mandag 27. oktober 2008

God kveld godt folk

Då kjem det ei oppdatering igjen. Eg gjer jo faktisk litt anna enn berre å glede meg til tur med Rune og heimreise ;)

Hovudaktiviteten i det siste har vore avvenning av kalvane. Kyr&kalvar har vorte henta inn frå beite og sortert frå kvarandre, oppe på ranchen.
Kyrne har so vorte drektighetsundersøkt (med gode gamle metoden), fått vaksine og middel mot lus/fluge/orm. Dei som ikkje har teke seg vert sendt av garde til ”the salebarn”.
Kalvane har vorte frakta ned til farmen. Der står dei og bæljer, og får høy og havre. Først var det kvigekalvane som var her. No er dei flytta til Ruby place (den andre plassen deira her nede), der dei skal vere til dei vert seld i april. No er det oksekalvane som er her på farmen. Kastratkalvane vart seld på ”videoauksjon” tidlegare i haust, og vart frakta til ”the salebarn” førre veke der kjøparen henta dei.

Lasting av dyr på semitraileren. Fyren i kvit caps er Cliff.




Det var ei ku som hadde hatt eit ublidt møte med eit 'porcupine' (hulepiggsvin)...



Høyet kalvane får no er same graset som er ute på beita. Det gjer avvenninga enklare og det vert mindre sjukdom. Hittil veit eg berre av ein kalv som var dårleg. Han var oppblåst, men trur Craig ”fiksa” han frisk att. Det er ikkje kvart år dei har hatt mulegheit til å fôre med slikt høy. I følgje Craig kan det lønne seg å kjøpe slikt høy om ein ikkje har sjølv, sidan ein sparar seg ein del sjuke kalvar.
To av dagane i førre veke var Cliff og eg ”heime åleine” og flytta dyr på eiga hand. Eine dagen sorterte me dei frå kvarandre òg. Artig å få prøve seg på eigahand!

Her har Cliff og eg flytta ein flokk med kyr&kalvar til eit beite nærare der dei skal behandlast, dagen etterpå.



Og her er dagen etterpå, etter at me har sortert ut kalvane i ein annan flokk.



Maynard har nok vorte min favoritthest her. Rytmen hans passar meg so bra, det er veldig behageleg å trave/galloppere med han.

Her flytter me kyr, ute på "prærien".




Veronika, frå Tyskland, som var trainee her for ca 10 år sidan var her på besøk ein dag. Veldig kjekt å få dele nokre felles erfaringar med ho! Med andre ord: det er ikkje berre eg som har vore h…….s irritert av og til….

Ei heller ufrivilleg erfaring eg har gjort meg i det siste er køyring av lastebil utan bremser… Eg brukte F-600`n til å køyre vekk nokre store greiner som hadde blese ned her på farmen. På veg opp bakken til ”the dump” skulle eg gire opp i andre. Men eg bomma på giret…. Og bremsene ville ikkje verke akkurat då! Eg ratta som f… for å unngå ei skråning. Midt i all rattinga kjem eg på at det er jo ei diger vatningsgrøft der òg, og svingar endå meir, og reknar med å brase inn i gjerdet eg var på veg gjennom. Men når eg stoppar so står eg so fint midt mellom grøfta og gjerdet, so alt gjekk godt. Likar tanken på at eg ikkje fekk panikk. Resten av ”oppdraget” går det i første giret i sneglefart og tenninga vert brukt som bremse. Eg trur diagnosen viste seg å vere lekkasje på bremsesylinder.

I dag og førre søndag har eg raka høy. Stor traktor og fancy utstyr? Niks, International Farmall 544 og ei høyrake som eg tenkte ’antikk’ om første gong eg såg ho. Men det funkar jo godt, og det er jo poenget.



I dag var girolja på raka frøsen, slik det gjerne går når ein skal rake høy i slutten av oktober, hehe. Vanlegvis er dei ferdig med høyet i slutten av september, men alt har vorte seint i år pga den våte våren. Eg, som syns det er skummelt nok med gasskomfyr, vart utstyrt med propanbrennar og ein dunk med ny girolje. Det ordna saken.

Slik går det òg an å køyre traktor ;)



For nesten to veker sidan oppdaga me at hesten Dan hadde ei dårleg auge. Han vart sendt til veterinæren og kom ikkje heim før no på søndag. Han hadde skada hornhinna og fekk i byrjinga behandling kvar time, seinare annakvar time. Etter at me fekk han heim får han medisin på auga si kvar fjerde time (ikkje på natta). Me gjev det i ein slange som er operert inn slik at det drypp ned på auga hans innanfor augelokket. Han må stå inne med tildekte vindauge, for han bør ikkje få sollys på auga. Eg trur faktisk dyrlegen skjærte vekk noko av hornhinna og erstatta den med ny (kunstig?).

Andre ting som har stått på timeplana i det siste er mellom anna reparering av gjerde, oppsetting av gjerde rundt høystablane, vaksinering av lam, sending av sau til vinterbeite, måking av hestehengar (greitt med Hellbillies på øyra til slikt arbeid), vasking av kjøleskåp. Og litt fri har det vore. I går for eg på kino i Spearfish. Såg ’Appaloosa’, westernfilm med Viggo Mortensen.

I dag har Craig og Deb 24 års bryllupsdag. Beleilig nok hadde Craig ein legetime i Rapid City i dag, so dei har vore der heile dagen. ”It`s amazing that you stayed in Rapid the whole day” var Callie sin kommentar til faren. Vart noko fliring då.

Om de syns jula byrjar tidleg heime…her var julepyntavdelingane i butikkane oppe å gjekk allereie i september. Men akkurat no er det Halloween som er det store. Somme hus har i overkant med dekorasjon i hagen. Callie har skjært ut eit gresskar, men eg har ikkje teke bilete av det endå.

Kan ein køyre frå sin eigen skugge??



Her ser de ranchen. Bileter er teke frå beitet.



”There`s that cow that`s been having bull calves every year, just like her mother.” Naboen Bill er ein morsom kar å jobbe i lag med :)

Ha ei fin veke!

søndag 12. oktober 2008

Bildespesial, september

Her kjem det nokre bilete frå då mamma, pappa, Roy Sivert og Marita var på besøk. Heilt tilfeldig rekkefølge.

Store forhold! George Washington under uthogging.



Takboks...?



Mount Rushmore (slik du ikkje ser det på postkorta)



Mount Rushmore og flaggallèen. Alle statsflagga i USA.



Alle sauene som skulle sorterast.



Sjå her Kristin! Rosa sprit :) Og til dere andre: sjekk prisen. 1,75 liter Smirnoff til ca 120 kr.



Slik ser Solrunn ut når ho kjem inn til lunsj etter å ha jobba med sauene. Og skillet i panna kjem ikkje pga sol... Linsene måtte skiftast. Var lurare dagen etter, og brukte briller. No veit ho kva sheepdust er...!



Gjengen i baksetet



KUriositet kallast vel dette :)



Lam som får makkmiddel



Rocky Mountain Goat i Bear Country (drive through wildlife park)



Slik ser det ut når du er sau og endetarmen din heng ut... Den vart putta på plass igjen av dyrlegen, men kom ut igjen etter nokre dagar. So då vart det ei kule som fiksa saken.



Storfint besøk på ranchen; mamma, Marita, Roy Sivert



Gatehjørne i Custer



Kan vel hende det er åpent av og til kanskje? Hahaha



Morsomt skilt i Custer. Trur me åt lunsjen litt lenger ned i gata.



Modell av Crazy Horse monumentet. 1:34 skala.



Slik ser Crazy Horse monumentet ut no.



Devil`s Tower



Akkurat her, og vidare bak fotografen, ligg det eit dinosaurskjellett under jorda..



Ein einsam cowboy i Hill City



Buffalookse i Custer State Park



På denne butikken i Custer hadde dei mykje rart! Dyreklør, gamle bilskilt og harelabbar mellom anna. Eg kjøpte salteppet du ser som heng på stolen til venstre for veska til Marita.



Roy Sivert og ein buffalo på gata i Custer.



Collette, Deb, Cliff, og sauer som skal få makkmiddel.



Collette (nabojente på 14 som hjalp til nokre dagar)ved gangen me driv sauene oppover (eller bortover, sidan det er heilt flatt...)

Frihelg faktisk!

No har det byrja å verte rolegare tider her. Eg har faktisk hatt fri heile helga! Første gong det har skjedd.

Dei har opptil fleire epletre her. Og nokre av dei har faktisk veldig gode eple! Har reinska ein del kilo av desse. Det eg har lært av det er at safta frå epla gjer hendene svarte. Ser jo ut som eg har skrudd bil, etter å ha halde på ei stund.

Har sjekka sauene nokre gonger sidan sist, men berre ein har sitte fast.
Eg har vorte mykje betre kjent med alle beita etter all køyringa for å sjekke sauene. Skulle gjerne hatt desse køyreturane i løpet av dei første vekene mine her. Då hadde me kanskje spart oss ein del lange forklaringar, og nokre misforståingar.
Slik sitt ein amerikansk sau fast i gjørma ;)



Her kan du sjå ranchen i det fjerne til høgre på bildet...



Eit bilete til frå beita.



Her er det to kyr som er glade for at eg kom med salt og mineral til dei.




Cliff og eg har lagt på presenningar på nokre av stablane med 4kantballar. Høgt nok til at det er artig å vere på toppen, men passar meg vel for kor eg går…

Dette er frå høystabelen på Ruby place.



Førre søndag hadde eg fri. Satt på nettet mesteparten av dagen…men fekk prata med mange, og det er bestandig kjekt. På ettermiddagen køyrde eg meg ein tur. I Spearfish tok eg ein liten sightseeing-runde i eit forholdsvis fasjonabelt boligstrøk. Veldig store hus (amerikanske hus, hihi). Nokre av dei hadde det himla (!) høgt under taket i hovudetasjen.
Nokre har allereie byrja å pynte til Halloween. Somme hus (ikkje dei store fasjonable..) har hagen full av pynt&dill.
Og om me syns julemarsipanen til Nidar kjem tidleg i butikkane heime, so er dei allereie i full gang å selje julepynt her.

I førre veke tok Cliff og eg i hop mykje vassrør ein dag. I det eine me skulle flytte på var det to skunkar. Jepp, stinkdyr, slike svarte med kvite striper på ryggen. Det første forsvann rimeleg enkelt inn i eit anna rør. Medan det andre ikkje forsvann like enkelt, og luktfritt… For når me endeleg fekk det til å komme ut av røret so stod Lilly klar til å fange det. Og då sto spruten! Endå luktar Lilly som f… . Utan at eg fekk noko direkte spruta på meg, so lukta eg visst ikkje godt då eg kom inn til lunsj. Eg kjente ikkje at kleda mine lukta før eg hadde teke dei av. Til og med kameraveska lukta skunk. So den òg fekk seg ein runde i vaskemaskina. Noko som sikkert ikkje skada uansett, sidan den har vore trufast følgesven i alle omgjevnader&fører i mange månader.

Balja nokre høyballar ein føremiddag. Og når eg var ferdig fekk eg ei liste av Deb med nokre ting eg skulle gjere. Og etter at det var gjort var det fri resten av dagen :) So då fekk eg endeleg sendt av garde bursdagsgåvene til Eden og Emily :) Og det vart investert i koffert. Reiste hit med 1 koffert, men har ingen problem med å fylle opp ein til no!
Fjerning av nedblåste greiner var noko av det som stod på lista. Slik løyser man den oppgåva. Har framleis eit sår i panna etter at eg greidde å gå rett på ein av greinene som stakk opp…




Ein ettermiddag hadde Cliff og eg ein haug med 4kantballar opp på løa. Eg løfta dei på transportbandet. Det merkast på musklane dagen etterpå… Men klagar ikkje på resultatet av støle musklar eg! Før me starta måtte eg ”reinske” løa for kattungar. Dei fekk midlertidig tilhald i eit bur. Eine kattungen låg død då eg kom opp dit, dvs det som var igjen av den… For dei andre søskena satt å åt på han! Og dei er ikkje riktig 2 månader endå dei søte små… Hundane er forresten mistenkt for ugjerninga.



På biletet over har me høy inn på eine løa på Ruby place.
Biletet under er frå rødløa på farmen. Personane er Deb og Craig.




Utover veka byrja det å komme dårlege vêrmeldingar for helga. Derfor flytta me kyrne som var i beitet lengst unna ranchen, og som ikkje har mykje le, til eit meir passande eit. Deb måtte rekke eit møte, so me fekk ikkje tid til å flytte dei som hadde komme seg gjennom gjerdet til beitet ved sidan av før neste dag. Begge dagane var det temmeleg surt og kaldt. So for å avkrefte det ein gong for alle: eit cowgirlliv er slett ikkje glamorøst.
Etter at me hadde flytta dei siste kyrne flytta me sauene nærare ranchen. Og takk og lov for det!


Deb og Craig sorterar ut bekrar i styggevêret.

For neste dag (fredag) skulle me sortere ut bekrane, som har fått gleden av å utføre jobben sin i halvanna veke. Lenge nok til at ca 300 søyer er berekna å lamme i byrjinga av mars.
Og natt til fredag snøa det. Ikkje at snøen i seg sjølv var noko problem, men temperaturen og vinden gjor at eg var glad eg slapp å ri so veldig langt…
Men etter denne sur og kalde føremiddagen hadde eg fri i 2 ½ dag! Eg vart med Deb og Callie til Rapid City, der Callie skulle delta på Western Junior Livestock Show. Ho deltok i borddekking, eksteriørbedømming av husdyr (livestock judging) og fotokonkurranse. Eg trur dei fleste aktivitetane der har med 4H å gjere.
Eg prøvde meg på kjøttidentifikasjon og grønnsaksidentifikasjon. Vart mykje gjetting! Men resultatlista for kjøttID viste at eg ikkje var blant dei nederste på lista :p Resultatet kvalifiserte til ei blå sløyfe stod det. So måtte jo spør om eg faktisk fekk ei. Dei delte vanlegvis ikkje ut sløyfer i vaksenklassen, men eg fekk ei likevel. So no har eg ei ’blue ribbon’, hehe.



Over ser de kjøttet som skulle identifiserast.
Biletet under er frå ei av løene på Western Junior Livestock show.



I livestock judging rangerar ungane dyra (f.eks 4 kviger) etter korleis dei ser ut. I dei eldste klassane må dei gje ei grunngjeving for rangeringa si. Ved denne bedømminga bedømte dei 6 grupper med dyr. 2 grupper med gris, 2 med sau, 1 med kviger og 1 med kastratar. Dei får poeng etter kor ”einig” dei er med ein ”standard”/rangering som er sett opp på førehand. Er du rett flink i livestock judging kan du få stipend til college. Somme college har lag i livestock judging, på lik linje med football- eller baseballag.

Kunst!!



Slik såg maisen her på farmen ut 6.oktober:



Ash kom og krevde full oppmerksomhet mens i plukka tomat :)



Amerikansk attlege...

torsdag 2. oktober 2008

Advarsel: Langt innlegg :)

Gratulerer med vel overstått 60-årsdag, tante Bjørg!
Og gratulere med lisjeguten, Inger Marie&Odd Arne! Håpar alt står bra til. Gratulerer med dagen, Ruth!

Sjølv om det har vore dårleg med ”faglege” oppdateringar siste månaden so har det jo skjedd litt.

Den siste veka i august kan oppsummerast slik: 3 dagar med flytting av kyr, 2 dagar med utlegging av vassrøyr (ikkje heile dagane!), 2 dagar med flytting av rundballar.
Helga den veka var Deb og Callie på South Dakota State Fair. Callie hadde kvalifisert seg i diverse kategoriar, so dei tok turen. State Fair går føre seg i Huron, som er nesten heilt i andre enden av South Dakota.

1.september var Labor Day. Det er som vår 1.mai, men dei fleste butikkane var opne (men ikkje postkontoret…). Denne dagen var eg det næraste eg har vore å forsove meg dette året. Vakna 5 minutt før eg skulle byrje arbeide. Trudde eg… For når eg kom stressande opp kl 7, so fekk eg beskjed om at eg hadde fri. Men ikkje so gale at det ikkje er godt for noko; fekk tid til litt internett, før eg for til Newell. Der hadde dei ein parade. Liknande som 4.juli-paraden i Belle Fourche, men langt i frå so fancy. Endå mindre fancy er sjølve staden, som ligg vel 20 miles austom her. Newell ser rett og slett sliten og trist ut.
So tok eg turen til Sturgis, via vegen som går forbi Bear Butte. Eit lite fjell som er ein heilag stad for indianarane. I Sturgis hadde det vore ’Mustang Rally’ (Ford Mustang utstilling/treff) denne helga. Denne dagen skulle det vere race. Det visste seg å ikkje vere store greiene. Men eg fekk sett litt fine bilar og høyrt noko gromlyd. Dei fleste hadde nok reist heim, for hovudutstillinga (The Show&Shine) var på laurdag.
Fridagane må utnyttast til det fulle, so når vêret var nokså ’tusje’ so vart det shopping i Rapid City. Litt forandringar må ha skjedd dette året, for eg kjøpte meg ei rosa t-skjorte…!

Dei har noko slåttemark eit godt stykke frå garden her. Tok meg 1 ½ time å køyre traktor&presse dit. Men iallfall; eit par dagar var eg med Craig dit å henta rundballar. Han lasta dei på semitraileren, med Bobcat`n. Trur det vart 26 på eit lass. Traileren er med rette merka med ’Oversize Load’-skilt.

Halvanna dag gjekk med til å hermetisere fersken. Deb hadde kjøpt fire 50 lbs-kasser (22,5 kg) med fersken, so no skulle dei ha nok for ei ri… Og når et dei oftast hermetisert fersken? Til frukost!

Laurdag 6.september behandla me kalvar. Kalvane etter dei registrerte (stambokførte) kyrne vart vege, fekk 2 vaksiner og flugemiddel.
Kyrne vart skilt frå kalvane og sortert etter kjønnet på kalven. Kvige- og oksekalvane vart sleppt i kvar sine innhegningar.
Min jobb medan me behandla dei var å få dei til å gå opp gangen til vekta. Etter at dei er vegne går dei inn i fangbåsen og får vaksinane og ein sprut med flugemiddel. Dei fleste kalvane vog mellom 400-600 lbs, i kilo vert det ca 180-270. Denne vekta, etter korrigeringar, vert brukt som 205-dagars vekt.

Dagen etter kom Chandy, om er dyrlege, og tok ultralyd på kvigene. Eg trur det er første gongen dei har brukt ultralyd på kyrne, men dei ville gjerne få greie på om nokon av kvigene venta tvillingar. I vinter mista dei kalvane etter kvigene som fekk tvillingar, so dei ville vere betre forberedt. Eg trur ikkje ultralyden viste nokon tvillingar, men det var 3 kviger som var tom.
Det var kult å få sjå nokre av bilda på skjermen. Nokre av gongene kunne ho sjå at det var ein oksekalv.
Chandy er frå ein av ”naboranchane”. Faren heiter Chance, og mora Cindy. Lurer på kven ho er oppattkalla etter ;p

I byrjinga av september såg det ut til at hausten var i full gang. Den dagen me behandla kalvar måtte eg til med termojakka. Den har ikkje vore i bruk sidan juni. Men nokre dagar etter at Norgesbesøket kom so vart det go`vêr igjen. Litt rart å sjå blada på trea byrje gå over i haustfarger samtidig som det er t-skjortevêr. Dei driv med 3.slåtten her no, og det er oktober… men so kan dei jo dyrke mais her!

11.september hadde me ”the big sheep trail”. Då førte me ca 700 sau ca 17 miles (ca 27 km), med hest. Mesteparten av turen gjekk på ein grusveg med gjerder på begge sider av vegen, so det var ein heilt grei tur. Utfordringa vart å få frakta 3 køyrety etter, samtidig som nokon førte sauane. So det vart fram og tilbake nokre gonger, sidan me var 3 personar. Grunnen til alle køyretya var at eg hadde med bilen min, slik at eg kunne få komme meg avgårde so snart me var ferdig. For det var jo dagen då Norgesbesøket skulle komme!
Fekk god tid til ein dusj og eit par ærend for Deb i Rapid City, før eg drog på flyplassen. Utruleg godt å sjå mamma, pappa, Roy Sivert og Marita igjen! Håpar det vert einaste gongen det går 7 månader mellom kvar gong eg ser dei!

Måtte jobbe på fredagen. Då behandla me resten av kalvane; dei som ikkje er etter registrerte kyr. Same prosedyre som med dei andre kalvane. Men i denne pulja var alle oksekalvane kastrert.

Litt om dei neste dagane finn du i innlegget frå 15.september.

Dagen etter det innlegget køyrde me gjennom Badlands National Park. Det var nesten som å køyre på månen (reklama påstår iallfall det). Ganske spesielt landskap med andre ord.
På kvelden drog eg opp til ranchen igjen, sidan eg skulle byrje jobbe tidleg på onsdagsmorgonen.
No skulle alle sauane me førte den 11. sorterast . Kategoriane var: søyelam, whethers (kastrerte bækrelam), pee-wees (blålam), søyer.
Alle lamma so skulle seljast fekk isett kvitt øyremerke.

Torsdag var me nordmennene invitert til ranchen til Glen Riley, ein kjenning av vertsfamilien min. Han har tipi-ringar og eit dinosaurskjelett på eigedommen sin.
Indianarane brukte legge steinar rundt kanten på tipiane (telta/lavvoane) sine. Når dei tok ned tipiane for å reise vidare velta dei berre av steinane, slik at dei vart liggande i ein ring, slik som tipien. I beitet til Riley er det 44 tipiringar. Det skal visst vere den største indianarlandsbyen dei har funne rundt éi vasskjelde, i Nord-Amerika. Dette området var truleg vinterplassen deira. Det var god tilgang til brensel og vasskjelde som ikkje fraus.
Dinosaurskjelettet er ikkje grove fram, so ein ser ikkje dinosauren i den forstand. Men ein fann rimeleg enkelt fragment frå skjelettet. Glen Riley hadde funne nokre bein ein gong. Og lagt dei på ein stein der. Men nokre jegerar hadde stjelt dei…
Det var og eit dinosaurskjelett på ranchen til sonen til Glen Riley. Den er grove fram. Me fekk sjå nokre av desse beina, i garasjen til Glen.

Etter lunsj i lag med Glen i Belle Fourche drog me til sauesalget i Newell. Me kom akkurat i tide til å sjå lamma til Bar 69 verte seld. Huskar ikkje kva dei gjekk for, men veit dei var godt fornøgd med gjennomsnittsvekta. Trur den var 96 lbs, altså ca 43 kg. Dette var lam fødd i mai.
Etter litt avslapping i leiligheta me lånte i Spearfish køyrde dei meg opp til ranchen.

For fredag og laurdag var det jobbing igjen.
Fredag behandla me søyelamma og åringane. Lamme fekk 2 vaksiner, makkmiddel og øyremerke. Åringane fekk berre makkmiddel. Ein av mine jobbar var å telje alle saman, men no hugsar eg ikkje kor mange det var… men nokre hundre var det.
Utpå laurdagen kom mamma, pappa, bror og Marita opp til ranchen.

Når eg var ferdig i kveldinga rasa me til Spearfish og pakka litt. For me ville få med oss folkelivet i Deadwood. Men der var ALLE hotell full, i ”nabobygda” Lead likeså. So då vart det hotell i Sturgis ei natt, før me prøvde oss i Deadwood igjen. Deadwood er nesten som eit lite Las Vegas. Det er iallfall mykje speleautomatar der. Eg er nok ikkje ein typisk besøkande i byen; eg slutta å spele når eg hadde 37 dollar i nettogevinst :)

Etter tips frå Glen Riley sette me kursen mot Devil`s Tower, i Wyoming, på måndag. Devil`s Tower er (også) ein heilag stad for indianarane. I trea rundt foten av ”fjellet” hang det tøyremser. Det var visst såkalla ’prayer cloths’, kan vel oversettjast til bønnetøy.

Lunsjen denne dagen var meir som ein opplevelse. Kokken kom køyrande på traktor og slengte på seg eit skittent forkle før han tok opp bestilling frå oss. Forutan oss var det berre ein gjest til der. Han fekk forklaring på kor ho stod bak baren, då han spurte etter ei øl.
På veg tilbake til Spearfish køyrde me gjennom fleire små plassar. Generelt kan ein vel seie at det er fleire skrotnissar her enn heime.

Onsdag kveld møtte me Craig, Deb og Callie på ein restaurant for middag. Då me parkerte ved restauranten kom St.Bernhardshunden frå nabohuset og helsa på oss. Har sansen for den rasa altså :)

Torsdag ”flytta” me til Rapid City. Dit måtte me køyre i to vendingar. Vart ein del shopping kan du seie, i tillegg til at dei skulle ta med litt saker for meg. På kvelden køyrde bror og eg race-kart. Det var gode greier! Plassen me for til hadde både go-kart og race-kart. Me spurde kva som var forskjellen, og det var farta. So me tok det som gjekk fortast :)
Som sagt var det grusomt å seie hade på laurdag. Me hadde det veldig kjekt i lag! Eg har komme i vanleg modus igjen no, men det har vore nokre tunge dagar følelsesmessig no. Men det er ikkje utan grunn eg påstår eg er evig optimist. Det endar vel opp med at ikkje får tid til alt eg har tenkt før eg skal reise :)
Eg er frykteleg glad for at besøket kom no på slutten av opphaldet. Det hadde vore enda tyngre å vite at eg hadde fleire månader igjen her før eg fekk treft folket igjen.

Byrja å jobbe igjen på søndag. Fekk ein fin oppstart etter ferien, med rundballeflytting, pressing av rundball og sjekking av sau.
Sauane er slepne på eit beite der kyrne har gått før dei. Derfor er det veldig opptrakka rundt vatna på beitet. Det gjer at sauane kan setje seg fast. So då må me køyre ut og sjekke dei. Forholda er ein del større enn heime kan ein seie, berre frå ranchen og til det beitet der dei er er det fleire kilometer. Eg nullstilte trip-teljaren, for eg tenkte eg skulle fortelje dere kor langt det var, men no har eg gløymt kva den viste. Eg fann ingen sauar fast verken på søndag eller måndag, men på fredag hadde Cliff måtte dra opp 4 stk.

Måndag var ikkje so frykteleg spanande, forutan sauesjekkinga.
Tysdag lempa me 4kantballar inn på to av løene. Craig lempa ballane på ei transportkjede, eg drog dei frå enden av kjeda/bandet til dit Cliff stabla dei. Grei måte og få litt musklar på :)

Onsdag reparerte eg litt gjerde i lag med Cliff. Etter lunsj var det tid for å sjekke sauer igjen. Denne dagen stod 1 lam fast, men det gjekk greitt å få det opp. Eg hadde og med saltblokker og mineral som kyrne i eit anna beite skulle få. Dette beitet har 4 stader der det vert sett ut mineral&salt. So denne dagen vart det mange miles ute på prærien, for det meste i ca 15 km/t. Bra det er mykje country på radioen!

I dag har eg køyrt F-600 (lastebilen) nesten heile dagen. Cliff lastar på rundballane og eg køyrer og dumpar dei der dei skal stablast. Andre ”spanande” gjeremål i dag har vore plenklipping, raking og epleplukking.

No får eg stoppe! Er vel måte på kor interessant alt eg har skreve er, men no er de iallfall oppdatert :) Det vert utan bilete denne gongen, men det får eg ta igjen ein annan gong.

Gjekk nokre dagar før eg oppdaga at linken til Rita sin blogg mangla ein bokstav… So visst nokon trykte på den, og kom på ei bibelside av noko slag, so var det som var grunnen :)

See you later, alligator! Pretty soon, Baboon!