Jammen på tide med ei oppdatering no ja! Er oftast inne i åtte-ni-tida om kvelden, og då er ikkje kreativiteten på topp akkurat. Men no vert det nokre ord :)
Gratulere med overstått til Rune, onkel Eiliv, Åse Katrin, Anniken, Tone Beathe, Anette og Nils Arne!
Her i huset har både Callie og Craig hatt bursdag sidan sist. Callie vart 11, og Craig 54.
Både i dag og i går har eg fri etter at dei faste oppgåvene er gjort. I tillegg til at eg klipte litt plen i dag. Faste arbeidsoppgåver for tida er fôring av dyra som er her på farmen. Det er alle kopplamma og sauer med lam som ikkje egna seg ut på beite, to par ku/kalv, to kastratar og hestane. Hesten Chico fekk eit ekkelt salsår tidlegare i sommar, so me smør på han sink-oksyd dagleg. Knall rosa smørje faktisk!
Sidan sist har eg ridd to av hestane her som eg ikkje har ridd før. Smokie og Maynard (satsar på at det er slik namna stavast..). Likar begge to, men spesielt Maynard, so gler meg til å ri han meir.
Førre veke drukna eine kjeet i vasstrauet til hestane. Slik går det når ein er ei nysgjerrig lita geit som går ut på oppdagelsesferd åleine…
Her er eit anna eksempel på at geita er noko for seg sjølv ;)

Her rir eg Smokie, medan me flytter ein flokk sauer oppe ved ranchen. (Deb er fotografen)

Her er dei avhengig av å vatne attlegene om sommaren. Det skjer på fleire måtar. Ein del vert vatna med ein stor sjølvgåande vasspreiar. Den har motor, og kan gå 360° rundt. Men på grunn av elva so går den ikkje heilt i rundt der den står no. Det heng slangar ned langs heile konstruksjonen, i tillegg til at den sprutar ganske bra i eine enden.
Det vert òg brukt vatningsgrøfter. Til dømes går det ei grøft langs to av sidene på attlega heilt ved huset her. Grøfta vert oppdemt slik at vatnet kan gå inn på mindre grøfter som går innover attlega.
Den måten som eg har vore mest borti er vassrøyra. På strategiske plassar rundt attlegene er det tilkoblingspunkt for vatn. Derifrå legg me ut aluminiums- eller plastrøyr som har opningar som kan lukkast med luker. Det er to storleikar på røyra, 8 og 10 tommar i diameter. Lengda trur eg er rundt 10 meter. Det har vore ein del lemping og bæring av desse røyra. For det er ikkje nok røyr til alle plassane som skal vatnast, so me flyttar dei rundt rett som det er. Me lastar dei på ein hengar.
Her kan du sjå vasspreiaren, og maisåkeren. Dette er fôrmais, ikkje slik mais me kjøper i butikken. Dei ser vel likedan ut, men fôrmaisen er ikkje so søt som dem maisen me et.

Her ser du Craig og Cliff som legg på plass og sett i hop vassrøyr, medan eg køyrer lasta.

Her er det vassrøyr som er teke frå einannan og som me skal byrje å flytte/laste på hengaren.

Framleis pågår høyslåtten. Eg har stort sett flytta høyballar med pickup, men førre søndag køyrde eg pressa . So no har eg endeleg prøvd å køyrd rundballepresse! Kosa meg skikkeleg med å få køyre traktor, har ikkje vore all verden med det. Dagen før køyrde eg traktoren og pressa dit. Det tok ca halvanna time, so hadde god tid til å sjå alle motorsyklane på vegen. Graset eg balla er det eg har litt lyst å kalle præriegras. Det var iallfall ikkje noko blad på graset. Pressa fungerte bra medan eg køyrde heldigvis, men ein dag seinare var det tull med ho. Det var den dagen både pressa og slåmaskina streika. Men eg trur begge deler er i orden igjen no. Forresten ein John Deere 4040 traktor og John Deere 535 presse.
Slik flyttar eg høyballar. Dette er alfalfa-høy.

Her ser du deler av attlegene eg balja. Tingen i høgre hjørnet er "panelet" for pressa.

Søndagen for to veker sidan køyrde eg Black Hills / Spearfish Canyon Scenic Byway. Det var nesten som å komme heim. Eit heilt anna landskap enn her eg bur, sjølv om vegen byrjar under 3 mil herifrå. Mykje skog, mest tolle, men og litt lauvtre. Canyon betyr juv, so det var høge (iallfall til her å vere) bergveggar på begge sider av vegen tidvis. Ved enden tok eg av og køyrde halvanna kilometer, til Roughlock Falls. Det var idyllisk plass det. Ei lita elv renn gjennom eit område der dei har ordna til for turistane, med bord & slikt, og treplattar ein kan sitte på og dingle med fotane i elva.
Plana då eg køyrde heimafrå var å rekke ein rodeo i Deadwood. Men eg stoppa for å kike og ta bilete litt for ofte, so rodeoen var over då eg kom til Deadwood. So det vart litt gatevandring i staden for. Kjøpte meg belte med namnet mitt inntrykt, so no var eg klar for å gå på dans meinte Craig. Endå manglar eg eit belte med stor ”buckle”, men det blir ;)
Når me først er inne på handling, so har eg investert i westernboots som eg brukar når eg rir. So no byrjar stilen å komme på plass, hehe.
Bilde frå Black Hills National Forest / Spearfish Canyon:



Måtte ta med eit bilete der bilen min var med. So har dere sett den òg :)
Bursdagen til Åse Katrin ”feira” eg ved å vere med på 4H-møte. Det vart halde hos familien Habeck, som har oppimot 300 mjølkekyr. Eldstedattera, Jessica (19), gav meg omvisning. So eg hadde ein kjekk ettermiddag der
Dei brukar ikkje beite, dyra går heilt i nærleiken av fjøsen. Mjølkestallen dei har er ein 4x2 tandem. Kyrne vert mjølka 3 gonger i døgnet, og kvar mjølking tek ca 5 timar. Dei har 3 ansette som mjølkar, i turnus slik at det er ein som har fri til ei kvar tid. I tillegg har dei ein som er ansvarleg for fôringa. Dei fôrar fullfôr, og kyrne er gruppert etter avdrått.
Kalvane bur i enkeltiglooar. Kalvane vart det einaste eg tok bilete av. Eg satsar på at eg skal tilbake dit seinare, so då får eg ta meir.
Kalveigloo

Mjølka får dei i bøtte på sida inni iglooen (luke på sida). Du kan så vidt sjå ei svart bøtte.
For godt og vel to veker sidan fekk eg ein forsmak på kva me ska gjere medan Norgesbesøket mitt er her i september. Då tok me inn alle sauane som lamma i mars og sorterte ut alle ”bekrelamma” (som ikkje er bekrar egentleg, sidan ”ekstrautstyret” manglar). Desse vart seld på auksjon neste dag, i Newell. Der er det sauesalg (auksjon) kvar torsdag. Auksjonariusen var ikkje like imponerande her som på oksesalget, men er framleis fascinert av ”pratinga” deira. Folket sett på tribuner,rundt salgsringen (manesjen). Dyra vert slept inn i eine enden, i flokkar, og slept ut i andre enden når budgjevinga er over.

Lamma frå Bar 69 Ranch, 189 stk, gjekk for $ 1,06 pr pound. Grovt rekna: 10-11 kr pr kilo. Trur gjennomsnittsvekta på lamma var rundt 95 pound (42-43 kg). Eit par søyer med vom-i-skinn gjekk for $ 6.
I september skal lamma som vart fødde i mai seljast. Og då vert søyelamma òg sortert, for å finne ut kven dei skal behalde.
I går var eg med på ein ”bridal-shower”. Naboen til ranchen skal gifte seg i september. Han har forresten ’data’ opptil fleire av jentene som har vore her tidlegare. Dei som var på ’the bridal shower’ var kvinnfolk som kjenner brudeparet (men brudgommen var ikkje der). Først presenterte alle seg, so var det kake, før bruda pakka opp gåvene ho fekk. Det var mest huslege ting og slikt.
Neste veke er det tid for Butte and Lawrence County Fair. (Eg bur forresten i Butte County. ) Fair kan oversettjast til messe eller marknad. Og det er konkurransar/utstillingar i alt muleg rart. Dyr, baking, grønsaker, korn- og grasavlingar, handarbeid er nokre eksempel. Og desse er oppdelt i utruleg mange kategoriar! Eg får skrive meir om det etter messa.
Her i USA er det generelt meir individuell konkurranse, rangering og premiering enn i det norske samfunnet.
Tidlegare denne veka hadde 4H-klubben ein ’showmanship clinic’ her på farmen. Det vart gjeve demonstrasjonar på korleis dei skal vise dyra sine på ”the fair”. Dyra som vart vist her var kalv (både kjøttfe og mjølk), lam, kanin, fjørfe, hest og gris.
Ei av jentene som var her har besteforeldre på begge sider som stammar frå Norge. Ho huska ikkje kor i Norge dei var frå, men då ho forklarte bunaden til eine bestemora so kunne det høyrast ut som det muligens kunne vere ein Romsdalsbunad. Me avtalte og møtast ein gong, so eg kunne vise ho bilete av ein Romsdalsbunad. (Flaks for meg at dere putta eit bunadsbilete i albumen min ;) )
Denne veka har Sturgis Motorcycle Rally pågått. Det vert arrangert for 68. gong, og er visst verdens største motorsykkeltreff. So det har vore mykje motorsyklar å sjå langs vegane. Tok meg ein tur for å kike laurdagskvelden. Gjekk ein runde i hovudgata, og det minna meg litt om jazzen i Molde, berre at tema var motorsykkel. Mange salsboder, med mykje av det same. Kom over ein fancy Ford F-100, so då vart det litt biletetaking :) Elles ein del spesielle folk å sjå, underhaldning åt me d.
Førre veke oppdaga Deb at bekrane hadde full tilgang til beitet kor ein del av søyene gjekk, etter at elva hadde teke med seg ein del av gjerdet. Cliff og eg brukte 5 timar på å reparere det, rakk akkurat å bli ferdig før det vart mørkt. Nokre av bekrane gjekk i lag med søyene, dei vart sortert ut. Men ikkje alle nytta anledninga til dameselskap. So dagen etter måtte Deb og eg ut på bekrejakt. Me rei og me rei, i nesten 4 timar, utan hell. Men då me var nesten framme ved ranchen igjen fann eg dei!
Finn 11 feil…!
Fredag morgon oppdaga eg ein kvit flekk på eine pupillen min. Eg fekk den ikkje vekk, men den plaga meg ikkje, anna enn at ein kvit flekk på pupillen ikkje er normalen… Nemnte den til Deb ,so ho fiksa so eg fekk komme innom ein augedoktor. Ho fekk teke han vekk, og det såg visst ut som rusket var ein bit måling faktisk...
Har kjøpt meg mobiltelefon, kontantkortopplegg. Kjekt å ha når eg skal ut på tur. Kan ringe til Norge med den, men berre til fasttelefon etter det eg har erfart hittil.
Måtte berre ta med dette biletet. Det er ei åkersprøyte. Noko større enn dei eg er vant til å sjå heime... Dette er ved eit lite beite dei leiger i Spearfish. Han som eig det driv eit firma som sprøyter avlinger og slik. Han har fly og, som han brukar.
Eg syns doningen likna på noko Reodor Felgen kunne ha laga! ;)

Håper alle har det fint heime!