Vart visst lite bloggskriving på tur...
Oppsummering:
Liten stopp i Salt Lake City og kika på Mormoner templet. Og ein stopp ved innsjøen. Vatnet var skuffande lite salt.
Ei natt i Boise, Idaho.
Stopp i Bend, Oregon. Der var me innom BahnBrenner. So då ha Rune det fole kjekt :)
Sov i Eugene, Oregon.
Køyrde heilt ute ved kysten denne dagen. Var fole godt å sjå hav igjen!
Innom ein dyrehage i Bandon. Eg klappa cougarunge :) Men elles er jo dyr i bur dyr i bur... Fer litt ilt inni me, so er jo passe dobbeltmoralsk og støtte slike plassa med inngangspenger. (men her var det faktisk nokon dyr som gjekk laus blant publikum).
Den dagen her vart ein maratondag. Me stoppa ikkje før me kom til Laytonville, California. Verste drittmotellet! Ikkje meir å seie om det. Tidleg avgårde neste morgon.
Me hadde ein stopp i San Francisco. Fekk køyrt bratte bakkar!
Målet for dagen var San Luis Obispo. Der besøkte me Liv Inger Drejer, som er utvekslingsstudent på high school der. Kjempekosleg hadde me det der.
Men på veg inn til byen når me kom so vart me stoppa av politiet. Og dei hengte seg opp i at visumet mitt var utgått (og dermed det amerikanske førarkortet mitt). Dei visste ikkje om ordninga med at ein kan vare her 30 dagar etter at J1-visumet er utgått. Og ville ikkje godkjenne det internasjonale og det norske førarkortet. So eg fekk ei bot for at det amerikanske var utgått. Skal egentleg møte i retten og greier. Men akkurat no gjer i egentleg faan! Ordna seg sikkert. Utvekslingsorganisasjonen min her jobba med saka.
Etter eit kjekt døgn i San Luis Obispo barst det til Los Angeles. Me ordna oss me motell i Santa Monica før me kom dit. Og me var heldig der. Fint motell og berre to gater opp frå Santa Monica Beach.
Måtte jo sjølvsagt til Hollywood. Vart limousine-tur til Beverly Hills. So no har me sett husa til Tom Cruise, David Beckham, Christina Aguilera og Hugh Hefner, blant andre. Eller, iallfall hekkane deira :)
Var på kino òg, på Hollywood Boulevard. Såg Bolt, 3D Disneyfilm. Artig den.
Disneyland og California Adventure Park var artig til barnslege Solrunn ;) Mest å sjå i førstnemnte, mest å gjer for oss i sistnevnte.
Helsa på Mikke Mus og fekk autografen, hihi.
Fekk meg eit kjapt bad på "Baywatch-beachen". Og me åt på Bubba Gump Shrimp resturanten på piren eine kvelden (på tide eg ser Forrest Gump filmen igjen).
So gjekk turen vidare til Las Vegas.
Og du store tid! For ein by!
Er altfor mykje å seie om Las Vegas at det får vente til eg kjem heim.
Sjekk ut
www.stratospherehotel.com/thrills
Jepp, me tok alle tre sjuke tinga! :) Pluss berg-og-dal-banen på New York New York!
I dag køyrde me til Williams, Arizona. So i morgon går turen til Grand Canyon!
Og i morgon er det ei veke til turen heim til Norge byrjar. Berre ei veke....rart!
tirsdag 2. desember 2008
Abonner på:
Innlegg (Atom)