mandag 30. juni 2008
Paa tide med ny oppdatering..
Etterpå gjekk eg ein runde i ”babyland” og fekk sett søte bjørn- og ulveungar, mellom anna. Framleis varmt til dyra, men etter ein runde i suvenirbutikken hadde det skya over og dyra var meir aktiv, so då vart det ein runde til.
Og på veg rundt fekk eg plutseleg auge på eit stort skilt; House of Scandinavia. So då vart det ein tur innom der. Det er ein butikk der dei seljer diverse skandinaviske spesialitetar og suvenir. Uttrykket ’uff da’ og lutefisk er det som er mest framheva, frå Noreg. Eg fann meg TINE Ekte Geitost, og Wasa Havre knekkebrød, so eg har fått kosa meg med brunost og sylte. Det er nesten som godteri for meg :)
På veg tilbake køyrde eg forbi Reptile Gardens, og fann ut eg hadde tid til å stoppe der og. Og der fekk eg med meg både alligatorshow, slangeshow og litt av fugleshowet. Trudde eit fugleshow ville vere litt drygt, men det var det som var mest imponerande, berre synd eg ikkje fekk med meg heile. Klappa både alligatorunge og kjempeskilpadde.
Og Karianne; om du hadde vore der so hadde du nok vore dårleg i mange dagar etterpå, for det var eit utal med slangar utstilt i glassbur. Pluss froskar og krokodiller/alligatorar.
24.juni vart siste kyrne inseminert. Då vart og dei steriliserte oksane som har gått i lag med kyrne ’banded’. Det vil seie at dei fekk eit gummiband rundt pungen, so no vert dei også ’steers’ (kastratar).
Nokre dagar før viste det seg at bommen på salen eg har brukt var knekt. Prøvde eit par salar i løpet av dei neste dagane, men det var ikkje råd å få stigbøylane korte nok, so vart litt riding ”på tå”. Eg visste at eg hadde korte fotar (eller bein er vel det korrekte å seie..), men ikkje so korte..hehe.
Men då Winona, ein kjenning, kom å skulle hjelpe til ein dag tok ho med seg ein sal dei hadde. Og den passa perfekt
Den dagen Winona var her sorterte me ut dei som ikkje var inseminert og førte dei til ranchen. Dagen etterpå gav me dei lusemiddel før dei vart lasta og køyrt til eit beite dei leier i Spearfish. Dette er eit forholdsvis lite beite, so det gjev oksen gode odds ;)
Etter beitesleppet var eg med Deb og kika på 4hjulingar, dei lurer på å kjøpe ein til. Hadde ein artig episode med seljaren der: Deb gav meg veska og bilnøklane då ho skulle prøvekjøre 4hjuling og sa –”Don`t go to Vegas”, og seljaren sa noko slik som –”You know those kids”. Både Deb og eg tenkte nok det same, og ho spurte kor gammal han var; 24. So me hadde det rett festleg når me kunne fortelje at eg var gamlare enn han. Forresten mykje fine motorsyklar der, fekk nesten lyst til å ta lappen på flekken.
Førre måndag var me på ei ’branding’ hos ein ”nabo” (spørs korleis du definerar det; avstand eller talet på hus i mellom, store forhold vettu, hehe). Dei skulle eigentleg brennemerke kalvane då me hadde det store regnvêret og flommen, og sidan då hadde dei vokse seg for stor til at eg våga meg å ”wrestle”. Vaksinering var min jobb. Smakte eit par kalvetestiklar, det var i grunn god smak på dei. Det var forresten ein del unge cowboys der, so eg hadde litt av kvart å kike på, Christine ;)
Fredag flytta me ned frå ranchen, til farmen igjen. Framleis er det mjølkefôring av kopplam kvar dag, men om eit par dagar er det slutt (forutan ein etterslengar). Elles har eg klipt ein del gras dei siste dagane; plenar og rundt om.
Ed og Craig har slått ned ein del av graset på attlegene. Dei har ei sjølvgåande slåmaskin. Noko skal rundbaljast og noko skal bli små firkantballar, etter det eg har fått med meg. Og det er høy det er snakk om, for meste alfalfa.
Vêret har vore veldig fint i det siste , rett sommar no. Har ikkje særleg med termostatar å kike på, men trur temperaturen ofte har vore oppunder 30 grader Celsius. Det er mest praktisk å jobbe i bukse, so det er berre fjeset, nakken og underarmane som får skikkeleg farge.
Torsdag til laurdag er det stor rodeo i Belle Fourche: Black Hills Roundup. Deb har kjøpt billettar til fredagen; då skal Chase ri. So det vert spanande.
Deb og Callie reiste på familietreff i dag. Craig skulle og vere med, men det er trøbbel med vasspumpa oppe på ranchen, so han vart att.
Fredagen var Josh, ein som har jobba litt for dei tidlegare, og kjærasten hans, Erin, her og ridde i lag med oss og sorterte ut nokre kyr. På kvelden vart eg med dei, og foreldra til Josh, til Deadwood. Deadwood er ein noko spesiell by.
Historic Deadwood is a town known for its rough and tumble past. Gamblers and gunslingers like Wild Bill Hickok and Calamity Jane made legends for themselves on the tough and dusty streets. Sheriff Seth Bullock and Mayor E.B. Farnum tried to tame the town, but the outlaw spirit never really died.
With ongoing restoration Deadwood is being transformed back into that same frontier town that once drew hundreds of people in search of their fortune. The entire town is a registered National Historic Landmark where you`ll find plenty of Wild West fun for the whole family.
Restaureringa vert finansiert av casinoinntekter. Talet på barar er stort, og talet på speleautomatar endå større.
Det vart nokre drammar, og jacuzzi (boblebad) då me kom tilbake, med andre ord veldig seint, so laurdag var eg trøytt, med stor T, men Deb var veldig grei og gav meg ein lett dag.
Josh og Erin er her berre på ferie, dei bur i California. So dei reiser igjen over neste helg, men hadde det veldig kjekt i lag med dei. Muleg eg skal ut i lag med dei ein av kveldane under rodeoen. Det skal visst vere streeetdance og fyrverkeri torsdagskvelden, so det har eg tenkt å få med meg. Men bør sørge for å komme i seng litt tidlegare då, so eg ikkje dubbar av mens eg køyrar plenklippartraktor, eller liknande, hehe (ja, faktisk…).
No har eg vore her 4 ½ mnd; det er halve arbeidsperioden min det… So no kjennest det ikkje lenger veldig lenge til eg skal heim. På slutten av lamminga og ei tid framover var humøret ikkje det beste og heimlengselen litt større enn nødvendig, men siste vekene har eg kosa meg meir og meir. Byrjar nesten aa lure paa korleis eg skal faa tid til alt eg har lyst til :)
Og det er jo faktisk ikkje meir enn vel 2 mnd til eg får besøk! Har mykje idear for kva me kan finne på mens dere er her :)
Hade bra so lenge!
onsdag 18. juni 2008
A.I.-ing and heat detecting
Gratulere med overstått til Anders og Åshild! Gratulere på førehand til Pappa og Maria Therese! Og til lykke med dagen og framtida til brudeparet på Nonshaugen :)
I kveld og i morgon har eg fått fri. So no er eg nede på farmen, etter nesten to veker oppe på ranchen. Den ligg ca halvtimes køyring frå farmen.
Biletet viser ein del av beitet kyrne går på no.

Der oppe er det brunstsjekk og inseminering som har, og fortsett er, vore daglege gjeremål. Kyrne går ute på beite, og kvar morgon og kveld rir me og sjekkar om det er nokon som er i brunst.
Tidlegare har alle kyrne fått eit klistremerke på krysset, der overflata vert skrapa av dersom dei vert ridd. Omtrent som eit skrapelodd, i tillegg går det to steriliserte oksar i lag med dei. Oksane har ei grime med ein boks under kjeven, eller dispenser kan ein vel kalle det. Den er fylt med måling , slik at dei avsett farge på kyrne dei rir.
Her har eine oksen fått påfyll av måling.
Når me rir gjennom dei kikar me etter kyr med heilt avskrapa klistremerke eller, helst og, måling frå oksane. Første dagane inseminerte Craig i eine løa på ranchen. Då var det å ta med dei løtne kyrne dit. Det var litt av eit prosjekt eit par gonger! No har Craig ”oppsettet” sitt ute på beitet, so me treng ikkje føre dei so langt. Men beitet er stort nok til at cowgirl og hest kan få køyrt seg godt før kua er trygt forvart i ein garde.

Slik ser det ut dit me fører kyrne og Craig inseminerar dei. Kyrne står inni kassa når dei vert inseminert, og utstyret vert oppbevart i hengaren.
Kyrne me tek inn om morgonen vert inseminert om kvelden, og omvendt. På søndag er første syklus over, og då må dei som ikkje har vorte insiminert eller ikkje teke seg, ta til takke med oksane som vert slept i lag med dei.
Her er eg på veg tilbake til ranchen ein kveld, etter brunstkontroll. Kvite 'prikken' litt til venstre er eit av uthusa.Etter kvart som det har vorte ein del inseminerte kyr har me samla alle dyra i eit hjørne av beitet og skild ut dei som er inseminert. Dei må sjølvsagt ha med kalven sin, og førast i trygg avstand frå resten av flokken. Eg står stort sett vakt for å halde flokken i ro. Første gongen me skilde ut kyr var eg so trøytt at eg omtrent dubba av i salen, so no har eg prøvd det og…
På biletet leitar Deb etter mor&barn som kan skiljast ut og sendast avgarde på eit anna beite.

Begge puljane med kopplam er oppe på ranchen no. Denne veka har dei som framleis er på mjølk gått ned til to fôringar pr dag. 5 av dei er på smokkbøtte, og det likar eg J Det sparar noko tid i forhold til flaskene, som dei andre 13 får mjølk frå. Det var ei periode eg var dritlei av trasige lam som ikkje ville drikke ordentleg, men no er det berre kos med dei.
På laurdag brennemerka me dei siste kalvane. Dei var ute på beitet so då er det vanleg med dugnad; naboar og kjentfolk kjem og hjelper til. Me samla kalvane i ei innhegning. Nokre fangar kalvane med lasso (rope) frå hest, to og to held kvar sin kalv ’nedåt’ (wrestle), nokre brennemerkar, nokre kastrerar, og nokre (m.a. Solrunn) gjer vaksiner. Når me var ferdig var det lunsj og sosialt samvær. Kastreringa foregår ved at dei skjer av pungen, og dreg ut testiklane. Nokre vart stekt på brennjarna, vart ikkje at eg smakte, men såg det stod eit bøtte med ’balla’ i kjøleskåpen. Trur òg me skal av garde på eit par ’brandings’ i næraste framtid, so det vert vel sjansar til å smake :)
På biletet over sett i vaksine. Ed spruta på lusemiddel.
Biletet under er frå ei av brennemerkingane på ranchen.

Geita til Callie og kjea hennar går i lag med nokre ”junk”-sauer. Og ein ser tydeleg at dei to kjea er meir leikne enn lamma. Dei klatrar opp på det som er råd, og hoppar og sprett rundt.
Lilly, eine hunden, måtte til dyrlegen førre veke. Ho hadde vore i nærkontakt med eit ’porcupine’. Trur det er som eit stort piggsvin. Craig fekk ut mesteparten av piggane, men nokre satt att, so då fekk Lilly ei natt på veterinærklinikken.
Her er det forresten slik at dei bringer dyra, t.d. kyr og hestar, til klinikken. I motsetnad til heime, der dyrlegen reiser rundt.
Kaktus, det ser eg "overalt" på beita. Dei har ikkje blomstra endå, men det skal visst vere fine blomster.
For to veker sidan var det flom her. Belle Fourche River og andre elver flomma over. Det var fleire stengte vegar rundt om. Det regna mykje ein periode. Det er vel typisk; nordvestlending dreg til midtvesten og har høyrt dei slit med tørke, og so opplever ho den våtaste våren sidan dei byrja føre vêrstatistikk, i 1904 eller 1905. No er alle reservoara rundt om på beita full. Somme år har dei vore tom for vatn…
Callie sin ”hobby” for tida er å finne kattungar. Trur ho er oppe i 9 stk, men dei er foreløpig for vill til at nokon av dei er til å kose med. Søt er dei i allfall :)
Misforstått han, stakkar... Det ordna seg, han byrja å gå og då kolva fôrhekken.Har ridd kvar dag dei siste to vekene. Syns det er veldig kjekt å kunne ri samtidig som ein gjer noko nyttig, ikkje ”berre” ri på tur. Det vert vel litt mindre riding når insemineringa er over, men trur nok Karina og Ljostra må belage seg på å avhjelpe litt abstinensar til vinteren :)
Bar 69 Ranch brukar hest til all flytting og slik av dyr. Trur nok det er det mest vanlege, men det er nokre som brukar 4hjuling i staden.
I morgon er plana å dra til ’Bear Country’. Det er ein ’drive through wildlife park’. Du kan altså køyre rundt i din eigen bil og sjå diverse ville dyr. Det skal vere mellom anna bjørn og ulv der. Og dei har ei eiga avdeling med innhegningar der ein kan sjå ungane til diverse artar.
Dei siste dagane har det vore fole varmt og fint vêr, so satsa på at det blir slik i morgon og..
See ya!
tirsdag 3. juni 2008
Cowgirl-fakte ;)
På begge bileta her rir eg Cocoa. Han ridde eg første gong på fredag. Har ridd 3 forskjellege hestar til no, og alle har sine gode sider. Til dømes er Big Enough veldig lett å vende, Chico har ein fin rytme i travet og Cocoa kan ha eit raskt skritt. So er veldig greitt å veksle mellom dei. Eg brukar den same salen heile tida. For her har kvar person sin sal, ikkje kvar hest, som eg eigentleg er vant til.
Her er det eit lam som måtte vere med heim og verte kopplam. Det låg rett so roleg på salen min, trur nesten det sov ei stund og.

Behandla lam og sauer har me og gjort ein del av.

Først plukkar me ut alle lamma og gjer dei ormemiddel, insektmiddel og eit ”brand” med blå måling. Etterpå får alle søyene ormemiddel og insektmiddel i ”behandlingsgangen”.


Sauer og lam som ventar på behandling. Mannen i svart hatt er Craig, vertsfaren min. Han andre er Ken. Han jobbar her delar av året. Har flira så tårane har trilla av fleire av historiene hans!
Geita til Callie har fått kjea sine. Det kvite er eit bukkekje, medan det svarte er eit heinekje. Sauen er og Callie sin. Eller sau og sau; eg trur ho har gløymt at ho er det :)
Dei siste dagane har det stort sett vore sol og varmt. (Prøva å vare flink å smør meg med solkrem altså, mamma, men litt solbrent har eg no vorte lell). Men det har og vore noko regn og torevêr. Måndagen hagla det, samstundes som sola skein so vidt i gjennom og du kunne sjå ei regnbue. Tidlegare på dagen hadde det vore sol&varmt, og seinare lyna og tora det so ein trudde ein var på diskotek. Vêret kan altså ikkje seiast å vere einsformig.
Ein morgon eg kom ut låg det ein død vaskebjørn på plena. Antakeleg hundane som er skuldig der. Nokre dagar før såg eg ein levande vaskebjørn og. Har og sett ’bullsnake’. Den er ikkje giftig, og den et mus, so den ser dei gjerne at er rundt her. Ein gong vart kyrne me førte skremt av ein slange og sette av gårde. Då var det berre å vente til dei roa seg.Rett som det er ser eg påfugl. Har endå til gode å sjå fjørpynten oppslått på nært hold, men høyrer dei ofte nok. Dei høyrest ut som eit kvinnfolk som hyler eller ein katt som mjauar veldig høgt.Har måtte stoppa for kalkun og antilope på vegen. Unekteleg litt annleis enn heime :)
Drøymte om softis her ein dag det var ganske so varmt. Tilfeldigvis var eg ferdig tidleg den kvelden, so for til Dairy Queen og kjøpte meg is: softis med KitKat-sjokoladebitar. Er mange forskjellege tilsetningar å velje mellom, og kjem nok heilt sikkert til å prøve opptil fleire av dei :)Men tør ikkje tenkje på kaloriinnhaldet, hehe.
1.juni var det 1 år sidan eg var ferdig på HiNT… Nok eit bevis på at tida går fort!
Har kika litt på vêrmeldingane heime, og det ser ut til at dere har det rett so fint :)