Laurdagskveld her no, og Norgesbesøket er reist…. Grusomt var det; å ”sende dei heim att”. Det har vore storsvert å ha dei her!
Men det er faktisk berre nokre få veker igjen av arbeidsperioden min no. 7, for å vere eksakt.
Og då har eg eit par-tre dagar på å pakke&slik, før Rune kjem. Og då vert ca 3 vekers roadtrip. Det bli konge!
10.desember letta me frå Rapid City og kjem flygande over dammen! Slik ca i halv fire tida torsdag 11.desember kan eg sette føtene mine på norsk jord igjen! Plana er å køyre oppover. Gler meg til å sjå Norge igjen! Men er vel temmeleg sletne når me kjem til Oslo, so spørst om det vert 12. før eg pustar inn fresk frensk sjøluft.
For de som skjønnar kva eg meiner no: tenk kor det bli å komme rundt Malmekleiva denne gongen!
Er mykje eg kunne skreve no. Har jo vore dårleg med oppdateringar her siste månaden. Men det får bli ein annan dag, når konsentrasjonen er meir tilstades…
Dette er ein av dei dagane ein lurer på kva ein gjer på andre sida av jorda når ein kunne vore heime i Fræna…
Før de veit ordet av det er eg der igjen! Og då vert de ikkje so lett kvitt meg igjen!
lørdag 27. september 2008
mandag 15. september 2008
Norgesbesøk !!!
Mamma, pappa, Roy Sivert og Marita kom velberga fram på torsdag kveld, etter litt forsinkelsar. Trøytt og klar var dei, so det barst rett i seng når me kom fram til "innkvarteringa" i Spearfish.
Fredag jobba eg ca halv dag. Etter det drog me til farmen, der eg bur og henta litt klede&slik. Og ei omvisning vart det jo så klart.
Laurdag morgon tok me laust ut på tur. Me køyrde Spearfish Canyon, til Deadwood. So då fekk dei sett litt westernby :) Natta tilbrakte me i Hill City.
Søndag vart det Mount Rushmore, Crazy Horse Monumentet og Custer State Park. I Custer State Park fekk me sett mykje buffalo. Og det var ganske kult :) Denne natta tilbrakte me i Keystone.
Hill City og Keystone ligg ikkje mange kilometera frå kvarandre, men me køyrde på ein måte i runding.
I dag køyrde me mot Rapid City og var innom Cosmos Mystery Area først. Det var eit ganske spesielt område, der naturlovane vart sett på prøve. Vateren viser at det er plant, men likevel vert den lågaste personen høgast...og fleire andre rarietar.
So vart stopp i Bear Country, so då fekk Marita sett mange store, fine bjørnar :)
I ettermiddag kom me til Wall, ein by øst for Rapid City. Den er kjent for Wall Drug Store og 'free ice water'. Her vart det boots på både Roy Sivert og Marita. Og fann ut at eg kan skifte ut spenna på begge belta mine eg har kjøpt tidlegare. So no kan eg kjøpe meg stor 'buckle' ;)
Det vert ikkje so seint på kveld før me er modne for senga, og dermed står me opp tidleg og. Men no er resten av gjengen klar for å gå på saloon, so kanskje det vert litt seinare i kveld? Var forresten innom ein saloon i byen Custer. Der hadde dei sagma på golvet, men ikkje kaffi...
Verden er ikkje bestandig so stor. For i dag traff me ei dame frå Elnesvågen!! Budd andre stadar i Noreg sidan 1974, men kva er likevel sjansen for å treffe ein frening i 'junaiten'!!!
Send meir peng! Mange 'giftshops' vettu ;)

Abonner på:
Innlegg (Atom)