lørdag 8. november 2008

Snø...

Laurdag i dag, og det vart ein roleg dag for meg.
Ein familie som brukar å vere her kvart år og jakte kom i går. Dei tok turen opp på ranchen i dag, samtidig som resten av huset her drog opp for å sjekke sauene etter snøvêret. Eg vart heime for å gje Dan medisinen sin til fast tid (og litt anna småplukk).
Ved lunsjtider ringte Deb og måtte ha tak i Craig&bobcat`n (han var ikkje reist oppover likevel). For det var mange sauer fast i snøen, både levende og døde... Eg fann ikkje Craig nokon stad og fekk ikkje tak i Deb igjen heller. So reknar med alle mann oppe der har stått/står og graver ut sauer!
I solidaritet so måka eg rein ein garde i rødløa. Hadde vel vorte mi oppgåve før eller seinare likevel.

I går starta dagen med at Craig brøyta vekk skavelen som hadde lagt seg over vegen ved verkstaden, slik at det vart råd å komme seg "tå garden".
Etter lunsj drog me opp til ranchen for å sjekke ståa der. Kyrne hadde lagt ned gjerdet i eit hjørne og komme seg inn i eit anna beite, men me fekk jaga dei tilbake. Tre av kyrne var "fanga" i eit hjørnet av dette andre beitet pga djup snø. Me laga eit trakk e$md hestane, so det ordna seg.
Når me skulle dra igjen so stod pickup&hestehengar fast... Men etter mykje om og men kom me oss heimover! Eg stod i ro og holdt hestane; ull innerst er alltid suksess.

Dei fleste stader ser ein graset på attlegene, so det ser ikkje ut til at det har komme noko særleg med snø. Men fordi det er forholdsvis flatt og det bleste slik so la det seg skavlar her og der, som gjorde somme vegar uframkommelege.
Interstate 90 var stengt ei god stund. So det hopa seg opp med store trailerar i Belle Fourche. Alle store parkeringsplassane var fulle, + at dei hadde byrja å parkert langs gatene. Det er sesong for salg av kalvar no, so mange av trailerane hadde kalvar som last.

Takke meg til traktor&skjere på kvart eit tun, og piggdekk :)

2 kommentarer:

Anonym sa...

Hei
Det er vel siste arbeidsdag i dag! No e det bare turistdelen av oppholdet som igjenstår. Håper dere får noen fine uker på tur. Gler oss veldig til du kommer hjem. Klem fra tante Svanhild

Anonym sa...

No e treng du ikkje arbeide på æi ri, sekkert litt vemodig å var ferdi. Men dåkker går noken spennende uker i møte.Fer håpe vært blir betre enn d he vore dei siste dagan der borte. Go tur, ska bli kjekt når du kjem hæm.

Hilsen Bror og Marita.