søndag 12. oktober 2008

Frihelg faktisk!

No har det byrja å verte rolegare tider her. Eg har faktisk hatt fri heile helga! Første gong det har skjedd.

Dei har opptil fleire epletre her. Og nokre av dei har faktisk veldig gode eple! Har reinska ein del kilo av desse. Det eg har lært av det er at safta frå epla gjer hendene svarte. Ser jo ut som eg har skrudd bil, etter å ha halde på ei stund.

Har sjekka sauene nokre gonger sidan sist, men berre ein har sitte fast.
Eg har vorte mykje betre kjent med alle beita etter all køyringa for å sjekke sauene. Skulle gjerne hatt desse køyreturane i løpet av dei første vekene mine her. Då hadde me kanskje spart oss ein del lange forklaringar, og nokre misforståingar.
Slik sitt ein amerikansk sau fast i gjørma ;)



Her kan du sjå ranchen i det fjerne til høgre på bildet...



Eit bilete til frå beita.



Her er det to kyr som er glade for at eg kom med salt og mineral til dei.




Cliff og eg har lagt på presenningar på nokre av stablane med 4kantballar. Høgt nok til at det er artig å vere på toppen, men passar meg vel for kor eg går…

Dette er frå høystabelen på Ruby place.



Førre søndag hadde eg fri. Satt på nettet mesteparten av dagen…men fekk prata med mange, og det er bestandig kjekt. På ettermiddagen køyrde eg meg ein tur. I Spearfish tok eg ein liten sightseeing-runde i eit forholdsvis fasjonabelt boligstrøk. Veldig store hus (amerikanske hus, hihi). Nokre av dei hadde det himla (!) høgt under taket i hovudetasjen.
Nokre har allereie byrja å pynte til Halloween. Somme hus (ikkje dei store fasjonable..) har hagen full av pynt&dill.
Og om me syns julemarsipanen til Nidar kjem tidleg i butikkane heime, so er dei allereie i full gang å selje julepynt her.

I førre veke tok Cliff og eg i hop mykje vassrør ein dag. I det eine me skulle flytte på var det to skunkar. Jepp, stinkdyr, slike svarte med kvite striper på ryggen. Det første forsvann rimeleg enkelt inn i eit anna rør. Medan det andre ikkje forsvann like enkelt, og luktfritt… For når me endeleg fekk det til å komme ut av røret so stod Lilly klar til å fange det. Og då sto spruten! Endå luktar Lilly som f… . Utan at eg fekk noko direkte spruta på meg, so lukta eg visst ikkje godt då eg kom inn til lunsj. Eg kjente ikkje at kleda mine lukta før eg hadde teke dei av. Til og med kameraveska lukta skunk. So den òg fekk seg ein runde i vaskemaskina. Noko som sikkert ikkje skada uansett, sidan den har vore trufast følgesven i alle omgjevnader&fører i mange månader.

Balja nokre høyballar ein føremiddag. Og når eg var ferdig fekk eg ei liste av Deb med nokre ting eg skulle gjere. Og etter at det var gjort var det fri resten av dagen :) So då fekk eg endeleg sendt av garde bursdagsgåvene til Eden og Emily :) Og det vart investert i koffert. Reiste hit med 1 koffert, men har ingen problem med å fylle opp ein til no!
Fjerning av nedblåste greiner var noko av det som stod på lista. Slik løyser man den oppgåva. Har framleis eit sår i panna etter at eg greidde å gå rett på ein av greinene som stakk opp…




Ein ettermiddag hadde Cliff og eg ein haug med 4kantballar opp på løa. Eg løfta dei på transportbandet. Det merkast på musklane dagen etterpå… Men klagar ikkje på resultatet av støle musklar eg! Før me starta måtte eg ”reinske” løa for kattungar. Dei fekk midlertidig tilhald i eit bur. Eine kattungen låg død då eg kom opp dit, dvs det som var igjen av den… For dei andre søskena satt å åt på han! Og dei er ikkje riktig 2 månader endå dei søte små… Hundane er forresten mistenkt for ugjerninga.



På biletet over har me høy inn på eine løa på Ruby place.
Biletet under er frå rødløa på farmen. Personane er Deb og Craig.




Utover veka byrja det å komme dårlege vêrmeldingar for helga. Derfor flytta me kyrne som var i beitet lengst unna ranchen, og som ikkje har mykje le, til eit meir passande eit. Deb måtte rekke eit møte, so me fekk ikkje tid til å flytte dei som hadde komme seg gjennom gjerdet til beitet ved sidan av før neste dag. Begge dagane var det temmeleg surt og kaldt. So for å avkrefte det ein gong for alle: eit cowgirlliv er slett ikkje glamorøst.
Etter at me hadde flytta dei siste kyrne flytta me sauene nærare ranchen. Og takk og lov for det!


Deb og Craig sorterar ut bekrar i styggevêret.

For neste dag (fredag) skulle me sortere ut bekrane, som har fått gleden av å utføre jobben sin i halvanna veke. Lenge nok til at ca 300 søyer er berekna å lamme i byrjinga av mars.
Og natt til fredag snøa det. Ikkje at snøen i seg sjølv var noko problem, men temperaturen og vinden gjor at eg var glad eg slapp å ri so veldig langt…
Men etter denne sur og kalde føremiddagen hadde eg fri i 2 ½ dag! Eg vart med Deb og Callie til Rapid City, der Callie skulle delta på Western Junior Livestock Show. Ho deltok i borddekking, eksteriørbedømming av husdyr (livestock judging) og fotokonkurranse. Eg trur dei fleste aktivitetane der har med 4H å gjere.
Eg prøvde meg på kjøttidentifikasjon og grønnsaksidentifikasjon. Vart mykje gjetting! Men resultatlista for kjøttID viste at eg ikkje var blant dei nederste på lista :p Resultatet kvalifiserte til ei blå sløyfe stod det. So måtte jo spør om eg faktisk fekk ei. Dei delte vanlegvis ikkje ut sløyfer i vaksenklassen, men eg fekk ei likevel. So no har eg ei ’blue ribbon’, hehe.



Over ser de kjøttet som skulle identifiserast.
Biletet under er frå ei av løene på Western Junior Livestock show.



I livestock judging rangerar ungane dyra (f.eks 4 kviger) etter korleis dei ser ut. I dei eldste klassane må dei gje ei grunngjeving for rangeringa si. Ved denne bedømminga bedømte dei 6 grupper med dyr. 2 grupper med gris, 2 med sau, 1 med kviger og 1 med kastratar. Dei får poeng etter kor ”einig” dei er med ein ”standard”/rangering som er sett opp på førehand. Er du rett flink i livestock judging kan du få stipend til college. Somme college har lag i livestock judging, på lik linje med football- eller baseballag.

Kunst!!



Slik såg maisen her på farmen ut 6.oktober:



Ash kom og krevde full oppmerksomhet mens i plukka tomat :)



Amerikansk attlege...

0 kommentarer: