lørdag 8. november 2008

Snø og daglege syslar

Dette innlegget vart skreve torsdag 6.november, men då virka ikkje internett her i huset. Enjoy!

I dag, torsdag, vart det innedag. Det byrja med vind og regn midt på dagen i går, seinare gjekk det over til snø. Framleis bles det, og det snøar litt. Vanskeleg å seie kor mykje snø som har komme, sida det bles seg i skavlar rundt om. Det er under ½ meter, men nok til at skulane er stengt i dag.

Klokka 07 var eg ute i løa og ga Dan medisinen sin som vanleg, og sørgja for dei 2 lamma der. 2 av hestane er her òg no, dei hadde med rette søkt ly i løa og stod og såg ut på snøkaven. Resten av hestane er som vanleg oppe på ranchen, ute på beite. Men dei har tak dei kan gå under.
So hjalp eg Craig i andre løa. To småsjuke kalvar står inne der, i tillegg tok me inn 5 stk som har vore litt sjuk tidlegare. Resten såg ut til å greie seg brukbart ute. Heldigvis er det ikkje altfor kaldt.
Heldiggrisene som fekk komme inn. Naturen har forresten sørgja for Halloween-dekorering!



So seint som laurdag arbeide eg ute i t-skjorte. Men vêrmeldingane er ganske spesifikke, so allereie for eit par dagar sidan sa dei på radioen at ”the snowstorm” ville komme kl. 17 onsdag og vare til kl.17 torsdag. ’Snowstorm’ på amerikansk kan nok ikkje oversettjast direkte til norsk. Snowstorm, rainstorm og thunderstorm er uttrykk for snøkave, regnvêr og tordbyger.

Som sagt går hestane ute på beite oppe på ranchen når dei ikkje vert brukt. Når me skal bytte hestar so hentar me dei inn. Då rir me ut med ein hest og jagar dei inn i ei innhegning. Å ha ein flokk på 9 hestar i full galopp framfor seg kjem vel ikkje til å skje so mange andre stadar enn her.. Totalt har dei 12 hestar.
Misty er pensjonert, Little Joe er ikkje innridd. Eg har ridd Maynard, Chico, Cocoa, Smokie og Big Enough. Elles er det Frosty, Sam, Glory og Einstein, og i tillegg Dan som er sjukmeldt. Altså berre vallakker, utanom Misty.

Her rir eg Big Enough. Me hadde sortert ut alle 9- og 2-åringane og førte resten ut til eit anna beite.





I går måtte me flytte desse kyrne ut frå dette beitet igjen. ’Unit 2’ har ingen vegetasjon, so me flytta dei til ’the middle creek pasture’ som vil gje dei meir beskyttelse i styggevêret. Me brukte pickup og ’cake’. Kyrne kom springande langt unna i frå når dei høyrte pickupen og at me fløyta. Dei veit at det betyr fôring. Til saman var det ca 200 kyr i beitet. Me oppdaga samstundes at det var 6 kalvar me ikkje hadde fått me oss inn då me skulle…



Her er ’the pivot’, vatningsanlegget. Eg sjekka girolja på alle hjula i førre veke, 14 i alt.



På fredag var det jo Halloween her. Eg var med då Callie og 2 venninner gjekk ’trick or treat’. Det vil seie, eg gjekk ikkje på dørene, eg stod på fortauet i lag med Deb og mora til tvillingane. Men jentene spanderte av ”overfloden”, so vart nok godteri på meg og :) Foreldra er med barna og går, og dei går berre til hus der utelyset ved ytterdøra er påslått. Er det ikkje på er det eit teikn på at dei ikkje ønskjer besøk. Dei fleste husa har dekorasjonar i hagen og på huset. Det første huset me gjekk til hadde fleire imponerande gresskar!
Her er gresskaret Callie skjærte ut.



Førre torsdag tappa Cliff og eg tom fleire drikkekar på Ruby place, og gjor dei rein. Mykje svart suppe! Dette karet er laga av eit lastebil(?)dekk.




Søndag var eg med på ”4H recognition banquet”. Det var for alle 4H-klubbane i Butte County. Ungane fekk utdelt diverse plakettar, i mange ulike kategoriar.

Her er me på veg til ranchen med sauer. Der sorterte me søyer og årslam frå kvarandre. Lamma vart lasta på hestehengaren, som for anledninga hadde dobbelt ’deck’, og køyrt til nokre attleger ved Ruby place.






Her skal eg sette nytt øyremerke på ei ku som hadde mista sitt.



Cliff, eg og Lilly stoppa og hadde ein liten ”fotosession” etter at me hadde vore på ranchen og reparert litt gjerder.








Her er Dan, som framleis får medisin 4 gonger for dag. Serum frå sitt eige blod får han to gonger, Silvadine får han alle gongene, + Saline til å skylje det andre igjennom slangen. Og på morgonen får han litt smertestillande pasta, i munnen. Han var til kontroll tidlegare i veka og dyrlegen seier det ser bra ut.



Eit par stemmningsbilete frå i dag tidleg.





Eit lite blinkskot frå bensinstasjonen. Lastebil eller bobil? :)




Om ei veke har eg min nest siste arbeidsdag her. Litt rart å tenkje på at det har komme so langt. Eg hugsar kor langt fram november syntest i februar… Men sidan då har eg opplevd mykje av det eg har drøymt om! Ein del av dette er ting eg nok aldri får gjort igjen. Men ein ting er sikkert: eg skal ha mine eigne kyr og sauer, ein vakker dag! Men ikkje so mange som 290 og 1200 av kvar, hehe.

”Lista” over ’slekt og vener’ som ventar smått til neste år vert berre lengre og lengre :) Gratulerer til alle! (ingen nemnt, ingen glemt).

0 kommentarer: