fredag 28. mars 2008

Hei igjen!

Her er det langt over sengetid no, men sove kan ein vel gjer naar ein vert gammal ;)
Syns i grunn eg har vore ganske flink til aa legge meg i rimeleg tid. Ja, faktisk mamma ;)

I dag har Toby vore her aa stelt hoevane paa hestane. Eg fann ein del flaatt paa hestane. Dei er ganske lik vaar flaatt, men har diverse moenster paa ryggen. I fjor hadde dei eit storangrep av flaatt paa sauane, og mange strauk med. Trur Deb og Callie var sjuk ei stund og.

I gaar var Deb og eg “up north” og henta alle hestane, so no er det 10 hestar her. Den 11. er til innridning. “The North place” ligg vel ein halvtimes koyretur herifraa. Det er der dyra gaar paa beite om sommaren. Det er beiteland saa langt du kan sjaa paa alle kantar. Deb kunne fortelje at somme dagar startar dei aa ri om morgonen, og rir heile dagen.
Hoyrest ikkje so verst ut det :)

Me sjekka avlsoksane og, naar me var der. Naar dei oppdaga pick-upen kom dei springande, med haap om “cake”. Og det fekk dei, av meg fraa lasteplanet, medan Deb koyrde. “Cake” er eit slags kraftfor, forma som store pellets, paa storleik med ei Gilde ostegrillpolse, eller noko slik.

Etter lunsj i gaar var det tid for bilteoritesten min. Den gjekk rett so bra. 25 sporsmaal, 1 feil (kunne ha max 5). Daa eg kom dit fekk eg beskjed om at eg maatte ta ein koyretest og…
Men den var ikkje mykje aa kvie seg for! Me koyrde i ca 10-15 minutt, rundt i gatene i Belle Fourche. Koyrde Deb sin bil, Dodge Ram 3500.
So no er “South Dakota-lappen” i boks, og eg kan byrje aa kike seriost etter bil.
1.paaskedag var eg aa kika paa ein Buick Park Avenue. Den var billeg, men sleten, so sa til seljaren at eg ville kike paa fleire bilar foerst. Har ringt (dvs Deb) paa eit par bilar. Ford Tempo visste eg ikkje at eksisterte, men den var solgt. Muleg me skal kike paa ein Chevy Corsica, men kvite bilar er jo ikkje mine favorittar…
Kom ei bilannonseavis i posten i dag. Mykje interessant der! :)
Den som lever faar sjaa kva eg endar opp med ;)

I gaar kveld var me paa konsert med ei gruppe som heiter ‘Riders in the sky’. Det var 4 “halvgamle” karar som spela countrymusikk og prata tull, hehe.


Bryt opp litt teksten med eit bilete av Callie og fjellova.


1.paaskedag ser ut til aa vere dagen dei feirar paaska her. Me hadde eggjakt, der me leita etter egg Chase hadde lagt ut i hagen. Egga var hardkokte og tidlegare i veka hadde me lagt dei i diverse fargebad. I den anledning viste eg dei korleis me dekorerar paaskeegg i Noreg. Bleste ut og maala paa to egg. Me hadde det rett so artig med aa blaase ut egga!
Etter eggjakta var det tid for aa leite etter ‘paaskekorga” vaar. Deb hadde laga til ei korg til kvar, som Chase hadde goymt ute rundt huset. Mi var inni hundehuset.
Etterpaa var det kalkun til middag.

Paa foeremiddagen skulle eg koyre Cliff til kyrkja, det vart til at Callie og eg vart med. Eg tenkte det kunne vere interessant aa sjaa korleis det var. Men sorry Hilde; har ingen frodige gospelsyngjande afrodamer aa rapportere om. Det var ei ‘First Baptist Church”.
Foerste gongen Cliff skulle til kyrkja koyrde Deb han til den katolske kyrkja, sidan han svara ja naar Deb lurte paa om han var katolikk. Naar ho plukka han opp etter gudstjenesten so fekk han forklart at han ikkje var katolikk, men First Baptist. Slikt som kan skje naar ein ikkje kan spraaket so godt endaa, tydelegvis, hehe.

Paa tirsdag kom det ein som ville selje flyfoto av garden, innom. Han hadde ei oldemor fraa Noreg, som heitte Gunda. Og han kunne “I Jesus namn gaar vi til bords”.
Kika forresten i telefonkatalogen her ein dag. Der fann eg baade Harstad, Birkeland, Farstad og mange Larsen, Olsen og Hansen. Og i ei avis saag eg ei annonse fraa Lindseth Ranch. So det har vore mykje nordmenn i omraadet!

Til Roy Sivert: du veit den lastaren eg prata om. Paa tirsdag provekoyrde eg den, artig sak J
Til dykk andre; det er meir som eit lessapparat/klo med hjul og motor. Svingen er paa bakhjula, so den snur ikkje akkurat paa ein femoring.

Paa onsdag vart alle oksane som skal seljast fertilitetstesta.
Foerst maalte dyrlegen omkretsen paa ‘ballane’. Her er det storleiken som teljer, hehe.
So sjekker han at alt er som det skal inni oksen.
Deretter kjem det litt spesielle, oksen faar ein torpedoforma sak plassert i ‘raua’. Gjennom den sender dyrlegen elektriske impulsar for aa stimulere oksen til aa gje fraa seg ei spermprove (for aa seie det paa den maaten). Spermprova vert sjekka i mikroskop foer oksen faar sleppe ut fraa ‘fangboksen'.



Her er eit bilete av meg, teke av Callie. Trur det er fraa den foerste veka mi her. "The red barn", bygd i 1908, i bakgrunnen. Der bur kopplamma "mine". Heilt i bakgrunnen ser du verkstedet. Der har dei system, pappa! ;)


Den foerste maten eg byrja aa sakne var brunost. Men Craig seier det skal vere ein skandinavisk butikk i Rapid City, so det er haap :)
Saknar den daglege dosa med sjolvbaka brod med geitost og heimlaga sylte…
Deretter var det kokfisk eg sakna, so fiskebollar, og det siste er at eg har byrja aa faa lyst paa oel… Men akkurat det er jo slikt som ein kan gjere noko med, verre med lettsalta torsk og steinbitkarbonader fraa Kolbjorn Hansen :)
Men naar det er sagt so er maten her i huset heilt topp! Sjolv om det kun er kjott…

(Skreiv vel tidlegare at melka er i 2 liters kanner. Det var feil, kannene er 1 gallon, altsaa 3,78 liter. )

I dag sorterte me kyrne igjen. Eg rei ein anna hest enn eg har gjort tidlegare. Likte den eg rei i dag veldig godt, so haapar paa at den vert min faste hest. Den heiter Big Enough og er den minste hesten, so treng ikkje slite so veldig for aa komme meg opp ;)
Foelte meg meir som ein gjetarhund i dag naar me henta inn kyrne; att og fram bak kyrne for aa faa dei til aa gaa.
Brukte og hesten for aa hente ut kyr fraa ei innhegning, so folelsen av aa vere rett cowgirl er so absolutt til stades ;)

Har det veldig bra for tida, einaste minuset er tomt batteri paa kameraet...

Hade godt folkens!

onsdag 26. mars 2008

Bilete test

Rune har forklart meg korleis eg kan komprimere bilete, so no tok det ikkje rett so lang tid aa leggje dei til.
Tusen takk, Rune! :)

Desse to bileta er tekne med panorama-funksjonen paa kameraet mitt.
For aa sjaa ein storre versjon er det berre aa klikke paa biletet.

Bileta er tekne fraa utsida av eine loea paa garden.
Fraa hogre ser ein so vidt den andre loea og innhegningane. Huset og garasjen ser ein paa begge bileta. Til hogre paa det andre biletet ser ein huset til Ed (ein av dei ansatte) og eine hestehengaren.





lørdag 22. mars 2008

Mountain lion og lastebil





Klarte endeleg aa leggje ut nokre bilete!
Det overste er av kopplamma medan dei faar drikka si.
Det midterste er fraa klippinga av sauene.
Det nederste er daa meg, (for dei som har gloeymt korleis eg ser ut :) ). Cliff tok biletet. Bakgrunnen er ei av bygningane og nokre av innhegningane paa Ruby Place.
No er det laurdag kveld her.
Her er det berre 2.paaskedag at skuleungane har ekstrafri, so gloymer nesten at det er paaske, sidan veka har vore heilt som vanleg.

Glemte heilt aa fortelje om mi, meir som, eksotiske naturoppleving! Paa maandag ringte ein av naboane til Ruby Place om at det var ei fjelloeve der. Me drog bortover og kika. Fjelloeva satt oppe i eit lite tre i ei groeft, i utkanten av eigedommen. Paa eine sida av groefta gjekk det 3 hestar og paa andre sida sauer med lam. Det er ogsaa fleire kvegbeiter i naerleiken. Fjelloeva er freda og det krevst gode grunnar for fellingsloeyve.
Det var ein mann fraa sheriffen der og etterkvart kom det ein fraa South Dakota Game-Fish Park (meir som friluftsetaten i staten trur eg). Fellingsloeyve vart gjeve og fjelloeva skoten. Etter avlivinga kika me paa ho og tok bilete. Det var ein hanne paa ca 2 aar.
Det er ein del fjelloever i Black Hills , og dette var truleg ein ung hanne som var fordreve, ute etter eige territorium eller noko slik. Det seiast at fjelloeva likar hestar best (sa Ken :) ). Eg tvilar ikkje paa at dei kan greie aa felle ein, for frampotane var ganske so store!

Ja, no har eg faktisk koeyrd lastebil for foerste gong! Ein Ford F-600, 62-modell, so var ikkje store doninga, knapt stoerre enn Dodge’n til Deb. Men likefullt ein lastebil :)
Craig gjor rein eine innhegninga ute og lasta med bobcat’n, og so koeyrde eg og dumpa det. Dette var i gaar.

I dag har eg koyrd med hestehengar for foerste gong. Koeyrde til Ruby Place og lasta av nokon forsekkar, og byrja og gjer reint i eit lite hus sauane ute kan gaa inn i. Etter lunsj sorterte me kyr igjen blant anna. Fraa i dag forar me kopplamma 2 gonger for dag, so vert litt mindre arbeid med det.
Det for vere det for denne gong. Tek ei heil evighet aa faa lasta opp bileta. Nettet her er ganske tregt, so gjeld aa vere taalmodig...

onsdag 19. mars 2008

Litt meir... :)

I gaar maatte Deb ha data'n so rakk ikkje skrive so mykje, men rakk det viktigaste :)
So i dag kunne eg faa beuke nettet litt etter aa ha fora kopplam.

Foringa av kopplam er noko eg gjer 3 gonger for dag no. Dei veks og trivast, og har byrja aa miste halane sine...
Det er eit og anna lammet som faar lungebetennelse. Nokon overlever og nokon doyr. Forrige veke fann eg eit dodt lamm naar eg tomte ein forhekk, det var ikkje so hyggeleg. Syns eg har vore flink aa sjekka forhekkane foer eg har hatt hoy oppi, men no er det jo ikkje berre eg som forar.
Hoyet dei brukar er alfalfa. Det er ein del annleis enn hoyet me brukar i Noreg. Sauene et berre blada og let stilkanae vere igjen, og dei fjernar me naar forhekkane byrjar aa verte for full.

Paa fredag hadde eg fri heile dagen. So daa nytta eg annledninga til aa ringe heim. Var heldig og traff paa alle saman :)
So sykla eg inn til Belle Fourche. Det er ca 9,5 km dit, og det tok ca 35-40 minutt.
Hovudmaalet var aa faa bytta straumkonverteren min. Det gjekk greit, men meir om den seinare...
Kjopte meg lunsj; sjomatsalat. Forste smaken av fisk sidan eg kom, so det var godt!
Belle Fourche har opptil fleire antikkbutikkar, men kika ikkje inn. Provde nokre dongribukser, for aa sjekke kva min storrelse er i det systemet dei har her. Kjopte ingen, utvalget er nok betre andre stader. Det var mange hyllemeter med cowboyboots i denne butikken, men alle utstillingsmodellane var i str 9,5 so provde ikkje nokon.
Var innom ein gavebutikk, og der kjem eg nok til aa legge igjen nokre dollar i lopet av aaret... Dei hadde mykje stilig, men har plenty av tid, so kjopte ikkje noko denne gongen.

Til Roy Sivert: Dei har ein International ogsaa. Men den er heller ikkje stor :)

Den siste veka har det gaatt mykje i foring av kopplam og opprydding i lammelaaven og slik. Men har ogsaa vore med aa vegd nye kalvar og merka dei. Dei graverar nummera paa sjolve, paa plastikkoyremerke.
Me har sortert kyrne igjen ein gong sidan sist. Og ridninga gaar betre for kvar gong, men er lenge igjen foer eg er nokon rett cowgirl :)
Eg har og rekna ut dagleg tilvekst paa oksane mellom dei to siste vegingane. Den ligg mellom ca 2 og 6,5 pound, altsaa mellom 1 og 3 kilo. Dei fleste laa paa mellom ca 1,35 kg og 2,2 kg.

So var det den straumkonverteren. Den forste slutta plutseleg aa virke. Den andre sa poff! og so rauk det og lukta brent....! So har ikkje mykje lukke med den... So faar sjaa kva som skjer med den saka. Har framleis batteri paa kameraet, men det varer jo ikkje evig...

Tenkte aa legge ut bilete no, men no er det paa tide aa ut og jobbe so det faar vente til neste gong, kanskje i kveld :)

Hade bra so lenge!

tirsdag 18. mars 2008

GRATULERER MED DAGEN ROY SIVERT og TOR INGE! ! !

onsdag 12. mars 2008

Livsteikn!

Tida har byrja aa gaa fort!
Plutseleg er det 12 dagar sidan eg skreiv i bloggen, og i morgon har eg vore her i 4 veker! Det er 1 av 9 mnd det…!

No er lamminga over for denne gong. Muleg det er 1 sau att, men me er ikkje sikre paa om ho har lamma eller ikkje.
Det har vore nokre slike tilfelle. Somme sauer “tek” andre sine lam foer dei har lamma sjol. Her kallar dei slike sauer for “granny”, paa norsk kallar me dei tanter. Det har resultert i nokre vittige situasjoner. Som daa eg oppdaga eit nyfodt vaatt lam i ein lammingsbinge, der det var 3 toerre lam fraa foer. Eg gjekk aa sa fraa til Deb, og naar me kom tilbake laag det eit femte lam der og. Altsaa hadde denne sauen vorte sett i ein lammingsbinge med eit sett trillingar ho hadde stjelt. Det viste seg at det var ei soeye som hadde lamma, men som mangla lam. So daa vart det mysteriet loeyst.
Sidan har Ken lurt paa om eg har funne ei soeye med 6 lam :)
Ken er ein artig kar. Han er rundt 70 eller 71 aar trur eg, og har jobba for Craig og Deb sidan 1989 eller 90. Han har alltid ein vits eller ei skikkeleg rovarhistorie paa lager.

Sidan sist har det gaatt mest i lamming. Men har faktisk vore paa saloon: The Branding Iron Steakhouse and Saloon, i anledning bursdagen til Deb sin stefar.
Maten ser ut til aa verte servert litt annleis enn eg er vant til. Foerst faar me salaten, sidan kjem kjottet og ‘side’ (t.d. pommes frittes, som heiter french fries her). Eg hadde bestilt ‘mixed vegetables’ som ‘side’, men dei var ikkje mykje aa skryte av. To spiseskeier med dvask og lunka “djupfryt gronnsaksblanding”. So faar prove noko anna neste gong :)

Har kika i eit par landbruksutstyrskatalogar, og dekken for sau og geit ser ut til aa vere ei lett tilgjengeleg vare. Vil tru du maa leite lenge for aa finne det i Noreg. Men det er kanskje meir vanleg aa ha dyreshow/utstillingar her. Dekkena var iallfall for aa beskytte mot skit og slik , foer ‘shows’.

Har ridd to gonger sidan sist. Begge gongane har me samla kyrne som gaar paa eit beite her ved huset, og deretter sortert dei. Dei som er berre nokre dagar fraa aa kalve vert sett i ei innhegning medan resten faar ut paa beitet att.
Ridninga gaar betre og betre. Men antrekket er nok ikkje so cowgirlaktig som dere kanskje ser for dere: Madshus skibukse og Univern termojakke. Hehe!

I gaar vart det fodd eit tvillingpar, som eg var med aa frakta inn. Det har vore opptil fleire tvillingpar hittil. I dag maatte Craig dra ut ein dod kalv. Det var visst det tredje (trur eg) tilfellet i det siste der store fine kalvar har dodd berre dagar foer termin. For aa faa sjekka om det kan vere ein spesiell grunn til det tok Craig proeve fraa morkaka, og fraa kalven i dag, og sendte til veterinaeren.

I lammelaaven har det gaatt mykje i foring av kopplam, reingjering og stroeing av binger, flytting av dyr og foring/vatning. Men har og faatt sett sproeyter og dratt ut lam. I dag provde eg for forste gong aa sette paa strikk paa ballar og hale, og skjaere av ein bit av oeyret. Heldigvis skreik ikkje dei lamma eg provde paa. Men har sett at bekrelamma remjar som smaa babyar etter at dei er ferdigbehandla, medan soeyelamma er stillare. So eg har ei hypotese om at det er ilt aa faa skjaert av ein bit av oeyret og/eller faa ein strikk rundt ballane…
Har sett eit par avdetne halar i sagmaen, men har ikkje faatt auge paa lamma som har mista dei, so har ikkje faatt studert det fenomenet endaa.

Sist tirsdag dukka det opp ein hundekvalp paa Ruby Place. Og gud den var soet! Kanskje 3-4 mnd gammal, svart med littegrann kvitt, truleg labrador blanda med eit eller anna. Han hadde halsband, var frykteleg kosete og kunne “sit” og “shake hands” (gje labb), so hadde heilt tydeleg hatt ein heim. Men litt “etterforsking” tyda paa at han var dumpa. Medan me aat middag henta nokon fraa sheriff-kontoret han. Haapar dei fann ein heim til han. Han var altfor fin og snill til at ingen ikkje vil ha han.
Har vel glemt aa seie at dei har to hundar her paa garden. Ash er border collie og rundt 3 aar. Lilly er blanding mellom border collie og noko anna, hugsar ikkje kor gammal ho er. Lilly elskar at ein kastar pinne til ho. Ash er veldig glad i kos, men vert lett skremt sidan ho vart mishandla som kvalp (foer ho kom hit).

Paa mandag var eg foerst med Deb inn til Belle Fourche. Eg handla daglegvarer medan ho gjor nokre aerend. Ho hadde komme i snakk med ein bekjent, so eg fekk rikeleg med tid til aa studere butikkhyllene. So og seie alt er rimelegare enn I Noreg. No tenkte eg at eg skulle seie noko om prisane paa oel, men har glemt tala. Trur eg fann ut at ein faar ein 12-pack for ca same prisen som ein 6-pack i Noreg, grovt rekna.
Ho som ho hadde prata med driv med mjoelkekyr. Forstod det slik at dei maa betale for aa frakte mjoelka til meieriet, ca 400 miles unna (vel 60 mil). No hadde dei kjopt ein tankbil i lag med ein nabo, for aa frakte mjoelka sjoelve. Dette ville halvere kostnadane deira.

Etterpaa stoppa me paa ein forfabrikk. Deb skulle innom aa sjaa om dei hadde noko “feilvare”, dei toennene faar ein til halv pris. Fabrikken produserar tilskotsfor til fleire dyreslag. Hovudingrediensen er melasse (fraa bete). Elles inneheld det ulike mengder mineral, vitamin og naeringsstoff (feitt, protein), alt etter bruksomraade. Noko av det hadde ekstra magnesium, for aa motvirke graskrampe. Noko var ekstra proteinrikt osv osv. Alt vert seldt i toenner paa 250 lb, ca 113 kg. Massen i toennene er heilt hard, so dyra slikkar det i seg. Deb brukar aa faa tak i nokre toenner til lamminga, for aa gje sauene meir energirikt for (for aa unngaa ketose).

Det hadde vorte veldig mange kopplam etterkvart hadde det ikkje vore for at dei ser ut til aa vere veldig lette aa bli kvitt. Det har vore opptil fleire her og henta 8-10 stk i slengen. Dei gjev dei vekk gratis. Sjolvsagt vil vel dei fleste av oss seie, men har forstaatt det slik at dei har teke betalt tidlegare. No er det ca 21 lam aa fore med flaske. Flaskene vert lagt i eit stativ, so slepp aa fore fraa handa, iallfall dei fleste. Men veit om fleire maatar aa fore paa som er meir effektive (tek tid aa fylle alle flaskene mellom anna)…men men, det er jo koseleg arbeid om ikkje anna.

I gaar var det ei dame her aa sjekka oksane med ultralyd. Tjukkelsen paa feittlaget vert maalt. Dette er genetisk betinga og kan brukast i avlssamanheng. Dette er oksar som alle vert seld som avlsoksar. Oksane vart losa inn paa ei vekt, deretter fram i ein smal boks der hovudet vart fiksert. Ultralyddama blaaste vekk stoev paa ryggen me ein slange (kopla til kompressor). Deretter barberte ho vekk pels paa to plassar, spruta paa soyaolje og brukte ultralydapparatet. Alt vart registrert paa data’n, og vert sendt til “Angus-foreininga”. Ho gjorde unna alle 60 oksane paa ca 3 timar. Ho skal visst vere blandt dei beste i landet til denne jobben. Oksane vegde fra 925 lb til 1170 lb, altsaa ca 415 kg til 530 kg. Dette er 1 aar gamle oksar.

Har framleis ikkje faatt teke noko meir bilete. Var innom forretninga for aa bytte converteren min i dag, men rette mannen var ikkje paa arbeid. So faar berre smoere meg med tolmodigheit. Men fekk sendt pakke daa :)
I dag fekk eg fri etter aa ha fora kopplamma etter middag og henta Callie paa skulen. Ho guida meg til telebutikken og postkontoret :)
Foerste gongen paa eigen hand paa kryss og tvers i Belle Fourche, men det gjekk bra.

Gratulere med overstaatt til Hilde og Maja! :)
Tenk at det er nesten 7 aar sidan eg var 18 og fekk tak i Maja…

Kjempekoseleg aa faa kommentarar! Og det er berre aa sende meg mail for aa oppdatere meg paa kva som skjer rundt om :)

Haapar dere alle har det bra der heime!

lørdag 1. mars 2008

Lamming og slik

No er det laurdag ettermiddag her. Fekk fri etter lunsj i dag.

Paa tirsdag vart sauene klipt. Eit crew bestaaande av 5 klipparar og 3 hjelparar var innleigd.
Klippinga foregjekk paa ein skaphengar, der eine langveggen var open. Sauane kom inn i innerste hjornet paa eine kortveggen. Der gjekk dei paa ei hylle, som klipparane plukka dei ned fraa. To av hjelparane samla i hop sauefellen og kasta han utover paa eit av 2 store runde, svingbare, bord framfor hengaren. Paa bordet vart ulla sjekka. Den “godkjente” ulla vart pakka i sekker, ved hjelp av ei hydraulisk presse.
Foer lunsj var min jobb aa hente inn sauar fraa innhegninga i loa. Henta 15-25 i slengen, som etterkvart vart sendt i ko mot hengaren.
Etter lunsj viste dei me korleis dei samla sauefellen og kasta den paa bordet. Det saag litt avansert ut forst, men eg fekk det til ganske kjapt :)

Sidan saueklippinga har det stort sett gaatt i lamming. Sauane gaar ute i ei innhegning ved lammeloa paa dagen. Etterkvart som dei lammar tek me dei inn i lammingsbingane i loa. Det er vel mest tvillingar som vert fodd. Det er visst sjeldan dei har firlingar, men i aar har det vore opptil fleire sett.
Mor og barn staar i lammingsbingen i 1-2 dagar. Daa vert dei flytta i lag med andre sauer med samme antal lam. Og etterkvart heilt ut.
Syntest alle sauane hadde so kort hale, men tenkte ikkje so hardt over det. Men naar det byrja aa komme lam skjonte eg fort at dei korte halane ikkje var naturlege… Alle lamma faar ein stram strikk rundt halen, like bak der huda sluttar og ulla byrjar. Etterkvart vil halen doe, og dette av. Heilt vanleg her tydelegvis, men slikt er ikkje lov i Noreg, heldigvis… I tillegg faar alle bekrelamma ein likeeins strikk rundt ballane. Det gjev uttrykket doedball eit nytt innhald… Dei skjer ogsaa av ein bit av eine oyret paa bekrelamma, for aa lett kunne sjaa forskjell paa bekrelam og soyelam seinare.

Dagane mine byrjar kl 07. Det vil seie, daa stovsugar eg gangen og kjokkenet i huset, og stort sett ryddar paa kjokkenet medan eg ventar paa Deb.
Naar eg kjem til lammeloa om morgenen skiftar eg vatn i alle lammingssbingane og gjev dei hoy. Og so gaar det i aa sjaa etter “lammeklene” sauer, ha paa jod paa navelstrengen paa dei nyfodde lamma, fli lammingsbingane etterkvart som dei vert toemt, flytte sauar, hjelpe Deb aa merke dei.
Etterkvart som lamma faar strikkane paa seg vert modrene merka med blaa maling paa venstre skulder, og mor&barn faar trykt (ogsaa det med maling) eit felles nummer paa ryggen.
Lunsjen, det me ville kalle middag, har me i 13-tida stort sett. Paa ettermiddagen er det ny runde med nytt vatn og hoy.
Dagane mine sluttar som regel i 19-tida.

Torsdag drog Deb og eg til Rapid City etter lunsj. Eg var og ordna med soknaden for Social Security Number (personnummer). Kontoret var oppe i andre etasje, og trur det kun var heis opp. Iallfall so stengte den heisa kl 16, so der var det ingen kjaere mor om du kom litt for seint, hehe. Alle papira var i orden, so sokinga gjekk greitt.
Etterpaa drog me paa ein stor bruktbutikk (Pac Rat Palace). Der hadde dei alt muleg, men mest klede. Mellom anna ein genser Kristin kunne “likt”; rosa med skrifta ‘What kind of girls do Jesus love?” (eller noko i den dur), hahaha! Deb skulle ha tak i gardiner for svigermor si og litt forskjelleg. Me vart gaaende der ei stund, so i fann no noko smaatteri eg og.
Kjopte oss mat paa “Applebee’s”. Det var eit ganske so koseleg resturantkonsept. Innom aa handla paa “Sam’s club”, som var ganske likt Tybring Gjedde. Altsaa berekna for store innkjopskvantum, og forpakningar og slikt var dermed deretter; stort! Mellom anna glas med Aspirin storre enn halvliters yoghurtbeger i Noreg.
Til slutt var me paa ein butikk a la Byggmakker. Kjopte meg lommekniv, som eg har hatt god bruk for sidan, og nye arbeidshanskar, for har allereie slitt hull paa dei eg hadde med meg.
So var det aa skyndte seg paa flyplassen og hente den andre traineen. Han heiter Cliff, er 24 aar og kom fra 40 varmegrader i Brasil. So han syns det var ganske so kaldt her ja, med 5 varmegrader. Engelsken hans er so som so, so har ikkje prata so mykje med han endaa, men han verkar triveleg og han ser ut til aa ta ting fort. Han skal ikkje bu i lag med familein, slik som eg, men i eit hus paa “Ruby place”.

Fredag kom den forste vanskelege lamminga… Me fekk ikkje lammet ut. Keisarsnitt vart vurdert, men slikt kostar gjerne meir enn sauen er verdt. So i dag tidleg forsvann den sauen…
Paa kvelden var me aa saag Callie opptre pa “kulturhuset”. Ho sang ein medley fraa “Sound of music”. Veldig flink! Det var diverse innslag med dans, sang og musikk, dei fleste av barn&ungdom. Mellom anna ein fireaaring som imiterte Elvis! Noko til greier altsaa, hihi!
Det er faktisk litt cowboyhattar aa sjaa, og ein god del cowboystovlar :) Ellers er klesstilen ganske lik den norske trur eg, iallfall hos ungdommen.
Ute aa aat etterpaa, i lag med foreldra til Deb og Craig. Stefaren til Deb har norsk far (som er dod no), so han kunne litt norsk, og var rett festlig ellers og :)
Han har forresten bursdag i dag, so me hadde bursdagskake til dessert i dag.
Paa veg fraa “kulturhuset” (the rec center) til resturanten satt eg paa med Deb, som vart stoppa av politiet faktisk. Deb kjorte litt for fort , og med politibil rett etter oss vart me stoppa. Men politidama var snill, vart ikkje bot. So daa har eg opplevd det og faktisk.

I ettermiddag fekk eg daa fri, sidan dei var so godt hjelpa i dag. Lurer paa ta meg ein sykkeltur etterpaa, kanskje inn til Belle Fourche.
Etterkvart vert det bilkjop paa meg. Men forst maa eg ta ein teoritest, for aa faa “South Dakota-lappen” (billigare forsikring daa) og no er me so opptatt med lamminga, so det vert ikkje riktig endaa. Men har jo kjort litt bil til no, det vil seie pick-up. Trur eg har kjort 6 forskjellege til no! Ser litt paa bilannonser i avisa, og steike!, bil er mykje billigare her enn i Noreg. 1-3 aar gamle store fine bilar til under 150 000 kr. (Til Asbjorn: 1971 Mustang Fastback, 351 Cleveland Auto. Needs bodywork. Comes w/ parts car. $4500.)

Forkjolelsen har vorte mykje betre. Har framleis ikkje faatt tak i ny straumkonverter. Veldig synd at batteriet paa kameraet er tomt, men men. Det vert ny og storre lamming i mai, so dei som ventar paa bilete av sote smaa lam faar vente til daa :) Men skulle gjerne hatt bilete av eit lam som var fodd me rare framfota (eit eller anna rart ved skuldra eller noko, “gjekk” paa heile foten).

No har vel sola komme heime og?!!

Hade bra!