mandag 25. februar 2008

Forste bileta!



Daa har eg endeleg faatt lagt til nokre bilete.
Det overste er av huset eg bur i. Vinduet til rommet mitt er det nede ved forste trappetrinnet. Dora til venstre er inngangen.
Nederste biletet er fraa daa me samla kyr. Deb sitt til hest. Heilt til hogre ser du 'lemmen' opp til lastebilen.
Eit lite samandrag av kva eg har gjort dei siste dagane.
Torsdag sette eg opp lammingsbingar fram til lunsj. Brukte ein gammal Dodge pick-up til aa frakte lemmar fraa eine laaven til andre. Heim til lunsj kjorte eg paa highwayen for forste gang!
Etter lunsj hjalp me ein kalv som var fodd dagen for, aa suge. Det tok si tid, men etterkvart fekk den det til. Dei har ei innreiing spesielt for slikt. Kalven var ganske stor, Deb meinte han var den storste dei hadde faatt.
Etterpaa var me i andre laaven og adopterte vekk ein kalv som hadde ei mor utan mjolk, til ei som hadde faatt ein dod kalv. Det gjekk veldig greit. Kalven fann spenane kjapt, og kviga sto som ein prest. Ogsaa daa brukte me ei slik innreiing. Kviga fekk ei beroligande sproyte for me gjekk. Har ikkje hoyrt anna enn at adopsjonen gjekk greitt.
Paa kvelden viste eg dei bileta eg har paa pc'n min. Det etterkvart vanlege sporsmaalet dukka opp: er sostera di eldre eller yngre enn deg? Hehe, og svaret er bestandig: ho er sju aar yngre enn meg.
Har ein litt trasig forkjolelse, so fredag hadde eg ein forholdsvis roleg dag. Paa ettermiddagen skulle me paa ski med 4H-klubben. Paa veg dit kjorte eg den Dodge pick-upen til ein verkstad. Gjennom Belle Fourhe og greier. Det gjekk gulle godt.
Skitrekket heitte Deer Mountain. Eg leigde snowboard. Knoela skikkeleg i 'barneheisa', for det var slike runde plater til aa ha mellom beina. Funka daarleg med snowboard, iallfall for meg. So tok stolheisa i staden. Og stolheis er skummelt nok med sikkerhetsboyle, men her var det ingenting slikt! Men etter eit par turar gjekk det heilt greit. Verken prepareringa eller belysninga var imponerande, men hadde ein fin kveld. Til slutt var det ballongslipp der kvar ballong hadde eit nummer. Eg vann eit slik "skru-teiknebrett", som ikkje verka skikkeleg :P Deb var veldig flink aa presentere meg. Fekk sporsmaal om kva for skule eg gjekk paa. Dei rekna med eg var ca 17 og gjekk paa high school, hehe.
Laurdag var daa me var aa henta ein flokk kyr. Seinare jaga me sauane inn i lammelaaven. Ei hadde lamma. Brukte rundt to timar paa aa faa tak i ho og faa ho inn. Eg var "vegpassar", so eg hadde ikkje so mykje action. Men Deb maatte til slutt fange ho med tau iallfall, fraa hesten.
Sondag baka me og sorterte sauer, som eg allereie har fortalt om. (Det som saag ut til aa verte eit blaamerke vart berre eit saar. :) )
I dag har det igjen vore ein roleg dag for meg, sidan veret gjorde at det ikkje vart saueklipping. Har fora litt dyr her heime, og baka litt. (og kjeda meg litt...). Fekk noko forkjolelsemedisin av Deb, som faktisk virkar, for vart daarlegare naar det var tid for ny dose. Faar haape den ikkje er altfor skummel.
Satsar paa at det vert saueklipping i morgon. Treng litt action no. Er ikkje her for aa sitte inne. Men slik er det naar forkjolelsen slaar til..
Take care!

søndag 24. februar 2008

Liten rapport

Her er det sondag ettermiddag no. Har baka og styra ein del i dag. I morgon skal dei klippe sauene, so trengs ein del mat til alle folka.

Har gjort litt meir spanande ting i dag og. I gaar tok me sauene inn i lammelaaven. Og i dag sorterte me ut bekrane. Trur det var ca 320 soyer og 24 bekrar. Det byrja ikkje so bra; porten og sauane bevega seg fortare enn meg... Blaamerke i panna og naseblod. Alle kom paa rett plass til slutt.

I gaar var eg litt "ekte cowgirl" ;) Nokre av kyrne gjekk paa eit beite eit stykkje herifra. Me samla dei med hest og lasta dei paa ein lastebil. Ei av kyrne haddebyrja aa kalve. Naar me kom heim med dei drog Craig ut kalven, som var dod. Han sjekka og kjente ingen fleire kalvar, men i dag tidleg viste det seg at det var ein til der likevel, men han var og dod.

Westernsalen var himmelsk aa sitte i. Men har ikkje heilt 'teken' paa toylene enda.

Har meir aa skrive, men maa straks gaa. Skal kjore bort all maten til "the Ruby place". Det er der klippinga og lamminga skal foregaa. Det er eit par kilometer herifra.

Naar det gjeld ville dyr er det nesten som aa vere paa Hoem :) Har sett baade fasan, kalkun, antilope, raadyr, hjort og hare.

onsdag 20. februar 2008

Litt til

Det har allereie skjedd litt sidan eg skreiv forrige innlegget.

Var aa skulle sjekke ei kvige som sannsynlegvis skulle kalve. Og der var det jammen komme ein kalv. Men det var ikkje den Craig trudde skulle kalve. So straks skal eg ut og sjekke igjen. Dei gaar i innhegninger ved loa (the barn), og kalvar der.
Craig kom innom og me kjorte kalven inn i loa. Eg og kalven i ein plastikkslede, og Craig paa firhjuling :)

Heia :)

No er det onsdag føremiddag her. Fekk ei uforutsett pause, so då nyttar eg mulegheita til å skrive litt i bloggen.


I går fekk eg kjøpt eit stikkontaktadapter m/konverter, so no har eg fått lada opp kameraet og pc`n! Jippi! Eg fekk til og med 10 dollar avslag når eg kjøpte den. So no er plana å skrive blogginnlegga på min pc og bruka deira sin til å legge dei på nettet. Får bruke heile alfabetet og slepp at i`en automatisk forandrar seg til I.

Tidlegare i dag puncha eg inn haustvektene til kyrne, på excel. Dei vog frå ca 450 kg til ca 700 kg. Her brukar dei pound. 1 pound er ca 450 gram. Seinare skal Craig vise meg korleis ein legg inn desse vektene i eit eller anna program.

I går var eg med og tok bilete av kvigene og oksane, til salgskatalogen. Deb var fotograf og eg var sekretær og oppmerksomhetsfangar. Bileta av oksane vert tekne frå sida, med hovudet retta framover. Magen skal helst vere litt sid, ikkje oppknept, og den næraste bakfoten skal stå litt lengre bak enn den andre. So det vart mykje vifting med armar og skriveblokk, plystring og nynning. Alle oksane, utanom ein var greie. Ein kom i fullt firsprang mot meg, so min første tanke var; ”næraste gjerdet!”. Men det var visst feil taktikk, det funka mykje betre å gå mot han…

På kvelden spela Callie og eg spel. Gjett kven? og damm. Smart tiåring må eg seie, men også litt sta og ærgjerrig :)

Sidan eg kom har temperaturane lege 3-4 grader over og under 0. Her brukar dei Fahrenheit, men temperaturmålaren i eine bilen viser celsius og, so eg har fått følgt med litt. Det er litt snø, men ikkje slik at det dekker. Det har vore ein del vind i det siste, men sola er stort sett framme og varmar noko.

Saueklippinga skulle eigentleg byrje førstkommande laurdag. Men i går ringte klipparen og sa at dei ikkje kom før på måndag… Deb og Craig var ikkje mykje blid for det.
I morgon skal eg starte og sete opp lammingsbingar. Lamminga startar ca 29.februar. Då skal ca 300 av sauene lamme.

Det er sant at i Amerika er alt stort! I går var eg med å handla mat, so nytta anledninga til å kike på alt det rare du kan få kjøpt. Det som tok kaka var sennep med Jack Daniel`s whiskey! Like bak kjem ”smakstilsetning” til grillrøyken.
Det aller meste er i større forpakningar enn heime i Noreg. ”Halvlitersflaskene” med brus er 591 ml, mjølka er i 2 liters kanner, is får du kjøpt i 4,25 liters bøtter, og 4,5 kg kjøttdeig snabbar. Til og med kjøttpåleggskivene er tjukkare.
Elles er det veldig mykje ”søtmat”. Kaker, bollar, søtpotetstuing med marshmallows-topping, osb. Det reklamerast på produkta at dei inneheld lite feitt, men sukkeret trur i ikkje at det er spart på.

Mykje er slik ein har sett på film, hehe. Alle dørhandtak er runde, gasskomfyr, tjukke vegg-til- vegg-tepper, vattepper i staden for dyner, doble ytterdører (ikkje overalt) og kjøtt til middag.

Har fått høyre frå fleire at i ser yngre ut enn i er. På måndag var ei dame frå Tri-State Livestock News innom og diskuterte reklame med Deb. Og ho synst i såg ut som i var 14 år… Greitt nok å sjå ung ut, men…hehe. Huska godt den gongen i var 11 år og vart teken for å vere 14. Det var nok større stas då.

Trappa ned i kjellaren er veldig glatt, so ikkje bli overraska om det kjem rapport om eit fall ned den trappa, i løpet av tida mi her.

Det er frykteleg rart å tenkje på at i er omtrent på andre sida av jorda enn dere der heime. Av og til er det veldig veldig lenge til desember. Andre gonger er tanken på alt i skal oppleve veldig veldig kjekk.

Håpar dere har det bra der heime!

søndag 17. februar 2008

Dei forste dagane

Heia folkens!

No har i vore nokre dagar her paa Bar 69 Ranch. Kom paa torsdag kveld i halv elleve tida paa kvelden. Det var ein lang tur, men alt gjekk greitt.

Familien i bur hos bestaar av mor Deb, far Craig og dattera Callie paa 10 aar. Deb og Craig er i byrjinga av 50-aara. Dei har og ein son paa 20 ,men han er berre heime i helgane, so han har i ikkje trefft enda. Dei to eldste barna er 25 og 29, og bur i andre statar.
Familien er veldig triveleg. Dei har hatt traineear kvart arr i mange aar, so dei er vant til det.

Dei har 1200 sauer. Forste pulje skal byrje aa lamme neste veke etter det i har forstaatt.
Kveget dei har er av rasa Angus, heilt svarte dyr. Kvigene driver aa kalvar no, men i har ikkje vore borti dei enda. Slik i har forstaatt det har dei 47 kviger, 290 kyr og 8 avlsokser. I tillegg har dei ungdyra, som skal seljast. Dei selger dyr til avl, ikkje til slakt.
Dyra er lokalisert paa fleire stadar, har ikkje heilt oversikt over alt det enda.

I ligg 8 timar etter dere, men tidsforskjellen vart ikkje noko problem. All sovinga paa flya hjalp sikkert til. La meg i ett tida den kvelden i kom. Og da i vakna dagen etter rekna i med at det var langt paa dag sidan i var so vaken, men da i hadde dusja og gjekk paa kjokkenet, so var klokka 07.40! Mobilen gjekk tom for straum i lopet av natta, so hadde ikkje noko klokke. Stikkontaktene er annleis her, har ikkje faatt lada opp noko, men dei skal ha ein “transformer “ liggande so skal leite etter den seinare… Da faar i lada opp kameraet og, so faar i lagt ut litt bilete etterkvart.

Forste dagen var i med naar Callie skulle besoke ein kattesandfabrikk, i forbindelse med ei oppgave ho har i naturfag. Fabrikken ligg i Wyoming, so i har vore i 2 statar allereie. Etterpaa var i aa kjopte forskjelleg smaating. Prisnivaaet er litt lavere her, so det folest som aa vere paa salg heile tida :)

I gaar var i med Deb aa arbeida. Forst sette me ut nokre tonner med for, til kvigene og sauene. Det saag ut som stivna melasse, men det var ei blanding av diverse trur i. Det var iallfall slik at dei skulle slikke det i seg. So lasta me opp hestane dei hadde her heime og drog “up north”. Det er der sommarbeitet deira er. Dei har eit hus der og. Resten av hestane deira var der oppe, og ein hyggeleg mann skar hovene paa alle og skodde nokre av dei. Me var og aa sjekka avlsoksene. Deb gav dei brod fra planet paa pick-upen medan i kjorte den :) So spruta ho lusemiddel paa dei, for dei hadde faatt lus.
Det er forresten myykje pick-upa her! Hestehengarane er festa til eit hengarfeste midt paa planet paa pick-upen. Pick-upen i kjorte (nokre meter…) er ein Dodge Ram 3500 Big Horn edition, stor ein altsaa. Ellers er det ein del Ford og Chevrolet her.

Om det er alle nye inntrykka eller kva det er, iallefall er i kjempetrott om kvelden. Aa sovne for klokka er halv ti er ikkje vanleg for meg som har lakenskrekk, men det kjem nok til aa verte rett so vanleg her.
Arbeidsdagane mine vil byrje klokka 07.00. Og vanlegvis vare til kl 19.00, etter det i har forstaatt.
I dag har i fri. Etterpaa skal i vere med naar Callie skal til pianoleraren sin. Daa tenkte i aa rusle rundt i Belle Fourche og kike litt. Forstod det slik at det er ikkje alt som er stengt paa sondag.

Spraakmessig har det gaatt veldig bra. Det er ikkje alt i forstaar slik uten vidare, naturleg nok. Men dei seier at engelsken min er veldig bra :)
Det er veldig mange rundt her som har norske anar. To av dei me prata med paa kattesandfabrikken hadde familiemedlemmar som stamma fra Noreg. Han eine syns i likna paa ein skuespelar, so han fann tak i eit bilete av ho paa nett. Trur ho heiter Julia Osmond eller noko slikt.

Veit ikkje kor ofte i kjem til aa faa skreve noko her, men kanskje eit par gonger i veka.

Gler meg til aa komme i gang aa arbeide no og bli kjent med rutinene. Det vert lange dagar, men forhaapentlegvis veldig lererikt.
Skal kjope bil etterkvart, so da faar i mulegheit til aa komme meg litt rundt og utforske. Veit ikkje enda om korleis det er med andre traineear rundt her, men har faatt ei nettadresse der i kan sjekke ut det.

Haapa dere har det bra heime i Noreg!

tirsdag 5. februar 2008

Test

Ei veke til avreise no....


den som intet våger intet vinner