søndag 25. mai 2008

Bilete i fleng

Laurdag fekk eg fri. Drog til Rapid City og svidde av noko dollar.
Det første, men ikkje det siste, paret med boots vart innkjøpt. Mykje fint å få!

Åt på ein mongolsk resturant. Der plukka ein det ein ville ha av grønsaker, kjøtt, nudlar og saus, so stekte kokken det på ei stor "takke" i enden av buffeten. Nam nam!

I natt overnattar Cliff og eg hos vertsfamilien til Renata, den brasilianske jenta me har vorte kjent me.
I morgon skal me vere me i kyrkja, før me skal heim å behandle sauar&lam som skal sendast på beite.
Anna kyrkje dette, Hilde. So endå er det håp ;)

Her i Spearfish, (kor eg eigentleg skal sove no) er det eit supert trådlaust internett. So no nyttar eg anledninga til å legge ut nokre fleire bilete.


Her er nokre av sauene med lamma sine, utanfor lammeløa.



Merkelegaste kvilestillinga eg har sett...


Forrige helg kom Callie heim med ei skilpadde, etter ei helg i Ekalaka i Montana.
Det er ei 'paint turtle'. Ho låg på rygg ein dag eg kom inn, so då var eg snar å ta bilete.



Her ser du nokre kyr på tunet på ranchen (the north place / up north). Me var der å brennemerka kalvar på tirsdag.


Og her ser du korleis brennemerkinga foregår. Vanlegvis er det Craig som merkar, men han var ikkje riktig klar endå her.
Eg held halen, for dei som lurer på kva eg gjer bak der :)


Cliff og eg tidlegare i kveld, på mongolsk resturant i Rapid City.

Dei siste dagane har vore veldig rolege. Fått anledning til å sendt pakker ;)
So no er eg opplagt og klar for meir jobbing.
Seier det no, men kanskje ikkje i morgon.. For dette vert ei kort natt, men men..

Håpar alle har det bra der heime! Savner dere!

1 kommentarer:

Anonym sa...

Hei. e i sarpsborg på kurs no.
Tenkte i måtte så korleis du ha det. Her e været strålende.
Var mange brae bilde, ska bli arti å komme bortover:) He hatt ut båten før i for nedover.

Hilsen Bror:)