onsdag 19. november 2008

No er kvardagen som cowgirl over

Og den store roadtripen i gang!

Rune kom på mandag kveld. Bagasjen kom ikkje før tirsdag kveld...
Men me hadde lyst å komme oss av gårde, so me køyrde eit par timar og sov i Gillette, Wyoming.

I dag har ruta vore Gillette - Buffalo - Worland - Riverton - Lander - Rock Springs.
Ei bygd me køyrde gjennom heitte faktisk Eden! Der sa skiltet at det budde 220 personar.

Landskapet har variert frå fjellpass og svinger à la Trollstigen til uendelege vidder. Rune har knipsa i veg! Medan eg har vorte god venn med cruise control`n :)

Planen for morgendagen er Salt Lake City.

Gratulerer med dagen til begge mamma`ene!
Og gratulerer med overstått til Lone og tante Randi!

Ingen kommentarer: