søndag 25. mai 2008

Bilete i fleng

Laurdag fekk eg fri. Drog til Rapid City og svidde av noko dollar.
Det første, men ikkje det siste, paret med boots vart innkjøpt. Mykje fint å få!

Åt på ein mongolsk resturant. Der plukka ein det ein ville ha av grønsaker, kjøtt, nudlar og saus, so stekte kokken det på ei stor "takke" i enden av buffeten. Nam nam!

I natt overnattar Cliff og eg hos vertsfamilien til Renata, den brasilianske jenta me har vorte kjent me.
I morgon skal me vere me i kyrkja, før me skal heim å behandle sauar&lam som skal sendast på beite.
Anna kyrkje dette, Hilde. So endå er det håp ;)

Her i Spearfish, (kor eg eigentleg skal sove no) er det eit supert trådlaust internett. So no nyttar eg anledninga til å legge ut nokre fleire bilete.


Her er nokre av sauene med lamma sine, utanfor lammeløa.



Merkelegaste kvilestillinga eg har sett...


Forrige helg kom Callie heim med ei skilpadde, etter ei helg i Ekalaka i Montana.
Det er ei 'paint turtle'. Ho låg på rygg ein dag eg kom inn, so då var eg snar å ta bilete.



Her ser du nokre kyr på tunet på ranchen (the north place / up north). Me var der å brennemerka kalvar på tirsdag.


Og her ser du korleis brennemerkinga foregår. Vanlegvis er det Craig som merkar, men han var ikkje riktig klar endå her.
Eg held halen, for dei som lurer på kva eg gjer bak der :)


Cliff og eg tidlegare i kveld, på mongolsk resturant i Rapid City.

Dei siste dagane har vore veldig rolege. Fått anledning til å sendt pakker ;)
So no er eg opplagt og klar for meir jobbing.
Seier det no, men kanskje ikkje i morgon.. For dette vert ei kort natt, men men..

Håpar alle har det bra der heime! Savner dere!

fredag 23. mai 2008

Æ Ø Å

Jammen på tide med ei oppdatering her no. Og no har eg straumkonverter som verkar, so kan skrive på min eigen pc og då blir det litt lettare for dykk å lese. Det betyr og at eg kan ta bilete igjen, og den mulegheita har eg nytta til det fulle!

Dei siste vekene har vore veldig hektisk, men no har det roa seg. Sitt her midt på dagen og skriv, har ikkje heilt fri, men har ingenting anna å gjer. Det skuldast delvis eit fole til regnvêr som byrja i går.Muleg me skal avgårde å kike på bil til Cliff seinare i dag. Elles er det fôring av kopplam som står på programmet, av det eg veit.

Forrige veke køyrde eg pick-up og hengar med 9 kyr i, til ranchen. Tyngste lasta eg har køyrd, so det var ei grei erfaring å få. Craig hadde semitraileren fullasta, pluss at det var ei hengarlast til.Kalvane i denne bønsjen vart brennemerka på tysdag. Forøvrig ein veldig fin og varm dag.

Denne dagen hadde me besøk av ei jente frå Brasil som er utvekslingsstudent på high school i Spearfish (nabobyen). Cliff var veldig glad for å bli kjent med ho. Sjølv om engelsken hans har vorte mykje betre sidan han kom, so slit han med å forstå alt. På kvelden drog Renata, Cliff og eg ut og åt og på WalMart før me køyrde ho heim. WalMart er som ein gedigen Europrisbutikk, eller noko i den lei. Vart ein del handling på meg… fann meg mellom anna arbreidssko (som eg ikkje treng å bruke tjukke ullabbar i..), t-skjorter&labbar (slik at det kan gå lenger mellom kvar gong eg må huske å vaske klede ;P).

I forrige veke henta eg bilen min hos den veldig hyggelege mekanikaren dei brukar. Han nemnte på telefonen at batteriet på bilen var dårleg og at eg sikkert måtte skifte det snart. Då eg skulle ta laust derifrå var batteriet flatt. Han ringte til eit delefirma i Belle Fourche, dei kom med eit nytt batteri til garasjen hans og han skifta det. Snakk om service, og det heile kosta meg 55 $. Resten av reperasjonane han gjorde betalte eg 265 $ for. Han sveisa bunnpanna, fiksa bagasjeromsåpnaren og dørstopparen på førardøra, og hadde fått tak i ein liten plastdings til låsen på passasjerdøra. Med andre ord er han rett so rimeleg.

Han har ein hund som heiter Molly. Ho kan det kulaste trikset! Du seier ’bang’, og ho legg seg ned som ho vart skoten. Ho er sibirsk husky, med 1/16 ulv i seg.

17.mai vart nok ikkje feira so veldig av meg i år. Men i lunsjen var eg på nett å kika på bilete på rbnett.no, so litt stemning fekk eg med meg :)

18.mai fylte Deb 50 år, men heller ikkje den dagen vart feira so veldig. Dagen etter var foreldra til Craig her på middag og me hadde verdens beste iskake til dessert.

I går hadde Callie sin siste dag på skulen før sommarferien. Dei byrjar på igjen 25.august, so dei har ein del lenger sommarferie enn me har i Noreg. Men dei har også lengre skuledagar. Callie er på skulen frå 8.00 til 15.15. Ho skal byrje i ’6th grade’ til hausten.I går kveld var me på skuleavslutninga deira, på rec.centeret.
Forrige veke var me på konsert med alle elevane til Callie sin pianolærar.

Kveld her no, og det regnar som berre det endå. I ettermiddag var eg å henta ein storsekk kraftfôr, med eine pick-upen. Som sagt tidlegare; her vert det brukt pick-up til ting me i Noreg brukar traktor til. Har sett skuffande lite store traktorar. Møtte ei kolonne me lastebilar i dag som hadde korntreskarar lasta opp, flunkande nye John Deere treskarar.

Prøvde meg på ein ’drive through’ minibank her ein dag. Ikkje verst oppleving det. Her trur eg alle minibankane er ’drive through’, har endå ikkje sett ein på veggen slik me har det heime.


Dette biletet viser oss når me behandlar lam. Lamma får ein sprut med eit insektmiddel (UltraBoss), ormemiddel og eit blått merke: 69. Har ikkje heilt sansen for denne sauemålinga; grisete greier.Etterpå får søyene insektmiddel og ormemiddel, før dei vert lasta på semitraileren og køyrd på beite.


Her er eit bilete fraa lammeloa.


Biletet over er fraa daa me fertilitetstesta oksane. Knappen dyrlegen vrir paa regulerar straumstyrka oksen vert stimulert med..

Paa biletet under ser du noko av fangbaassystemet.


Det siste biletet viser nokre av innhegningane paa Ruby place. Loea du ser var den me brukte under lamminga i mars.

mandag 12. mai 2008

"samandrag"

Gratulere med overstaatt til Bestefar, tante Svanhild og onkel Inge !
Kika gjennom dagboka for aa sjaa om eg hadde noko aa fortelje dere fraa den siste maanaden. Og litt er det jo :)

17.april hadde Bar 69 Angus Ranch sitt aarlege oksesalg.
Heilt sidan eg kom har alle landbruksavisene vore fulle av annonnser for alle ranchene sitt aarlege oksesalg. Dei foregaar enten paa ranchen eller paa ein 'livestock exchange'.
Deb og Craig hadde sitt paa Belle Fourche Livestock Exchange.
Dette var ei anledning daa eg kunne saga av venstrehanda mi for aa ha eit opplada digitalkamera... For aa hoyre pa auksjonariusen var ei oppleving i seg sjolv! Skulle gjerne ha hatt han paa film/opptak. Der gjekk tunga og munnen fort altsaa. Det var meir som ein mellomting mellom sang og "lydlaging", for det var ikkje berre rask prating.
Oksane deira gjekk for mellom 1200 - 4000 $. Gjennomsnittet var 2070 $. Dei solgte 45 stk, seinare har det vore folk her aa kjopt nokre. Totalt hadde dei 60 stk til salgs. Dette er oksar som gaar til avl, so i desse dagar byrjar vel ein del av dei paa jobben sin.
Snakka med ei dame fraa Montana paa salget. Besteforeldra hennar kom fraa Noreg, og familien hennar brukte framleis lutefisk, lefse og riskrem paa julaften :)

Eit par dagar etterpaa henta me inn dei sauane som driv aa lammar no. Dei gjekk paa eit beite paa andre sida av highwayen her. Dei skulle til 'Ruby place' so me maatte drive dei langs highwayen eit lite stykke, og det gjekk bra. Det var ei som sneik seg paa feil side av autovernet ein gong, men daa slo 'den frenske cowgirl' over i galopp og ordna opp ;p haha
Men foer me kom so langt maatte me dra opp to saue fraa grova inne paa beite. Kjekt med tau og hest daa.

Eit par dagar etterpaa vart sauane klipte. 4-5 klipparar brukte ein og ein halv dag.
Denne gongen jobba eg framfor hengaren, med aa bere vekk ullfellane fraa borda og koste vekk ruskeulla. Hadde god utsikt til staute mannfolk ;)
Kom paa aa laane kameraet til Deb den dagen so har ein del bilete (men kjem paa at me har ikkje lagt dei paa dataen endaa).

Sist eg loyste ut lonnssjekken min gjor eg det i ein 'drive through'-bank. Du la det du hadde i eit royr, som vart sendt inn. Minte meg om noko i Austin Power filmane.

Ein av kveldane me drog paa rodeo leverte me nokre oksar foerst.
Nok eit bevis paa at ein maa ta av fra interstate'n for aa verkeleg sjaa Usa. Mykje fin natur.
Mannen som skulle ha desse oksane driv med leasing av oksar.
Han var ein imponerande mann. Han har hatt kreft dei siste 6-7 aara, men staar paa som berre det. Men no skulle han slutte med leasing av oksar, for han ville trappe ned litt.
Han var verkeleg ein mann aa bli inspirert av!

Ellers har me brennemerka kalvar eit par gonger, trur me skal til igjen seinare i veka eller i neste veke.
Har faatt framkalla bilete fra ein av gongane, men har ikkje henta cd'en endaa (dei sendte inn negativane etter at eg henta bileta).

Bilen er paa verkstad og faar fiksa bunnpanna si og litt smaatteri. Har uansett ikkje tid til aa bruke den no. Dei fleste dagane denne veka har klokka vore over halv ti foer eg har vore inne om kvelden.

No er det som sagt lamming det gaar i. I dag fann sauane ut at dei skulle ta det litt rolegare, so no er det faktisk nokre ledige lammingsbingar. Loea har vore stappfull heile veka. Det har vore sauar "overalt".
Eg har faatt oppdraga med aa faa lamma til aa suge, i tilfeller der det har trengtes. Til doemes ved store spenar eller anna. So har faatt krangla mykje med trasige soeyer og dumme lam, hehe.
Men fole kjekt aa sjaa at det av og til loenne seg.
Har etterkvart drista meg til aa gje lamma med sonde (royr ned i magen) sjoelv, i stadenfor aa springe etter Deb, naar det trengst.
Foring av kopplam er ogsaa min jobb. Det varierar kor spanande det er, i gaar trur eg at eg dubba av nokre augenblink medan eg satt og gav dei flaske.

For aa unngaa det fleire gonger er det vel paa tide aa gaa aa leggje seg... :)

Veret her har vore heller daarleg i det siste. Ein god del regn, og noko sno. Det vert fole gjoermete her naar det regnar, so eg er temmeleg lei gjoerme! Men det skal visst verte fint ver utover veka.
Fekk straumkonverteren som eg bestilte paa nett, men den virka ikkje. Er liksom ikkje maate pa kor uflaks eg skal ha med den greia. Ringte i dag og dei skal sende meg ein ny ein. So no er det berre aa krysse fingrane for at det vert suksess denne gongen...

Rapport om jordbruksoppgjeret mottas med takk :)

søndag 4. mai 2008

Rodeo :)

Maa no fortel at eg har vore paa rodeo!
Og det to kveldar paa rad. Forrige helg var det college rodeo i Spearfish og Rapid City. Chase, sonen her i huset deltok. Han rir saddle bronc. Me kom for seint til aa sjaa han paa fredagskvelden, men kjaeresten hadde det paa video. Paa laurdagskvelden datt han av, so det vart 'no score'. Han rei paa soendag og, daa vart det 2.plass.

Forutan saddle bronc, so var det bareback riding, breakaway roping, goat tying, steer wrestling, team roping, barrel racing og bull riding.
Skikkeleg artig! Mykje meir action enn ein fotballkamp.

Mamma; du treng ikkje sende ost, men kan godt ta med litt naar dykk kjem paa besok :)
Dei har vannski som dei brukar av og til om sommaren, paa ein innsjo her. So eg skal nok faa meg ein tur i aar og, sjoel om det ikkje vert paa Malmefjorden :)

Her hadde me skikkeleg snover foer helga. Vegar stengt og styr og greier.
Det samme veret hadde nok ikkje vore like gale i Noreg. Her har dei andre forutsetnader, som til doemes er det ikkje vanleg med piggdekk, utstrakt broeyting eller hus for alle dyra.

Gratulere med dagen til Elena!
Har kjopt gave, men tida faar vise naar det vert tid til aa komme seg paa postkontoret...

Natta :)

lørdag 3. mai 2008

Hei hei :)

Eg er i live, dersom nokon skulle byrje aa verte i tvil :)

Har vore mykje lange dagar siste tida. Er lenge sidan eg var inne foer klokka sju om kvelden sist, foelest iallfall slik. I dag avslutta me vel klokka ni, og so kjoerte eg heim to ungar som har vore her i dag og hjulpe til. So no er klokka sengetid og vel so det, men synsest det var paa tide aa vise livsteikn ;)

No er lamminga i full gang! Me har sauane i ei anna loee enn sist, ei stoerre ei. Likar oppsettet av lammingsbingar og vatnsystemet betre denne gongen.

I dag rei eg rundt blant kvigene og registrerte brunst, so i morgon tidleg vert dei foerste inseminert.

Har foregaatt mykje sidan sist eg skreiv, men faar seie noko om det ein annan dag.

Tusen takk for bursdagsgaavene!
Skikkeleg kos aa lese Bondebladet igjen ;)
Har framleis litt brunost igjen, sparer litt paa siste pakka.
Callie: That brown cheese freaks me out.
Hehe

Hade bra so lenge!