So denne dagen vart det mange miles ute på prærien, for det meste i ca 15 km/t. Bra det er mykje country på radioen!

I dag har eg køyrt F-600 (lastebilen) nesten heile dagen. Cliff lastar på rundballane og eg køyrer og dumpar dei der dei skal stablast. Andre ”spanande” gjeremål i dag har vore plenklipping, raking og epleplukking.

No får eg stoppe! Er vel måte på kor interessant alt eg har skreve er, men no er de iallfall oppdatert :) Det vert utan bilete denne gongen, men det får eg ta igjen ein annan gong.

Gjekk nokre dagar før eg oppdaga at linken til Rita sin blogg mangla ein bokstav… So visst nokon trykte på den, og kom på ei bibelside av noko slag, so var det som var grunnen :)

See you later, alligator! Pretty soon, Baboon!

1 kommentar:

Anonym sa...

Hei.
He ikkje lest bloggen sia me kom hæm,var græit mæ æi oppdatering av turen. For det va så mykje å sjå så det er lett å glemme ting æn har sett og opplevd. Det va fole kjedelig å reise frå deg, men du kjem da snart hæm at da. Sett på hotel på Kongsvinger no, e på John Deere kurs.

Klæm bror:)