Måndag gjor eg litt småjobbar her heime, før Cliff og eg reparerte gjerde etter lunsj. Elva hadde vaska vekk gjerdet på eit langt strekke, og første biten gjorde me altså på måndag. Resten brukte me heile tysdagen på. Det er stort sett Cliff som er sjåfør når me er ute på ”oppdrag”; han køyrer, eg søv ;)
Her er det piggtråd det går i når me gjerdar. Somme plassar er det firkantnot med ein toppstreng over, men mest er det 4 eller 5 høgder med piggtråd. Eg har vel rett når eg seier at det ikkje er lov å bruke piggtråd lenger i Norge?

I dag, onsdag, er det høy det har gått i. Etter morgonfôringa lempa me firkantballane på ei attlege her, på pickup og hengar. Dvs jenta fekk køyrejobben… Etterpå barst det opp til ranchen med lasta. Etter lunsj var det litt meir lemping av firkantballar, deretter flytta me rundballar. Cliff lasta dei på F-600`n, medan eg køyrde og dumpa dei der dei skal ”stakkast”.

Varmt! i dag! I alle fall å setje seg inn i lastebilen som har svart ”skinn”sete. Den svarte gummien på rattet smitta av, samtidig som svetten sila, so eg såg vel mest ut som ein feiar etter kvart i fjeset. Eg har eigentleg ingen gradestokkar å kike på, men meldingane har sagt 30-34 grader celsius i det siste. Men i helga skal det visstnok bli ned mot 24 grader, meir passande det syns eg :)
I morgon skal me opp til ranchen og vere der nokre dagar (til over helga?). So då vert det forhåpentlegvis litt ridning på meg, byrjar å bli ei ri sidan sist no.
Glemte å seie at det var traktorpulling på ”the fair”, so no har eg fått sett det og. Det var noko tull med programmet, so det var ingen speaker der. Derfor veit eg ikkje noko om vektene og slik. Men her er iallfall eit bilete av ein ekvipasje. Traktorane dei hadde var m.a. Case, Allis-Chalmers og International og McCormick.
Katten Sunrise fekk kattungar igjen denne veka, 6 stk denne gongen. I går fann eg ein annan av kattane død ute i rødløa. Ash, eine hunden, har fått skulda for den ugjerninga.

På Ruby place spankulerar det påfuglar rundt heile tida. Her er nokre fjør eg plukka opp og foreviga. Det er berre ein gong eg har sett fjørpynten ”oppslått”, men det var bakfrå so fekk ikkje sett det på ”ordentleg”.

Her er bekrane lykkelege over å få nytt høy. Eine bekren hadde ei dårleg auge, so han vart halden heime etter at han fekk ei antibiotikasprøyte i augeeplet. Dei to andre er tilfeldig valde ”selskapsherrer”.

Her har me sett opp ny fôrhekk til sauane. Tidlegare fekk dei ein firkantball kvart mål, inne i løa. So no slepp eg å styre med den, og heller sørgje for at dei når tak i rundballen.

I morgon skal alle kastratkalvane seljast på auksjon. Dei går sjølvsagt ute på beite i lag med mamma`n sin endå, men dei vart filma i juli. Det er eit stort opplegg i Sheridan, Wyoming denne veka. Salskatalogen er tjukk som ein Ellos-katalog. Auksjonane vert sendt på fjernsynet. Kalvane frå kvar produsent har ei estimert gjennomsnittsvekt, som er vekta kjøparane byr på. Dei betalar pr pound. Dei betalar 3 % no, og resten når kalvane vert levert. Kalvane herifrå skal leverast i oktober. Dersom den faktiske vekta avvik frå den estimerte forandrar prisen seg, men det vart litt for innvikla for meg til at eg huskar det. Eg trur kastratkalvane herifrå er estimert til 590 pound.
Fekk akkurat no telefon frå Ken&Renee, foreldra til Josh som eg vart litt kjent med. Denne helga er det bilutstilling og konsertar i Deadwood. So dei lurte på om eg hadde lyst å vere med. Men spørs om det går sidan plana er å vere oppe på ranchen i helga...men er jo råd å spør... Det hadde vore fole artig iallfall! Mykje gamle amerikanera...svere greier :)
0 kommentarer:
Legg inn en kommentar